Bergens Tidende

Bergen Venstre vil vrake både Trine Skei Grande og nestleiara­ne

Venstre i Bergen vil kvitte seg med heile leiinga. Dei foreslår Sveinung Rotevatn som ny Venstre-leiar etter landsmøtet til våren.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Kampen om topp-posisjonan­e i Venstre er i full gang. Før helga kom Bergen Venstre med sine ønskjer til valkomitee­n.

Det er dårleg nytt for den sitjande leiinga i partiet. Verken partileiar Trine Skei Grande eller nestleiara­ne Terje Breivik og Ola Elvestuen er ønskt med vidare.

– Dagens leiartrio fungerer ikkje. Vi treng nokon om er meir tydelege i viktige liberale saker, og som klarer å kommuniser­e betre ut til folk og internt i partiet. Derfor har vi lagt ein heilt ny kabal, seier leiar i Bergen Venstre, Jo Lerheim.

– Ikkje på rett plass lenger

I staden for Trine Skei Grande ønskjer lokallaget Sveinung Rotevatn frå Nordfjorde­id i

Sogn og Fjordane som leiar.

Dei vil også setje inn Guri Melby frå Trøndelag og Ida Johnsen frå Nordland som nestleiara­r i partiet.

– Nestleiara­ne vi har i dag peiker seg ikkje ut som leiaremne. Det er eksepsjone­lle folk og har gjort mykje for partiet, men dei er ikkje på rett plass lenger. Venstre er i ein fase der det trengst store grep, og det trur vi ikkje dagens leiing er i stand til, seier Lerheim.

Sveinung Rotevatn har også blitt utpeika som leiarfavor­itt av Unge Venstre.

– Vi har tru på at desse tre kan spisse Venstre. Dei har ulik bakgrunn og har høg tillit i partiet, seier Venstre-leiaren i Bergen.

Rotevatn: – Oppmuntran­de Sveinung Rotevatn sjølv held korta tett til brystet. Han seier han ikkje visste om støtta frå Bergen før BT ringde.

– Eg har ingen kommentar til dette. Eg har sagt til valkomitee­n at eg stiller meg til disposisjo­n, og vil ta den vidare dialogen med dei.

– Men kva betyr det for deg at du får denne støtta?

– Det er oppmuntran­de at mange vil eg skal vere med vidare, men til slutt er det partiet som bestemmer, seier Rotevatn.

Han vil ikkje svare på om han har lyst på jobben som partileiar, og understrek­ar at han er nøgd med jobben Grande gjer i dag.

Det har vore stor usemje internt i partiet om Grande sin leiarposis­jon, spesielt etter lokalvalet i haust.

Venstre enda på 3,9 prosent på landsbasis og gjekk tilbake 1,6 prosentpoe­ng frå førre val.

Får støtte på heimebane

Men ein stad gjorde Venstre eit brakval – Stad kommune, noko som også er heimebane for Sveinung Rotevatn.

Der fekk partifelle og ordførar Alfred Bjørlo ei oppslutnin­g på heile 36,2 prosent.

Også dei vil kvitte seg med heile den sitjande leiinga.

– Dagens leiing har brukt opp tida. Det går gale vegen med Venstre, og det tenkjer eg har med personane å gjere, seier leiar i Stad Venstre, Gunnar Silden.

Venstre er i ein fase der det trengst store grep, og det trur vi ikkje dagens leiing er i stand til.

Jo Lerheim, leiar i Bergen Venstre

– Frå distriktet og urban

Dei vil ha Sveinung Rotevatn, Gunhild Berge Stang, Guri Melby eller Abid Raja i leiargrupp­a, men har ikkje spesifikt bedt om Rotevatn som partileiar.

– Eg har eit sterkt ønskje om at han blir leiar, og det har mange her omkring. Han er både frå distriktet og urban. Eit breitt spekter for ein ung politikar, seier Silden.

Han seier det dårlege valresulta­tet til Venstre er hovudårsak­a til ønsket om skifte.

– Eg trur Grande sine dagar er talte. Eg forstår ikkje kvifor ho ikkje trekker seg på ein verdig måte og avklarer allereie no at ho ikkje tek attval, seier Silden.

 ?? FOTO: SIV DOLMEN ?? LEIARVAL: Bergen Venstre vil at Sveinung Rotevatn skal leie Venstre i staden for Trine Skei Grande. Dette bilete er teke på valkvelden i 2017.
FOTO: SIV DOLMEN LEIARVAL: Bergen Venstre vil at Sveinung Rotevatn skal leie Venstre i staden for Trine Skei Grande. Dette bilete er teke på valkvelden i 2017.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway