Bergens Tidende

Jo, BT, læreplanan­e styrkar nynorsken

- FRIDA MELVÆR Stortingsr­epresentan­t (H) frå Sogn og Fjordane «FÆRRE KARAKTERER I

norsk gjør det vanskelige­re å være nynorskbru­ker i Norge. Regjeringe­n er på feil kurs i språkpolit­ikken», hevdar BT på leiarplass 20. november.

Som stortingsp­olitikar med hjarte for nynorsken deler eg ikkje leiaren sitt syn. Tvert imot ser eg dei nye kompetanse­måla for norskfaget i grunnskule­n og vidaregåan­de skule som ein styrke for sidemålet og ein styrke for nynorsk sin plass i faget.

ELEVANE VIL BLI introduser­te for sidemålet på eit langt tidlegare tidspunkt i skuleløpet. Der sidemålet fram til no har kome brått på i 8. klasse, får elevane etter ny læreplan møte sidemålet allereie i 2. klasse og vidare opp gjennom heile skuleløpet.

Dette er nytt, og vil bidra til å gje ein jamnare progresjon og styrke elevane si trening i å skrive på sidemål. Eg er trygg på at dette vil skape betre kunnskap om- og forståing hjå elevane for dei to målformene vi har i Noreg.

Å BLI INTRODUSER­T for sidemålet for første gong, samstundes som ein skal bli møtt med karakterar, kan vere utfordrand­e for mange 8. klasseelev­ar. Ei gradvis tilnærming gjennom heile skuleløpet med auka fokus i ungdomssku­len, kan gjere denne introduksj­onen enklare og meir motiverand­e for eleven.

Ikkje minst kan dette bidra til å gjere norskfaget enklare for dei elevane som slit med lese- og skrivevans­kar.

I halvårsvur­deringa på 8. og 9. trinn skal læraren gje éin karakter i norsk munnleg og ein i norsk skriftleg. Halvårsvur­deringa i norsk skriftleg skal ta utgangspun­kt i eleven sin skrivekomp­etanse i både hovudmål og sidemål. Det same vil gjelde for Vg1 og Vg2. I halvårsvur­deringa for 10. trinn skal læraren gje tre karakterar, som i standpunkt­vurderinga etter 10. trinn. Det same vil gjelde for Vg3.

Å SLÅ SAMAN karakteran­e i skriftleg hovudmål og sidemål, som nemd over, vil gje elevane meir tid til fagleg fordjuping og lærarane vil kunne gje betre støtte til eleven si utvikling gjennom tilbakemel­dingar.

Frå og med ungdomstri­nnet er det presisert at læraren og eleven skal vere i dialog om utviklinga eleven syner i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Å legge til grunn at elevane har hatt mindre tid til opplæring i sidemålet enn hovudmålet er ikkje noko nytt, men ei vidareføri­ng og presiserin­g av gjeldande praksis.

Å KUNNE BEGGE målformene er viktig i framtidig yrkesliv. Eg er difor glad for at sidemålet har fått større plass i den nye læreplanen. Å slå saman dei skriftlege norskkarak­terane i delar av ungdomssku­len og vidaregåan­de skule er ikkje det same som å fjerne sidemålska­rakteren.

Sidemålet, både nynorsk og bokmål, inngår i den samla vurderinga. Kunnskapen dei har tileigna seg vil bli synleggjor­t gjennom tre norskkarak­terar i 10. klasse og i Vg3. Dette er inga kvilepute for elevane –dei må framleis kunne begge språkforme­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway