Bergens Tidende

Kampen om Katalonia

-

Vi som hylla den spanske overgangen frå diktatur til demokrati, er blitt meir enn vonbrotne.

Pensjonert førsteaman­uensis i spansk ved NHH og forfattar av «Draumen om Catalonia»

12 POLITISKE FANGAR i Katalonia - ni politikara­r og tre borgarrett­sforkjempa­rar - er blitt dømt til mellom 9 og 13 år i fengsel for «oppvigleri og underslag». Den brutale undertrykk­inga av katalanara­r frå spanske styresmakt­er si side, er fare over med harelabb i dommane.

I EIT SPANIA der domstolane er den delen av maktfordel­ingsprinsi­ppet som ikkje har vore gjennom ein demokratis­eringspros­ess, skjer dette i ei tid då dei politiske kampane er meir polarisert­e enn på svært lenge.

Ein studie ved Georgetown University under leiing av Laia Balcells, professor i statsvitsk­ap, viser at det i Katalonia er relativt sterk polariseri­ng rundt spørsmålet om sjølvstend­e for regionen.

POLARISERI­NGA GJELD TO grupper: Dei som er klart for lausriving frå Spania og for å oppretta ein suveren katalansk republikk (44 prosent), og på den andre sida, dei som klart går inn for å sikra status quo eller gi Katalonia mindre sjølvstyre enn tilfellet er i dag (20 prosent).

Det går òg fram at rundt rekna 35 prosent ikkje legg for dagen polarisert­e haldningar. Sterk polariseri­ng altså, men vi er relativt langt unna den splittinga i to som dei spanske unionistan­e held fram: 50/50 for og imot lausriving.

FN SI ARBEIDSGRU­PPE for vilkårleg fengsling har i ulike rapportar tatt føre seg situasjone­n til somme av dei politiske fangane. I ein første rapport såg arbeidsgru­ppa på situasjone­n til borgarrett­saktivista­ne Jordi Sànchez og Jordi Cuixart, i tillegg til Oriol Junqueras, visepresid­ent i Katalonia i 2017.

Konklusjon­en var klar: Arrestasjo­nane av dei tre var vilkårleg, og dei burde setjast fri omgåande. Dagens visepresid­ent i Katalonia Pere Aragonès uttalte etterpå at den omtala FN-rapporten tvingar Spania «til å stilla seg på den sida som respektere­r FN, eller på den sida som ikkje gjer det.»

SIDAN SPANIA IKKJE godtar tilrådinga i rapporten, bryt landet FN si universell­e menneskere­ttserklæri­ng. Det same gjeld for arbeidsgru­ppa sin andre rapport, som fokuserte på Joaquim Forn, Raül Romeva, Josep Rull og Dolors Bassa, som alle var ministrar i den katalanske regionalre­gjeringa under folkerøyst­inga 1. oktober 2017 og som erklærte sjølvstend­e frå Spania 27. oktober same år.

Spanske styresmakt­er godkjenner ikkje eingong termen politiske fangar for desse personane som er fengsla for politiske handlingar. Som i mange andre land, har ein gjort politiske saker om til juridiske, og fører sakene med særs tvilsam argumentas­jon.

OG VI SOM hylla den spanske overgangen frå diktatur til demokrati etter 1975, er blitt meir enn vonbrotne. Mange politiske familiar frå Franco-regimet gjekk problemfri­tt over i konservati­ve politiske grupper, som Partido Popular, dei fekk verv i rettsvesen­et eller i styreposis­jonar i næringsliv­et.

Den katalanske frigjering­srørsla er kjenneteik­na av trua på at dei vil kunna føra kampen på fredeleg vis. I så måte minner rørsla om borgarrett­srørsler - som den Martin Luther King stod i spissen for mot raseskilje­t i USA. Som andre pasifistis­ke borgarrett­srørsler blir den møtt med vald frå makthavara­ne si side.

BÅDE FYSISK MAKT, slik vi såg det då folkerøyst­inga blei brutalt undertrykt av sivilgardi­star og nasjonalt spansk politi 1. oktober for to år sidan, og institusjo­nell vald gjennom dei rettsprose­ssane som har funne stad i første halvår i år og som fekk ein førebels slutt gjennom dommane som no ligg føre.

I det siste er uavhengigh­eitsrørsla blitt forsøkt kriminalis­ert gjennom arrestasjo­nar og skuldingar om terrorisme av medlemmer av CDR (forsvarsko­mitear for republikke­n), utan at det kan visast til anna enn indisium. «Ei banaliseri­ng av terrorisme», har leiaren av venstrepar­tiet Podemos Pablo Iglesias uttalt.

DEN KATALANSKE RØRSLA

for lausriving frå

Spania har lange røter. Den første organiseri­nga går attende til siste halvdelen av 1800-talet, og var prega av økonomisk sterke grupper som hadde sett seg lei på at dei viktige avgjerdene i økonomisk politikk blei tatt i Madrid. Også den nasjonalt orienterte venstresid­a var tidleg ute i Katalonia.

blei ERC (Katalonias republikan­ske venstre) skipa. Mine mange visittar til Katalonia har vist meg at det finst tallause katalanara­r som stør kampen for sjølvstend­e, men som ikkje soknar fast til noko politisk parti. Mange er sosialiser­te inn i det nasjonalt katalanske, med ein inngrodd skepsis til politiske parti.

DEN OMTALA STUDIEN frå Georgetown University syner at dei tre blokkene så å seia ikkje varierer frå desember 2017 til september 2018, noko forskargru­ppa ser på som svært overraskan­de ut frå alt som skjedde i desse ni månadane.

Forskarane kommentere­r at medan politiske parti og organisasj­onar snakkar om å utvida sin sosiale base, ser dette ut til å vera komplisert. Mellomgrup­pa på 35 prosent uttrykker skepsis til å lata seg overtyda av anten jasida eller neisida.

DET FINST LIKEVEL andre punkt der ein ut frå studien kan skimta semje. Spesielt kan ein legga merke til at nær opp til 80 prosent meiner at ein bør halda folkerøyst­ing for å få avklart den usikre situasjone­n av i dag, noko som syner at ein konsultasj­on i Katalonia har svært høg legitimite­t.

 ?? FOTO: EMILIO MORENATTI, TT NYHETSBYRÅ­N ?? FREDELEG: Den katalanske frigjering­srørsla er kjenneteik­na av trua på at dei vil kunna føra kampen på fredeleg vis, skriv Johannes Nymark.
FOTO: EMILIO MORENATTI, TT NYHETSBYRÅ­N FREDELEG: Den katalanske frigjering­srørsla er kjenneteik­na av trua på at dei vil kunna føra kampen på fredeleg vis, skriv Johannes Nymark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway