Bergens Tidende

Løne-brør kjempar i retten om smalahoveg­arden

Den yngste av brørne bur på garden, og driv verksemda. No viser den tre år eldre broren til odelsrette­n og går rettens veg å få overta garden.

- ÅDNE LUNDE adne.lunde@bt.no

Striden mellom dei to brørne kjem etter at «smalahovek­ongen» Ivar Løne døydde i fjor, 78 år gammal. Måndag og tysdag møtes brørne Geir Løne (48) og Lars Løne (51) i tingretten.

Geir Løne er dagleg leiar og styreleiar for verksemda på Løne-garden, Ivar Løne AS, som omsette for 13.754.000 kroner i 2018. Verksemda er den einaste store produsente­n av svidde smalahove her til lands.

Lars Løne driv som entreprenø­r. Verksemda hans, Løne Maskin & Transport AS, hadde elleve tilsette og omsette for 18.681.000 kroner i fjor.

Odelsgard

Begge partar er samde om at garden er ein odelsgard. Striden kjerne er om den eldste broren skal få garden på odel, eller om den yngste har lagt ned så mykje innsats og arbeid, og er knytt til garden slik at det opphevar den eldstes odelsrett.

I sin partsforkl­aring i retten måndag sa eldstebror at saka uansett ikkje skal gå ut over vossebygda om han får overta garden. Om den yngre broren ikkje ville lei gap las stilproduk­sjons verk sem da, skulle han få andre til å overta.

Geir på si side, sa i si partsforkl­aring at Lars ikkje er til å stola på.

– Familiebed­rift

Då BT var på besøk på garden, som ligg mellom E16 og Lønavatnet, før jul i 2015, kunne vi fortelja at Ivar Løne i løpet av dei siste 40–50 åra hadde bygd opp ei familiebed­rift som leverer 70.000 smalahove, tonevis med pinnekjøt og mange andre kjøtproduk­t.

«Ivar Løne har selv måttet innta en noe mer tilbaketru­kket funksjon på grunn av sviktende helse. Sønnen Geir er nå den som driver produksjon­en, men far sjøl er fortsatt sjef.», skreiv BT den gongen.

I sitt sluttinnle­gg for retten legg advokat Robert Neverdal, som er prosessful­lmektig for Geir Løne, vekt på at klienten har lagt ned mykje arbeid og ressursar på garden. Og at han dessutan har landbruksr­etta utdanning.

– Strenge krav

«Geir Løne har sitt arbeid på gården. I tillegg har han stiftet familie som også er involvert i den daglige driften på gården. Dette gjelder både ektefelle og to barn.», skriv Neverdal i sitt sluttinnle­gg.

Han meiner at grunnlaget for dagens drift fell bort om det blir ei odelsløysi­ng på saka.

Eldstebror, Lars Lønes prosessful­lmektige er advokat Endre Grande. Han slår i sitt sluttinnle­gg fast at det i lang tid har vore kjent at Lars ønskjer å overta garden, og at odelsrette­n må gjelda:

«Saksøker gjør gjeldende at de strenge krav rettspraks­is har stilt opp for å fravike hovedregel­en om den eldstes rett til å overta odelseiend­om, ikke er innfridd i dette tilfelle.», skriv Grande.

 ?? FOTO: ARNE HOFSETH ?? PRODUKSJON: Måndag var retten på synfaring i Smalahovet­unet. Frå venstre: Geir Løne, rettens administra­tor Eivind Pundsnes (dels gøymt), og meddommara­ne Olav Botnevik, og Jan Hauge.
FOTO: ARNE HOFSETH PRODUKSJON: Måndag var retten på synfaring i Smalahovet­unet. Frå venstre: Geir Løne, rettens administra­tor Eivind Pundsnes (dels gøymt), og meddommara­ne Olav Botnevik, og Jan Hauge.
 ?? FOTO: ARNE HOFSETH ?? I TUNET: Retten tok turen til tunet på Løne for synfaring. Frå venstre: meddommar Olav Botnevik og Jan Hauge, advokat Robert Neverdal, Geir Løne, advokat Endre Grande (med ryggen til) og Lars Løne.
FOTO: ARNE HOFSETH I TUNET: Retten tok turen til tunet på Løne for synfaring. Frå venstre: meddommar Olav Botnevik og Jan Hauge, advokat Robert Neverdal, Geir Løne, advokat Endre Grande (med ryggen til) og Lars Løne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway