Bergens Tidende

HURTIGRUTE­N: Det vil vere eit stort tap om nyttetrafi­kken må stå att på kaia når Hurtigrute­n legg frå land.

Hurtigrute­n kan ikkje berre vere ein cruisebåt. Folk og næringsliv må kunne kome seg fram.

-

HURTIGRUTE­N, SOM I framtida også skal heite Kystruten, er eit av dei mest kjende reiselivsp­rodukt ai Nore g. Men Hurtigrute­n er meir enn berre rekreasjon. På Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg er Hurtigrute­n ein vesentleg del av infrastruk­turen, men no kan bildekka forsvinne frå skipa. Det vil gjere det vanskelega­re for nyttetrafi­kken.

Dei store skipa kryssar fjordar og havstrekni­ngar i både storm og stille. Det er nettopp denne kombinasjo­nen av turisme og nyttetrans­port som gjer Hurtigrute­n så spesiell.

I 2021 GÅR dagens anbodsperi­ode ut, og Havila Kystruten AS blir ein av operatøran­e. Deira skip vil vere utan bildekk om bord. Den andre operatøren, Hurtigrute­n, er framleis i tenkjeboks­en, melder Lofotposte­n.

Hurtigrute­n opplyste sist veke til Lofotposte­n at det er mellom 25.000 og 30.000 som tek med seg bilen på Hurtigrute­n. Men krav til bilkapasit­et har ikkje vore ein del av anbodskrav­et, og dermed kan Hurtigrute­n stå utan bildekk i framtida.

Det vil vere eit stort tap om nyttetrafi­kken må stå att på kaia når Hurtigrute­n legg frå land.

2. JULI 1893 starta Hurtigrute­n opp på strekninga mellom Trondheim og Kirkenes, og sidan 1907 har Bergen vore utgangspun­kt for den tradisjons­rike reisa.

Sjølv om fjordane på Vestlandet er godt dekte med bilferjer, er Hurtigrute­n alternativ­et om du vil ta med bilen over lengre avstandar. I nord er dette den einaste måten å krysse fjordane på.

SV-representa­nt Mona Fagerås har no stiltspørs­mål til samferdsle minister Jon Georg Dale( Frp) i Stortinget. Fagerås peikar òg på at somme stader i Noreg er Hurtigrute­n i realiteten einaste omkøyrings­veg om fjellove rgangane er stengde.

STATSRÅDEN BØR GÅ i dialog med dei to selskapa som har vunne anbodet for neste periode for å sjå om det finst gode løysingar her. Det er ikkje lett å endre eit anbod som allereie er inngått.

Det vil vere eit stort tap om nyttetrafi­kken må stå att på kaia når Hurtigrute­n legg frå land.

Dale bør likevel kunne appellere til selskapets gode vilje. Kysten og Hurtigrute­n treng kvarandre.

EIT AV HURTIGRUTE­NS kjælenamn har vore «kysten riksveg». No kan den riksvegen bli bilfri. Forstå det den som kan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway