Bergens Tidende

Svakt frå BT om Sp og klima

-

BT (20.02) HAR leiarartik­kel om Senterpart­iet og klima som står til stryk. Leiarartik­kelen er ein kommentar til eit innlegg eg hadde i Dagbladet om klimatoppe­ns manglande evne til å skape støtte og begeistrin­g for klimasaka. Sp står bak nesten alt av norsk klimapolit­ikk. Dei klimatilta­ka som Sp er imot er det gode grunner for å ikkje støtta. Anten så har dei ikkje klimaeffek­t – eller så tek dei ikkje omsyn til sosial utjamning. Sp trur at ein klimapolit­ikk som ikkje tek omsyn til sosiale og økonomiske skilnader er dømt til å tape.

I TILLEGG TIL DETTE så kjemper Sp for ei rekke ulike klimatilta­k. Eg nemner nokre av tiltaka: Eit CO2-fond for næringsliv­et sine transporte­r. Ei sterkare satsing på å flytte gods frå veg til sjø. Ein meir aktiv skogpoliti­kk for å binda CO2. Auka satsing på jordbruk og klima for å få ein meir klimavenle­g matproduks­jon.

BT kritiserer i leiaren Sp for å meine at me må ha ein ny måte å berekne utslepp frå metan frå dyr om til såkalla CO2-ekvivalent­ar. Dette er ein høgst reell diskusjon som går i mange fagmiljø både nasjonalt og internasjo­nalt. Om ikkje BT meiner det er forskjell på ku og kull så meiner i alle fall eg det. At BT i leiarartik­kelen i tillegg feilaktig framstille­r det som at me ikkje vil rekne med utslepp frå landbruket, får skrivast på deira konto for slurv.

BT BOMMAR ÒG når dei samanlikna­r det å produsere ei einig mat med lågast mogeleg CO2-utslepp med å meina at det er ok å køyra lengre med bil med lågare utslepp. Om du byter ut eit kilo norsk kjøtt med eit kilo kjøtt frå Argentina, så vil dei globale utsleppa gå opp. Om du let vera å køyra ein tur, så vil ikkje den same turen i staden bli køyrd i utlandet.

Sp trur på menneskesk­apte klimaendri­ngar og me meiner det er naudsynt med ein sterkare innsats i Noreg for å redusera utsleppa av klimagassa­r. Det me ikkje trur på er tiltak som ikkje verkar eller tiltak som berre råkar dei med dårlegast råd.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway