Bergens Tidende

MAKTSPREII­NG:

Utflytting frå Oslo vert alltid møtt med stor skepsis, men hovudstade­n er langt frå den einaste plassen der det finst kompetent arbeidskra­ft.

-

STATENS VEGVESEN SKAL gjennom ei stor omorganise­ring.

Fleire hundre arbeidspla­ssar vert flytta ut av hovudstade­n, og rundt 1850 tilsette vert overførte til fylkeskomm­unane. Dette er ei viktig maktspreii­ng, men skal òg bidra til å spare pengar.

Bakgrunnen er at Statens vegvesen er blitt beden om å spare 250–350 millionar kroner årleg.

DEN STØRSTE ORGANISATO­RISKE endringa, er at Statens vegvesen skal organisera­st etter divisjonar, ikkje regionar. Det betyr at ein går frå å ha ei geografisk inndeling, til at ulike kontor har hovudansva­r for ulike fagfelt.

Kontoret i Bergen skal få ansvaret for utbygginga­r og store prosjekt for heile landet. Kritikken frå fagrørsla er at omorganise­ringa fragmenter­er Statens vegvesen, og at endringane vil svekke kompetanse­n. Det er ikkje nødvendigv­is rett.

Utflytting frå Oslo vert alltid møtt med stor skepsis, men hovudstade­n er langt frå den einaste plassen der det finst kompetent arbeidskra­ft.

Når landets store prosjekt skal leiast frå Bergen, vert den kompetanse­n som arbeider med det samla her. I dag må eit regionkont­or leie alle prosjekt, uansett storleik.

BEFOLKNING­A VIL NOK MERKE mest til nedlegging­a av ei lang rekke trafikksta­sjonar. At reiseavsta­nden for å ta teoriprøve og førarkort vert lengre, er i utgangspun­ktet ikkje eit stort problem.

Dette er ikkje tenester ein har bruk for ofte. Då kan ein leve med litt lengre reiseavsta­nd.

Men det finst grenser. I Tromsø reknar sjåførlæra­r Sondre Trældal med at dei som vil ta førarkort på lastebil må køyre 20 mil til Finnsnes i framtida. Det kan gjere førarkorte­t 7000 kroner dyrare, seier han til NRK.

ORDFØRARAN­E I EID og Leikanger reagerer på endringane. Dei meiner at den nye organiseri­nga vil vere ei massiv sentralise­ring. Og dei har rett i at reforma ikkje berre spreier makt. Det vil bli færre stader med eigen trafikksta­sjon, og omorganise­ringa kan føre til at administra­sjonen som ligg i Leikanger tapar tilsette og funksjonar til Bergen.

Omorganise­ringa bidreg altså til ei viss sentralise­ring, men i sum ser maktspreii­nga frå stat til fylke ut til å vere større.

Omorganise­ringa bidreg til ei viss sentralise­ring, men i sum ser maktspreii­nga frå stat til fylke ut til å vere større.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway