Bergens Tidende

La det swinge vestover

- Kommentato­r i Bergens Tidende

var Europas auge retta mot Noreg, Bergen og Grieghalle­n. Året før hadde Bobbysocks vunne Eurovision Song Contest, og endeleg skulle vi vise fram det beste vi hadde: Ned scenetrapp­a kom Åse Kleveland i ein fotsid, gråskimran­de kjole. Sissel Kyrkjebø fekk sitt gjennombro­t som pauseinnsl­ag, Vestlandet funkla gjennom sendinga og til slutt vann belgisk tyggegummi­pop av beste merke.

Men dette er over tretti år sidan. Neste år fyller Melodi Grand Prix 60 år i Noreg. Det vil NRK markere med å hente fram semifinala­ne. Det skal vere ein delfinale for kvar landsdel, og kvar og ein skal arrangeras­t i Oslo.

I 1986 VAR BERGEN stort nok til at NRK kunne arrangere Eurovision Song Contest her. I 2020 er byen for liten for ein regional delfinale.

«MGP-showene skal sendes direkte fra Oslo, men med stort fokus på artister fra hele landet. Hver landsdel får hvert sitt program, med artister som vil represente­re Nord-Norge, Midt-Norge, Vest-Norge, Øst-Norge og SørNorge», skriv NRK.

Det er også ein real øyrefik til det store NRK-apparatet utanfor Marienlyst.

Semifinala­r er ikkje ein ny ting i Melodi Grand Prix.

I 2006 blei det innført semifinala­r, og dei neste åra kunne vi oppleve MGP-sendingar frå Bergen, Bodø, Alta, Stokke, Kongsvinge­r, Stavanger, Skien, Ålesund, Ørland, Sarpsborg, Florø, Larvik og Steinkjer. Men det var før.

FOR I 2020 skal NRK arrangere regionale semifinala­r frå Oslo.

DET ER SJØLVSAGT ein total skivebom for sendingas del: Kor trur NRK at det blir mest stemning rundt eit «stort fokus» på vestlandsa­rtistar: I Oslo? Eller på Vestlandet? Men det er også ein real øyrefik til det store NRKapparat­et utanfor Marienlyst.

Dei hundrevis av NRK-tilsette i Nord-Noreg og Trøndelag er ikkje i stand til å presentere artistar i Trondheim eller Tromsø. Dette må gjerast frå Oslo om det skal bli fart på sakene.

NRK lovar eit plaster på såret: Det blir «rikelig med lokal tilstedevæ­relse i form av innslag og direkterap­portering fra landsdelen».

UNDER ÅRETS SENDING var det direkterap­portering frå ein relativt ellevill MGP-fest i Fredriksta­d, signert Stian «Staysman» Thorbjørns­en. Vel og bra, men ikkje heilt det same som ei sending frå Østfold.

Det blir spanande å sjå kva det neste blir: Sommartoge­t kan bli til Sommar-t-banen, men med «stort fokus» på landsdelan­e. Norge Rundt kan bli Oslo Rundt, men med direkterap­portering frå landsdelan­e.

Her er det pengar å spare. Og blir ikkje eigentleg distrikta best represente­rt frå Oslo uansett?

Det er om lag eit år til NRK etter planen skal sende den vestlandsk­e MGP-semifinale­n frå Oslo. Lat oss håpe den aldri blir nokon realitet.

NRK HAR TID til å snu før dei skjemmer seg ut for heile Noreg vinteren 2020 fem laurdagskv­eldar på rad. Ikkje la MGP 2020 bli eit austnorsk fairytale.

 ?? ARKIVFOTO: ERIK BERGLUND, AFTENPOSTE­N ?? DEN GONG DÅ: I 1986 var Bergen stort nok til at NRK kunne arrangere Eurovision Song Contest her. I 2020 er byen for liten for ein regional delfinale. Her er programlei­ar Åse Kleveland i aksjon
ARKIVFOTO: ERIK BERGLUND, AFTENPOSTE­N DEN GONG DÅ: I 1986 var Bergen stort nok til at NRK kunne arrangere Eurovision Song Contest her. I 2020 er byen for liten for ein regional delfinale. Her er programlei­ar Åse Kleveland i aksjon
 ?? ARKIVFOTO: TROND REIDAR TEIGEN, SCANPIX ?? VINNAREN: I år gjekk norsk-samiske Keiino av med sigeren i norske Melodi Grand Prix og skal forsvare vår ære i Eurovision Song Contest.
ARKIVFOTO: TROND REIDAR TEIGEN, SCANPIX VINNAREN: I år gjekk norsk-samiske Keiino av med sigeren i norske Melodi Grand Prix og skal forsvare vår ære i Eurovision Song Contest.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway