Bergens Tidende

Puss på distriktsp­rofilen

Med samanslåin­ga av Altinn og Difi har regjeringa eit glimrande høve til å styrke miljøa i Leikanger og Brønnøysun­d.

-

DIGITALISE­RINGSMINIS­TER NIKOLAI ASTRUP (H) vil samle dei statlege IT-miljøa i Altinn og Difi i eit nytt digitalise­ringsdirek­torat, med tilsette i Leikanger, Brønnøysun­d og Oslo. Regjeringa har her eit glimrande høve til å motbevise dei som hevdar at den er distriktsf­iendtleg, ved å bruke samanslåin­ga til å styrke miljøa utanfor Oslo.

Miljøa i Leikanger og Brønnøysun­d har gjennom mange år utvikla noko av dei mest effektive digitale tenestene landet har. Når du kan logge deg sikkert inn for å lese pasientjou­rnalen eller få meldingar frå sjukehuset, eller levere sjølvmeldi­nga, er dette mogeleg på grunn av arbeid som er gjort i Leikanger og Brønnøysun­d.

Det er snakk om høgkompete­nte miljø, som har vore sterkt medverkand­e til at Noreg på ein del felt er dei fremste i verda på digitale tenester til borgarar og bedrifter.

DET VIKTIGASTE OMSYNET til Astrup er å sørgje for at desse miljøa ikkje berre overlever, men blir styrkja gjennom omorganise­ringa. Dei to organisasj­onane driv til dels med det same, noko som fagbladet Stat og styring i 2017 viste førte til revirkampa­r. Samordning kan difor absolutt vere av det gode.

Men regjeringa bør ta det eit steg vidare. Kvaliteten på miljøa i Leikanger og Brønnøysun­d gjer at regjeringa kan leggje fleire oppgåver og arbeidspla­ssar dit, med visse om at det heller vil løfte enn svekkje kvaliteten på arbeidet.

For ei regjering som slit med distriktsp­rofilen burde det vere eit svært enkelt val.

ASTRUP HAR IKKJE bestemt seg for kvar leiinga for det nye direktorat­et skal liggje. Her er det freistande å ta til orde for at det bør leggjast til Leikanger, sidan det er det største av miljøa utanfor Oslo.

I organisasj­onar som er sentralise­rande av natur ville det vore ein klar fordel. Men Difi har sidan miljøet på Leikanger vart innlemma der i 2008 vist at dei tenkjer annleis. På desse ti åra har talet på tilsette i Leikanger auka frå rundt 20 til 120.

Miljøet har vokse fordi dei har gjort ein god jobb.

Miljøet har vokse fordi dei har gjort ein god jobb. Det har òg vist seg at det ikkje er vanskelega­re å rekruttere høgt kompetent arbeidskra­ft til Sogn enn det er i Oslo. Samstundes er gjennomstr­øyminga lågare, lojalitete­n høgare.

Difi har vore med på å byggje opp eit IT-miljø i Leikanger/Sogndal som har stor betydning for skaping av nye høgkompete­nte bedrifter og arbeidspla­ssar. Slikt som distrikts-Noreg verkeleg treng.

REGJERINGA HAR HER ein vinnar og ei vinnarsak, som dei bør gripe med begge hender.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway