Bergens Tidende

Johan Sverdrup redda Stord frå permitteri­ngar og arbeidsløy­se

- ÅDNE LUNDE adne.lunde@bt.no foto EIRIK BREKKE

Johan Sverdrups hotellplat­tform, ei kjempe i stål og aluminium, er snart klar for 50 år i Nordsjøen. Tre mann må få styr på to parabolant­enner og ein kabel med feil kopling.

– Utan fjernsyn blir det mytteri. Det er nesten viktigare enn at plattforma flyt, seier Tore Nævdal. Han er arbeidslei­ar for elektro.

Verftet, som no h eiter Kværner Stord, har hundreårsj­ubileum i år. I 40 av dei har Nævdal vore med på opp- og nedturar. Som så mangeandre sunnhordle­nding ar har han henta levebrødet i hjør- nestein sbedrifta på Eldøyane. Før Johan Sverdrup såg det mørkt ut for verftet, og for Stord.

Kontrakt etter kontrakt gjekk til utlandet. For landets mest oljeavheng­ige kommune medførte det oppseiinga­r, permitteri­ngar og ei arbeidsløy­se på fem prosent. Så kom Johan Sverdrup og snudde nedtur til opptur. No er arbeidsløy­sa to prosent.

– Me er svært stolte over det me held på med, seier Nævdal.

Me står på plattforma­s helikopter­dekk. Løftar han blikket, ligg snødekte kvinnh eradsfjell i aust. Innover land, mot vest, ligg velpleidde villaområd­e som glir over idet grøne, små kuperte jordbruks landskapet.

Og midt i denne postkortva­kre vestlandsi­dyllen, tung industri, stål, aluminium, fabrikkhal­lar, kranar, 1600 fast tilsette, og like mange innleigde arbeidarar.

Ut s egling s konsert

I helga var det «Sail away»-konsert for heile stordsamfu­nnet på verftet. Alt var då klappa og klar for ein maritim operasjon utanom det vanlege: Plattforma stod på bein av stål på ein lekter i tørrdokken. Sakte vart dokken fylt med vatn, før lekteren vart slept ut i rom sjø. Der vart hotellet på 18.000 tonn, med 560 ferdig oppreidde senger, på ufatteleg vis løfta over på tungløf tfartøyet «Pioneering Spirit». Så skal heile installasj­onen ut i Nordsjøen til Johan Sverdrup-feltet, og løftast over på plattformb­ein som alt står og ventar. Dette gjekk bra i fjor sommar då boreplattf­orma til Johan Sverdrup vart transporte­rt på same vis. Verftet er rusta for eit nytt ingeniørfa­gleg kunststykk­e.

Rett i kontakten

– Alt er fiks ferdig, det er plug and play. Ute i havet, er det berre å kopla bustadplat­tforma til resten av Johan Sverdrup med gangbruer. Gjennom kontorets panoramavi­nd au g aser kværn erdirektør­en, Steinar Røgenes, stolt rett ut på det siste storverket frå verftet på Eldøyane. Nokre delar kjem frå Polen, aluminiums­delen på toppen er frå Leirvik A/S på andre sida av Vikjo, sentrum i Stord kommune. Men alt er planlagt og sett saman her, og alt er ferdig til rett tid. Alt har gått som smurt. Alt har gått etter planen.

Snart er plattforma borte. Det er litt vemodig, men det var langt verre om den ikkje vart ferdig i tide, og låg her på overtid. Og så får Røgenes fjellutsik­ta tilbake, der han sit og jobbar med nye kontraktar.

– Me må ha ein industri som produserer noko, slår han fast.

Og her er det store tal som tel: Ifølgje Røgenes har verftet kjøpt varer og tenester i Sunnhordla­nd for 22 milliardar kroner dei siste

 ??  ??
 ??  ?? GENERALPRØ­VE: Kontrollro­mmet er hjarta og hjerne for heile Johan Sverdrup. Frå venstre: Bent Morten Steinsland frå Kværner, Kristoffer Stanger og Fillip Østgård frå Kongsberg Maritime gjenlei siste testane av systema om bord
GENERALPRØ­VE: Kontrollro­mmet er hjarta og hjerne for heile Johan Sverdrup. Frå venstre: Bent Morten Steinsland frå Kværner, Kristoffer Stanger og Fillip Østgård frå Kongsberg Maritime gjenlei siste testane av systema om bord

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway