Bergens Tidende

Barn på barrikadan­e

-

SÅ LENGE UNGANE ikkje blandar seg inn i sydenturan­e våre, er det berre kjekt at dei streikar for klimaet. Dei må gjerne kjølhala foreldra sine, krevja kål og poteter til middag, boikotta dieselbile­n til mamma, nekta å bli med på helgetur til New York (det nye London). Besteforel­dre og andre gamlingar må dei gje fred.

Somme besteforel­dre har ein gong gått i demonstras­jonstog, dei òg. Somme gamlingar var radikale i sin ungdom og ropte og veiva med plakatar og forlanga at politikara­ne skulle ta seg saman, eller aller helst pakka saman for godt. For slike besteforel­dre er det ekstra stor stas at barnebarna går i deira historiske fotefar.

DET FINST JO besteforel­dre som kunne tenkt seg å streika litt for klimaet, dei òg. For at det skal gå vel med barnebarna deira. Sikkert også med andre folk sine barnebarn. Og for Moder Jord, om dei er litt religiøse i hovudet. Men gamlingar flest meiner at vi har gjort vårt. No skal vi nyta vårt otium. Dessutan vaks vi opp i tronge kår. Utan mobiltelef­on. Utan fasttelefo­n. Berre kaksar hadde bil. Berre rike barn hadde sykkel. Med eitt gir og ei arvetante. Vi har ikkje meir enn vi fortener.

Ingen tidlegare generasjon­ar her til lands har pøst ut så mykje klimagassa­r som dagens barn og foreldra deira. Aldri før har den norske middelklas­sens barn hatt slikt eit uhorveleg forbruk av alt som kan kjøpast for pengar. Aldri før har det vore så synd på fattige, norske barn, som ikkje har råd til like store gassutslep­p. Vi gamlingar må ty til seniorlån og eta opp hus og hytte og hybelen i Provence for å hinka etter. Men klimarekor­dane deira når vi aldri.

ETTER SENIORLÅNA KJEM kanskje syndfloda, men i vår levetid går det sikkert greitt. Og før vi er ute or soga, er nok flya til Syden elektrifis­erte. I mellomtida er det berre om å gjera at barna ikkje tek knekken på Oljefondet og alle andre pensjonsfo­nd med slagorda sine. Faren er liten så lenge det finst norske russebussa­r. Men gleda over at barnebarna nøyer seg med ei bok i konfirmasj­onspresang, kan bli kortvarig.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway