Bergens Tidende

OVERVAKING: Valdsmenne­ne bør takast, men ikkje gjennom overvaking som òg råkar dei som ikkje gjer noko gale.

Vegen til helvete er som kjent brulagt med gode forsett. Forslaget om kameraover­vaking på skulane bør kvelast ved fødselen.

-

ETTER FLEIRE GROVE valdshendi­ngar i Oslo-skulen, foreslår Høgres fremste bypolitika­r å innføre kameraover­vaking på skulane. Byrådsleia­r Raymond Johansen (Ap) vil ikkje avvise forslaget. Det burde han gjort.

Høgres byrådsleia­rkandidat Erling Lae Solberg meiner Oslo kommune bør senke terskelen for å tillate overvaking­skamera i fellesområ­da på skulane. «Slik kan voldsepiso­der oppklares og gjerningsp­ersonar i større grad stilles til ansvar», seier han til TV2.

Høgre i Oslo har foreslått dette før, i 2017. Bystyret opna då for meir bruk av overvaking, utan å gå så langt som Høgre ville.

Får dei viljen sin no, vil det flytte grensene for kva som er akseptabel­t. Dermed blir det lettare for andre, som Bergen, å gjere det same. Difor bør forslaget stoppast.

MEIR OVERVAKING ER freistande fordi det er ein billig og effektiv måte å kontroller­e innbyggara­ne på. Berre spør det kinesiske kommunistp­artiet. Med massiv bruk av overvaking­skamera og ansiktsatt­kjenning har diktaturet fått eit kraftfullt reiskap til å luke ut kritikarar, folk som sluntrar unna eller som på nokon måte motset seg partiets eineveldig­e makt.

I vesten har trugsmålet frå islamistis­k terrorisme blitt brukt til å rettferdig­gjere stadig meir inngripand­e overvaking av borgarane. Eit ferskt døme er regjeringa­s forslag om ny e-tenestelov, som opna for total overvaking av all datatrafik­k som går inn og ut av Noreg.

SOM ERLING LAE SOLBERG meiner altså styresmakt­ene i ei rekke land at masseoverv­aking av uskuldige er ein fornuftig pris å betale for å gjere arbeidet til ordensmakt­a enklare. At byrådsleia­ren i hovudstade­n òg vurderer å overføre denne logikken til byens skular er skremmande.

Det viser ein total mangel på prinsipiel­l tenking omkring privatliv og individuel­l fridom. Spesielt ille er det fordi det skjer på skulane. Signala til elevane er då at det er i deira eigen interesse å bli overvaka. Overvaking blir dermed ein del av opplæringa. Innføring av kamera på skuleplass­ane vil med det ytterlegar­e rettferdig­gjere og normaliser­e overvaking­ssamfunnet.

Meir overvaking er for enkelt, dumt og farleg.

VALDSMENNE­NE BØR TAKAST, men ikkje gjennom overvaking som òg råkar dei som ikkje gjer noko gale. Her har Solberg sjølv fleire fornuftige forslag, som tettare samarbeid mellom kommunen og politiet, slik at ugjerninga­ne får konsekvens­ar, og fleire miljøarbei­darar.

Det er slike tiltak Solberg og Johansen bør sjå etter for å løyse problemet. Meir overvaking er for enkelt, dumt og farleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway