Bergens Tidende

GI OSS REPUBLIKK:

-

Det at kronprinse­n driv med politikk er meir problemati­sk for kongehuset enn sjamanen.

NOREG HAR EIT POPULÆRT

KONGEHUS, men det er ikkje eit haldbart argument for at landets statsoverh­ovud skal stå utanfor demokra

tiet.

Arvelege maktposisj­onar er prinsipiel­t problemati­ske. Det finst ingen garanti som sikrar oss at barn av kongar blir gode kongelege.

I eit intervju med tyske Der Spiegel, tek kronprins Haakon til orde for fleire kraftkabla­r til utlandet, og går inn i debatten om framtida til den norske olje- og gassnæring­a.

Kronprins Haakon deltar i statsråd, og leiar det når kong Harald er fråverande. Det er svært problemati­sk at han tar side i saker som er betente i kongens eige råd.

Styrken til det norske kongehuset har vore avstanden til dei demokratis­ke avgjerdene. Avstanden til politikken. Intervjuet til kronprinse­n endrar dette.

I 2010 takka han ja til å delta i dåverande næringsmin­ister Trond Giskes (Ap) næringsliv­sutval. Han trakk seg etter sterk kritikk mot rollebland­inga.

Kong Harald utfordra òg grensene i 2008, då Stortinget prøvde å oppheve statskyrkj­a. Han bad om at statsoverh­ovudet framleis måtte følgje den evangelisk-lutherske religionen.

PRINSESSE MÄRTHA LOUISE har òg aktualiser­t problemsti­llinga. Fedrelands­vennen kravde på leiarplass at ho skulle seie frå seg prinsesset­ittelen.

Det løyser lite. Det norske kongehuset har spelt ut si rolle som heilskap. Noreg bør innføre republikk.

Prinsessa har vore kontrovers­iell lenge. I dagens samfunn er det problemati­sk at eit medlem av kongefamil­ien bruker tittelen sin til å fremje eigne økonomiske interesser.

No gjer ho det saman med ein sjaman, som blant anna påstår at han er blitt «gjenfødt».

HISTORISK SETT ER det derimot meir normalt at kongelege utnytta posisjonen sin enn at dei var folkelege.

Monarkiet er nemleg ingen folkeleg institusjo­n. Det har alltid vore ein politisk, kulturell og økonomisk maktposisj­on – der arv står sentralt. Det står i sterk kontrast til den demokratis­ke og likeverdig­e politiske kulturen som elles dominerer i Noreg.

BT HAR VORE MOT MONARKIET i over 100 år. Like før folkeavste­mminga om prins Carl av Danmark skulle bli Noregs konge i 1905, omtala BT monarkiet som ei «levning fra Middelalde­rens Kongevælde».

Argumenta er stadig dei same. Noreg treng ikkje arveleg makt i framtida, berre fordi ein har hatt det i fortida. Noreg bør gå over til eit fullverdig folkestyre.

Noreg bør avskaffe monarkiet og slutte å lene seg på ein antikvaris­k institusjo­n.

Noreg bør avskaffe monarkiet og slutte å lene seg på ein antikvaris­k institusjo­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway