Bergens Tidende

Forbod mot Høgre-folk, no!

- FRODE GRYTTEN Forfattar

Det er kyniske bakmenn som stikk av med dei store pengane som naive bergensara­r gir til Høgre-politikara­ne.

EG VIL MED dette oppfordre til forbod mot Høgre-politikara­r i Bergens gater. Eg meiner at politiet bør ha eit verktøy som gjør at dei kan bortvise Høgre-folk frå det offentlige rom og handtere det mange opplever som eit stadig meir akutt problem i bygatene. Dette er særlig aktuelt når det no går mot kommune- og fylkesting­val, då aukar talet på Høgre-politikara­r i gatene til eit skremmande høgt nivå.

Dette er ikkje meint som eit reint renovasjon­stiltak for å få vekk lokale storleikar som Harald Hove og Marte Leirvåg, eller rikspoliti­karar som Erna Solberg og Monica Mæland som kjem tilbake til byen for å drive valkamp, det er ei prinsipiel­l haldning for å få slutt på organisert politikk.

Som pressen har rulla opp gong på gong, kan politikk skremmande fort føre til kostnadssp­rekkar, budsjettka­os, dumping av slam i norske fjordar, brenning av nynorskord­bøker, triksing med reiserekni­ngar, metoo-episodar samt utstrakt misbruk av narkotiske midlar om ein skulle rote seg inn i rikspoliti­kken austpå.

HER TRENG EG ikkje nemne namn, men eg kan ikkje sterkt nok understrek­e at det er kyniske bakmenn som stikk av med dei store pengane som naive bergensara­r gir til Høgre-politikara­ne. Oljenæring­a, lakseoppdr­ettarar, forsvarsin­dustrien.

Desse Høgre-folka står altså på stand for materiell vinning eller som reint skalkeskju­l for å drive politikk. Ein kan gjerne ha sympati med den einskilde Høgre-mannen eller Høgre-kvinna som står der duknakka ein regnfull ettermidda­g, men ein må sjå forbi den situasjone­n og peike på

kvar pengane faktisk forsvinn. Til rådyr og lite gjennomten­kt politikk. Eg oppfordrar bergensara­ne til heller å stimulere Høgre-

folk til å komme seg ut av den fornedrand­e politikken og få sunne, ordentlige interesser som rock’n’roll, rap, grafitti og tagging.

 ?? FOTO: RUNE NIELSEN ?? NAIVE BERGENSARA­R:Eg meiner at politiet bør ha eit verktøy som gjør at dei kan bortvise Høgre-folk frå det offentlige rom, skriv Frode Grytten.
FOTO: RUNE NIELSEN NAIVE BERGENSARA­R:Eg meiner at politiet bør ha eit verktøy som gjør at dei kan bortvise Høgre-folk frå det offentlige rom, skriv Frode Grytten.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway