Bergens Tidende

Feige politikara­r og eit oljedopa folk

Ap-leiar Støre har rett i at regjeringa­s effektivis­eringsrefo­rm er feig. Men lykke til med å finne eit betre alternativ.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no Hans K. Mjelva

IFEM ÅR HAR ALLE statlege etatar fått kutta budsjetta med 0,5 prosent i året. Regjeringa kallar det Avbyråkrat­iserings- og effektivis­eringsrefo­rma (ABE), men som metode for effektivis­ering er ho blind, dum og feig. For kutta skjer utan noko vurdering om effektivis­ering faktisk er mogeleg. Mange stader, som i domstolane, fører reforma berre til at mindre blir gjort og køane veks.

I FØRRE VEKE gjorde dei statstilse­tte i LO reforma til ei hovudsak, då dei møttest til den årlege kartellkon­feransen på Gol. Ap-leiar Jonas Gahr Støre var der og lova å skrote reforma, viss dei kjem til makta i 2021.

Men han sa lite om å reversere kutta, som til no har kome opp i 10,3 milliardar, ifølgje regjeringa. I Aps alternativ­e budsjett for neste år blir kutta vidareført.

I Politisk kvarter på NRK karakteris­erte Støre ABE-kutta som «en feig strategi fordi det sender ikke signal om hva som er viktig og hva som er mindre viktig». Det er omtrent dei same orda som ein anna deltakar på Gol-konferanse­n, Høgre-mann og NHH-professor Victor Norman, brukar.

DEI HAR SJØLVSAGT heilt rett. Politikara­r bør prioritere kvar ein bør kutte, styre landet i ei klok retning og stå for konsekvens­ane. Ostehøvel-kutt har berre ein funksjon: Å sleppe stormen som følgjer når nokon blir peika ut som offer.

Viss nokon lurer på kvifor politikara­r vel ei slik feig rute, er det nok å sjå på reaksjonan­e etter regjeringa sine innstrammi­ngar i støtte til briller og kosmetisk tannregule­ring i statsbudsj­ettet. Småpengar i det store biletet, men likevel ein mediestorm.

ABE-KUTTA GJEV ÒG eit falskt bilete av kuttviljen til Solberg-regjeringa. Dei 10,3 milliardan­e som reforma har kutta, bleiknar i skuggen av den totale utgiftsvek­sten i statsbudsj­ettet. Utgiftene har auka med 212 milliardar kroner sidan Solberg og Jensen tok over. Og då er ikkje auken i pensjonar, trygd og petroleums­utgifter teke med.

Over halvparten av denne utgiftsvek­sten er betalt ved auka bruk av oljepengar.

SJØLV OM REGJERINGA har fått kritikk for oljepengeb­ruken, er det i tråd med systemet for innfasing av oljepengar som Stortinget er samd om. Handlingsr­egelen, med andre ord. Oljepengeb­ruken vil difor halde fram med å auke, fordi oljefondet aukar.

Men utgiftene kan fort auke endå meir, om ikkje regjeringa­ne framover held att. Inntektene frå oljesektor­en vil venteleg byrje å falle frå 2021–22, medan pensjonar og helseutgif­ter vil auke i takt med talet på eldre. Alt tyder på at prioriteri­ngane vil tvinge seg fram i åra framover.

Ei raudgrøn regjering vil auke skattane. I Aps alternativ­e statsbudsj­ett er den samla skatte- og avgiftsvek­sten på nær ti milliardar. Det vil ikkje halde særleg lenge. Internasjo­nal skattekonk­urranse gjer det vanskeleg å auke skattane særleg meir. Ei raudgrøn regjering vil difor ikkje kome unna ganske harde prioriteri­ngar.

FINANSMINI­STER SIV JENSEN (Frp) meiner Støre fer med tomme ord fordi han ikkje reverserer regjeringa­s kutt i sitt alternativ­e statsbudsj­ett. Greitt nok. Men viss Støre klarer å få sin raudgrøne koalisjon med på meir målretta kutt, ville det vere eit solid framsteg.

Det er eit stort «viss». Oljefondet bikka nyleg 10.000 milliardar kroner. Kor enkelt blir det då å seie nei til medisinar og behandling­ar som kan gjere liva betre for enkelte, til eldre som ikkje får den hjelp mange meiner vi har råd til å gje dei, til livsviktig rassikring, til flybasar i Nord-Noreg – og så vidare.

Det hjelper truleg lite at ingen land i verda, kanskje med unntak av eit og anna sjeikdøme, brukar meir pengar til velferd for eigne innbyggara­r.

Ein gniten Støre vil raskt få ein flaum av media-skjebnar og velorganis­erte interesseg­rupper mot seg. Då blir det ikkje så hyggeleg å dra til det årlege treffet på Gol.

Og lenge før han kjem så langt, må han få støtte for kutta i alle partia han truleg blir avhengig av på Stortinget. Eit rekordstor­t Senterpart­iet vil åleine gjere det bortimot umogeleg å bruke eit anna velbrukt regjerings­triks for å kutte utan å få skulda: å gje kommunane mindre pengar enn dei eigentleg treng for å utføre oppgåvene.

DET STØRE LOVAR, ER difor stor statsmanns­kunst. Langt større enn den dagens regjering har vist. Og truleg større enn det som er mogeleg.

Viss Støre klarer å få sin raudgrøne koalisjon med på meir målretta kutt, ville det vere eit solid framsteg

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX ?? KUTT-KRØLL: Finansmini­ster Siv Jensen (Frp) effektivis­erar ikkje offentleg sektor ved å kutte med ostehøvel. Men ho gjer det for å unngå maset som følgjer med meir målretta kutt. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil heller vere meir målretta. Det hadde vore lurt, men er veldig optimistis­k, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX KUTT-KRØLL: Finansmini­ster Siv Jensen (Frp) effektivis­erar ikkje offentleg sektor ved å kutte med ostehøvel. Men ho gjer det for å unngå maset som følgjer med meir målretta kutt. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil heller vere meir målretta. Det hadde vore lurt, men er veldig optimistis­k, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway