Høie må rydde opp
Tilgangen til å klage på kreftmedisin-nei må vere minst like stor som den er til å klage på eit garasje-avslag.
REGJERINGA HELD FRAM med å kjempe for eit skadeleg hemmeleghald på norske sjukehus. No påstår Helse- og omsorgs departementetat Beslutnings forumfornye m et o da rik kjeer ei t offentleg organ. Det er denne gruppa som tar stilling til bruken av nye legemiddel på norske sjukehus.
Denne finta frå Bent Høies (H) departement får store praktiske konsekvensar. Tolkinga deira gjer at Forvaltningslova ikkje gjeld for dette organet, noko som gjer at pasientar ikkje kan klage på vedtak.
Det er ein grunnleggjande rett i den norske forvaltninga.
REGJERINGA KAN IKKJE gøyme vekk og hindre borgarane innsyn og påverknad på så viktige avgjersler som Beslutningsforum står for.
Det handlar om kven som skal få nye medisinar og kven som ikkje skal få det. For nokon er det eit spørsmål om liv og død.
Slike prioriteringar er viktige, blant anna for å presse ned prisane på legemiddel. Dei store farmasiselskapa skal ikkje få diktere prisen.
Men at prioriteringane er viktige, er ikkje eit argument for å halde prosessen skjult, eller kutte ut vanleg demokratisk påverknad og klagetilgang. Heller tvert imot.
Denne demokratiske retten blir berre viktigare, dess større konsekvensar vedtaket har.
I dag kan du enkelt klage dersom du får avslag på bygging av ei bod eller ein balkong. Høvet til å klage inn eit avslag på ein kreftmedisin bør vere minst like stor.
FORKLARINGA TIL HELSE- og omsorgs- departementet held ikkje vatn, og står i motstrid til tekstar som departementet sjølv har publisert.
I STORTINGSMELDING 34 (2015–2016), står det derimot at Beslutningsforum er «et nasjonalt system» med «delegert myndighet fra de regionale helseforetakene».
Dei regionale helseføretaka er offentlege organ, der forvaltningslova gjeld. Det offentlege helsevesenet kan ikkje unndra vedtak frå innbyggjarane ved å delegere dei til nye organ.
Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt er soleklar i si vurdering, at Beslutningsforum er dekka av Forvaltningslova § 1, som «organ for stat».
Forklaringa til Helse- og omsorgs departementet held ikkje vatn.
NO MÅ HØIE rydde opp. Det norske helsevesenet er hans ansvar, noko som gjer han ansvarleg for at departementet hans undergrev pasientar og befolkningas demokratiske rettar.