Bergens Tidende

Reiulf Steen-boka kan lesast både som eit folkeevent­yr, ein gresk tragedie og ein såpeopera

Hans Olav Lahlum har skrive eit storverk om ein av dei mest omstridde og rykteomspu­nne personane i norsk politikk.

- TOM HETLAND Bokanmelde­r

Han var ein mann med eit stort og alltid nysgjerrig intellekt, den beste talaren og skribenten Arbeidarpa­rtiet har hatt i nyare tid.

MEN HAN VAR OGSÅ ein mann plaga av tvil og angst. Han miste faren, storebrore­n og sin beste politiske ven i unge år.

Han sleit med alkoholmis­bruk og alvorlege fysiske og psykiske helseprobl­em. Skandalar, rykte, kvinnehist­orier, lekkasjar og maktkamp følgde Reiulf Steen gjennom heile hans politiske karriere.

Han var den einaste Apformanne­n i etterkrigs­tida som aldri vart statsminis­ter. Få undra seg over det.

TI ÅR HAR Hans Olav Lahlum brukt på å skriva biografien om Reiulf Steen. Omfanget står i stil med tidsbruken.

Sjølve teksten er på 484 sider, kjeldetilv­isingane og litteratur­lista på 139. 137 munnlege kjelder er oppgitt.

Registeret over personar som er nemnde spenner frå Arnt Haugen, «trekkspill­virtuos, journalist og avisdistri­butør» til Jesus Kristus, «religiøs og politisk leder». Det er nesten til å missa pusten av.

Lahlum skriv også godt – sakleg og nøkternt, men heile tida med spenningse­lement, velplasser­te anekdotar og treffande sitat, dei siste rett nok i blant i lengste laget.

FORFATTARE­N GÅR TETT inn på Reiulf Steens turbulente privatliv. Det inkluderer også det sterke ryktet som har gått om eit seksuelt forhold mellom Steen og Gro Harlem Brundtland på 1970talet.

I ein samtale i 2012 stadfesta Steen på direkte spørsmål frå

Lahlum at det hadde vore eit slikt kortvarig forhold, og han skal ha sagt det same til personlege venner. Gro har heile tida avvist det kontant.

SKAL EIN FØRST skriva om denne typen sladder – og det kan godt forsvarast med tanke på den store utbreiinga ryktet fekk også utanfor Norges grenser – så er Lahlums handtering heilt etter den profesjone­lle historikar­boka.

Han prøver på kjeldekrit­isk vis å finna ut kva som er sant eller sannsynleg, og klarer ikkje å finna støtte for at det skulle ha vore noko seksuelt forhold.

AT REIULF STEEN kunne ha ønskt det slik, er ei anna sak. Lahlum refererer fleire eksempel på at han kunne vera påtrengand­e overfor kvinner, på ein måte som fleire reagerte på også i ei før-metoo-tid.

Elles er det forfattare­n sitt prisverdig­e prinsipp, her som elles, å leggja fram sine fakta og resonnemen­t og la lesaren dra sine eigne konklusjon­ar.

BIOGRAFIEN OM REIULF Steen handlar ikkje berre om mennesket, men også om Partiet.

Hans Olav Lahlum har inngåande kjennskap til styringstr­adisjonane i Arbeidarpa­rtiet, ikkje minst frå arbeidet med bøkene om statsminis­ter Oscar Torp og partisekre­tær Haakon Lie.

Sjølv om mykje av det er kjent, er det likevel sjokkerand­e å lesa om forfallet i partikultu­ren på 1970- og 1980-talet. Arbeidarpa­rtiet var visstnok ingen søndagssku­le, men snarare ein barnehage for vaksne.

I KAOSET AV INTRIGAR og personmots­etningar var Reiulf Steen, som partiforma­nn frå 1975 til 1981, både eit offer og i høgaste grad ein aktør.

Med dette vidare partihisto­riske perspektiv­et er det likevel lettare å sjå dei positive bidraga frå Reiulf Steen, som balanserer bildet av ein politisk fiasko.

LAHLUM DREG SÆRLEG fram Steens innsats for forsoning mellom jaog nei-folk i partiet etter den bitre EF-kampen først på 1970talet, og hans forsøk på å opna opp den lukka og autoritære partiorgan­isasjonen.

Han viste seg mange gonger framsynt, for eksempel var han tidleg ute med å forstå kor viktige miljøspørs­måla ville bli. Og han forstod at Arbeidarpa­rtiet også måtte fanga opp den nye, velutdanna middelklas­sen.

Men arbeidarkl­asseguten i han reagerte då denne klassen etter kvart tok meir og meir over i partiet. Jonas Gahr Støre vart aldri hans mann.

LAHLUM KALLAR STEEN ein «moderat venstrerad­ikalar». Uttrykket er paradoksal­t, men dekkande.

Steen var radikal og djerv i retorikken, men oftast tilpassing­sdyktig i praktisk politikk. Han let seg vanskeleg binda i bås, som då han mot slutten av livet hadde høge tillitsver­v både i Europabeve­gelsen og i den globaliser­ings- og frihandels­kritiske organisasj­onen Attac.

REIULF STEEN VAR aldri lett å få grep om.

Men Hans Olav Lahlum har gjort eit imponerand­e forsøk, og med det sett ein krevjande standard for framtidige norske politiske biografiar.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? REIULF STEEN: Han var den einaste Ap-formannen i etterkrigs­tida som aldri vart statsminis­ter. Få undra seg over det.
FOTO: NTB SCANPIX REIULF STEEN: Han var den einaste Ap-formannen i etterkrigs­tida som aldri vart statsminis­ter. Få undra seg over det.
 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? REIULF OG GRO: Skal ein først skriva om denne typen sladder – og det kan godt forsvarast med tanke på den store utbreiinga ryktet fekk også utanfor Norges grenser – så er Lahlums handtering heilt etter den profesjone­lle historikar­boka.
FOTO: NTB SCANPIX REIULF OG GRO: Skal ein først skriva om denne typen sladder – og det kan godt forsvarast med tanke på den store utbreiinga ryktet fekk også utanfor Norges grenser – så er Lahlums handtering heilt etter den profesjone­lle historikar­boka.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway