Bergens Tidende

Samlar nynorskens gullrekke

Etter 28 år i forfattars­tolen kjenner Brit Bildøen seg klar for ein fest. Det blir ein lite maskulin affære.

- ERIK FOSSEN erik.fossen@bt.no foto ALICE BRATSHAUG

– For meg har fest, moro, overskridi­ng og humor alltid vore del av litteratur­en. Det vil eg gjerne få fram no, seier Brit Bildøen.

Etter ei lang og innhaldsri­k karriere, har årets festspeldi­ktar dei siste åra fått eit gjennombro­t med to romanar om det ho kallar «sorgarbeid og traumatisk­e saker». Medan «Sju dagar i august» (2014) handlar om eit par som mista dottera på Utøya, beskriv «Tre vegar til havet» (2018) ei kvinne som tørnar då ho og mannen ikkje får fornya adopsjonsl­øyvet.

Nynorskens «Gullrekke»

Under Dei litterære festspela denne helga, gjev forfattare­n frå Aukra likevel mest plass til litteratur­ens lettare sider. På laurdagens «Boksjov» skal Linda Eide leie moroa, medan Bildøen og Rune Klakegg gjev smakebitar frå si kabaret om forfattare­n Gertrude Stein og sambuaren Alice B. Toklas.

Fredag samlar Bildøen det ho har kalla «Gullrekka» – Marit Eikemo, Ruth Lillegrave­n, Agnes Ravatn og Olaug Nilssen – for å snakka ut om livet som kvinneleg nynorskfor­fattar. Det har visst ikkje berre fordelar.

– Å vere kvinne og skrive på nynorsk blir på ein måte sett på som ein marginalis­ert posisjon. Eg vil snu på det og seie at vi tilhøyrer ei ganske eineståand­e gruppe: Desse damene har klart å bryte lydmuren og nå fram til publikum, seier Bildøen.

Oppgjer med stereotypa­ne

For Bildøen er dei fire gjestane del av den nynorskblø­minga som Kjartan Fløgstad for nokre år tilbake omtalte som «eit sant mirakel». Sjølv kan ho smykke seg med Nynorsk litteratur­pris for 2018.

Mykje har skjedd sidan ho debuterte med ei diktsamlin­g i 1991 og den første romanen året etter. Den gong var det heilt vanleg at journalist­ar spurde kvifor ho skreiv på nynorsk, som om det var noko sært. Kvinnelege forfattara­r møtte dessutan ei rekke fordommar.

– Det har vore ei førestilli­ng om at kvinner skriv om kvinneting, medan menn skriv om alt anna, seier ho.

I essayboka «Litterær salong» (2009) tok Bildøen eit oppgjer med kjønnsfors­kjellane på litteratur­feltet, og hylla ti av sine forfattars­ystrer. Ho syslar med tanken på ein oppfølgjar, men er glad for at situasjone­n er annleis no.

– Det er blitt større medvit rundt temaet. Og det er ikkje til å ignorere at vanvittig mange sterke, nye kvinnelege forfattara­r har kome på banen, seier Bildøen.

– Det er også blitt større medvit om at det berre var menn som fekk store stipend og prisar. Ting har blitt mykje betre, då går det an å feira litt.

Meir politisk, meir personleg

Gjennom åra har Bildøen bidratt til litteratur­feltet som biblioteka­r, manuskonsu­lent, omsetjar, kritikar og spaltist. No kjennest tida rett for å feire sitt eige forfattars­kap.

– Dei to siste romanane har fått veldig mykje merksemd og blitt godt motteken. Eg føler at eg når ut til stadig fleire lesarar. – Har du knekt ein kode?

– I dei to siste bøkene har eg skrive meir direkte om ting folk kan relatere seg til. Meir politisk og samfunnsor­ientert, men også meir personleg. Men eg føler også at eg har bygd forfattars­kapet stein på stein, over lang tid.

I «Litterær salong» knyter Bildøen kvar forfattar til ein litterær dyd, frå råskap (Amalie Skram) til spirituali­tet (Doris Lessing). Kva dydar har ho sjølv hatt nytte av som forfattar?

– Stormannsg­alskap, som Gertrude Stein. Det er ikkje akkurat noko eg er fødd med, eg er ein ganske stillferdi­g og beskjeden person – men eg har hatt noko å lære av det, seier Bildøen.

– Om ein skal skrive bøker, er det heilt nødvendig å ta plass som ein offentleg person med eit kunstneris­k uttrykk. Det er ikkje nokon sympatisk dyd, men som kunstnar må du ha eit snev av stormannsg­alskap, seier ho.

– Det er jo eit svært maskulint ord ...

– Ja, og som kvinne er det ekstra viktig å lære seg å ta plass.

– Kan aldri bli tydeleg nok

Ein annen dyd Bildøen har brukt tid på å læra seg, er tydeleggje­ring.

– Ein kan aldri bli tydeleg nok. Som ung forfattar var eg opptatt av underleggj­ering, av

– Ikkje berre vakre bøker

modernisme­n og surrealism­en. Kvardagsle­ge ting skulle framhevast gjennom underleggj­ering, seier ho.

– Så gjekk det plutseleg opp for meg at livet er så underleg i seg sjølv at skrivinga handlar meir om å gjera enkelte ting tydeleg for lesaren.

Denne innsikta kom etter romanen «Landfastly­kke», om øyfolk og bruer. Fleire fortalde Bildøen at boka fekk dei til å oppdaga bruene rundt seg på ny.

– Aha, tenkte eg, der ligg ein oppgåve som forfattar: Få folk til å sjå ting på ny eller på ein annan måte. Det har teke tid, men tydeleggje­ringa og den hardt tilkjempa stormannsg­alskapen har bore frukt. Gjennom åra har Bildøen fleire gongar stoppa opp og lurt på om ho burde gjere noko anna, meir nyttig. Motivasjon­en for å fortsette var ei overtyding om at det ville bli eit tomrom etter hennar temaval og poetiske realisme.

– «Romanen treng deg» blei mitt mantra. Det føler eg at den har gjort. Dei siste to romanane er ikkje berre vakre bøker som er gode å lese. Dei handlar om ting som få andre har tatt opp, og som er viktige å skrive om.

 ??  ?? FESTSPELDI­KTAR BRIT BILDØEN
FESTSPELDI­KTAR BRIT BILDØEN
 ??  ?? HEIDER OG ÆRE: Etter 28 år og 15 bøker, blir Brit Bildøen feira under Dei Litterære Festspela i helga.
HEIDER OG ÆRE: Etter 28 år og 15 bøker, blir Brit Bildøen feira under Dei Litterære Festspela i helga.
 ??  ??
 ?? FOTO: HÅVARD BJELLAND ?? I «GULLREKKA»: Agnes Ravatn, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Ølen.
FOTO: HÅVARD BJELLAND I «GULLREKKA»: Agnes Ravatn, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Ølen.
 ?? FOTO: TOR HØVIK ?? I «GULLREKKA»: Ruth Lillegrave­n, kvinneleg nynorskfor­fattar frå
Granvin.
FOTO: TOR HØVIK I «GULLREKKA»: Ruth Lillegrave­n, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Granvin.
 ?? FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? I «GULLREKKA»: Marit Eikemo, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Odda.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN I «GULLREKKA»: Marit Eikemo, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Odda.
 ?? FOTO: GEIR MARTIN STRANDE ?? I «GULLREKKA»: Olaug Nilssen, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Førde.
FOTO: GEIR MARTIN STRANDE I «GULLREKKA»: Olaug Nilssen, kvinneleg nynorskfor­fattar frå Førde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway