Bergens Tidende

Éi regjering – tre politikkar. Minst.

Snart er det fleire bomstasjon­ar enn Frp-veljarar i vestlandsh­ovudstaden.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

DET VAR NESTEN VONDT å høyre samferdsle­minister Jon Georg Dale (Frp) i Politisk kvarter på P2 torsdag morgon.

For korleis skal du forklare at du kjempar mot bompengar når regjeringa di set nye rekordar på området? På sist måling fekk Frp 2,7 prosent i Bergen.

Dagen før, altså onsdag, røysta fleirtalet i Nedre Eiker kommune ned ein ny byvekstavt­ale for Drammen. Stortingsr­epresentan­t Bård Hoksrud frå Frp jubla i Dagsnytt 18-studioet same kveld.

Men då Politisk kvarter-programlei­ar Astrid Randen torsdag lurte på om Frp i regjering jubla slik som Frp på Stortinget, måtte Dale svare slik:

– NEI, EG JUBLAR IKKJE over det, men eg synest alltid det er bra når bompengane går ned.

Så då har vi to politikkar: styrings-Frp og grasrot-Frp. Men det er meir her.

For tysdag 14. mai la kommunalog moderniser­ingsminist­er Monica Mæland fram dokumentet med den lite sexy tittelen «Nasjonale forventnin­gar til regional og kommunal planleggin­g 2019–2023».

PÅ FRAMSIDA ER det bilete av ei flott, bergensk bybanevogn. Det seier ein del om innhaldet.

Dokumentet er styrande for alle lokale planar om bustadbygg­ing, transport og mykje anna. Ei kjelde omtaler dette som «bibelen» for lokal utbygging.

Her kan ein lese at «I storbyane er det eit mål at veksten i persontran­sporten skal skje med kollektivt­ransport, sykkel og gange».

Med andre ord: Målet er null vekst i biltrafikk­en i område som Stor-Bergen. Då treng du bompengar for å finansiere gangvegar, sykkelstia­r og kollektivt­ilbod. Men du treng faktisk òg bompengar for å få ned bilbruken.

DETTE ER DEN TREDJE politikken som no blir ført. Og det er den regjeringa eigentleg har samla seg om.

Måndag sende Dale ut eit brev om at det blir innstrammi­ng i bompengane. Altså dei bompengane dei sjølve har lagt opp til gjennom det dokumentet regjeringa hans overlevert­e til Kongen nokre dagar før.

Dale overtok som samferdsle­minister etter partikolle­ga Ketil Solvik-Olsen, som i årevis har skrytt av at det aldri har blitt bygd meir veg i dette landet.

DENNE REKORDEN HAR naturlegvi­s ei bakside. Veg er ikkje gratis, og no får Frp Velkomen til partiet som kallar ein spade for ein manuell reiskap for lokal handtering av faste og lause einingar. for alvor sjå konsekvens­ane. Problemet er berre at Frp så til dei gradar står ansvarlege for den eksplosjon­en i bompengar Noreg no ser. Dei har hatt både finansmini­ster og samferdsle­minister dei siste seks åra.

I årevis har Frp likt å peike på seg sjølve som «garantiste­n mot bompengar». Med utestemme har dei gått laus på nye, dyre bomprosjek­t.

MEN REGJERINGS­DELTAKING GJER noko med både folk, standpunkt og språk.

OG OM DU LURER PÅ kor langt inn i regjerings­korridoran­e Frp har forsvunne, kan du sjølv lese starten på pressemeld­inga om innstrammi­ng i bompengebr­uken. Den kom frå samferdsle­minister Dale på måndag:

«Samferdsel­sminister Jon Georg Dale har nå besluttet at i portefølje­styrte bompengepa­kker i byområder med byvekstavt­aler skal kostnadsøk­ninger og inntektssv­ikt håndteres ved å nedskalere eller helt kutte enkelte tiltak i pakken slik at ikke bilistene får økte bompenger.»

Det er mogleg dette er ein slags norsk, men lett forståeleg er det ikkje.

DET SAME SPRÅKET kunne ein høyre i Politisk kvarter-sendinga. Dale snakkar ikkje lenger om «å byggje veg». Han pratar om «å realisere prosjekt». Velkomen til partiet som kallar ein spade for ein manuell reiskap for lokal handtering av faste og lause einingar.

I sendinga snakka Dale om at han «gjer jo ting for å dempe bompengebe­lastninga». Ute i den verkelege verda har nok dei færraste lagt særleg merke til ei slik demping.

Finansmini­ster og Frp-leiar Siv Jensen kalla denne veka inn til krisemøte om bompengar. Spørsmålet er om ho vil føre politikk éin, to eller tre frå regjeringa, eller om ho rett og slett har ein fjerde politikk på lur.

I MELLOMTIDA TIKKAR kronene inn frå

bilistane.

 ?? FOTO: BERIT ROALD, NTB SCANPIX ?? NYTALE: «Samferdsel­sminister Jon Georg Dale har nå besluttet at i portefølje­styrte bompengepa­kker i byområder med byvekstavt­aler skal kostnadsøk­ninger og inntektssv­ikt håndteres ved å nedskalere eller helt kutte enkelte tiltak i pakken slik at ikke bilistene får økte bompenger.» Det er mogleg dette er ein slags norsk, men lett forståeleg er det ikkje, skriv Jens Kihl.
FOTO: BERIT ROALD, NTB SCANPIX NYTALE: «Samferdsel­sminister Jon Georg Dale har nå besluttet at i portefølje­styrte bompengepa­kker i byområder med byvekstavt­aler skal kostnadsøk­ninger og inntektssv­ikt håndteres ved å nedskalere eller helt kutte enkelte tiltak i pakken slik at ikke bilistene får økte bompenger.» Det er mogleg dette er ein slags norsk, men lett forståeleg er det ikkje, skriv Jens Kihl.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway