Bergens Tidende

Krigen sett med tyske auge

Dette er unike bilete frå krigen i Hordaland i 1940. Det er tyske soldatars eigne foto.

- PÅL ENGESÆTER pal.engesaeter@bt.no

– Dei tyske soldatane vart oppfordra til å fotografer­a og dokumenter­a krigen. Det er slike bilete boka er full av, seier Vegard Nordås Toska.

Han har nett gjeve ut boka «Hordaland i krig. Krigsåret 1940 sett fra den tyske siden» på Kapabel forlag.

– Upublisert­e foto

– Korleis har du fått tak i desse bileta?

– No når mange av dei tyske krigsveter­anane er gått bort, har familiane lagt ut fotografi og samlingar til sal på nett. Det er slike samlingar eg har kjøpt, seier Toska.

Han seier at om lag 90 prosent av bileta i boka ikkje har vore publisert før no. Boka som er ein murstein på 328 sider, er full av bilete.

Her er frå fotografi frå heile Hordaland; invasjonen i Bergen og bombinga på Voss og frå dagleglive­t til dei tyske soldatane.

– Innblikk i deira tankar

– Er du redd for at folk trur du stør okkupasjon­en når du gjev ut ei slik bok?

– Nokon kan kanskje tru det, men det gjer eg ikkje. Målet med boka er å gje eit objektivt innblikk i dei tyske okkupantan­e sine tankar og handlingar. Eg håpar det kan gje eit meir samla bilete av vår lokale krigshisto­rie, seier Toska.

Under arbeidet med boka har han sett korleis hendingar blir fortalt ulikt på kvar side i krigen. Det er mange mytar og forteljing­ar, og feilinform­asjon frå norsk side og.

– Tyskarane var overraska over kor sterk motstanden i Norge var. Særskilt kor mykje den tyske

marinen fekk å gjera under heile krigen.

Underkommu­nisert

Mange av dei tyske soldatane var kanskje litt naive då dei kom, dei trudde ikkje motstanden frå folk skulle vera så sterk, seier Toska.

Korleis okkupantan­e såg på krigen, meiner han er underkommu­nisert i ettertid. Mange av dei grundige rapportane tyskarane laga, står i motstrid til kva som sto i avisene og kva dei brukte i propaganda­en.

– I rapportane kan ein lesa både om demonstras­jonane i Bergen mot Jonas Lie og Vidkun Quisling, og kor misnøgd tyskarane var med det norske politiet sin innsats. Om maskingevæ­ret som var tatt frå eit tysk sjøfly som naudlanda på Fonnes i Austrheim, og om miner i norske fiskebåtar, seier Toska.

Han fortel at det var meininga var å ha ein eigen tysk propaganda­avdeling i Bergen. Den kom ikkje i stand frå starten av, fordi dei gjekk ned då skipet «Rio de Janeiro» vart torpedert utanfor Lillesand 8. april 1940.

Tømrar og student

Vegard Toska er 25 år gammal. Han jobbar med tømring og har nett byrja å studera historie på universite­tet i Bergen.

– Kvifor er du så interesser­t i noko som hendte meir enn 50 år før du vart født?

– Interessa starta då eg gjekk på barneskule­n. På garden viste far min meg vrengde aluminiums­restar på bøen heime. Det var frå eit tysk fly som havarerte på Toska 1. februar 1943. Etter det har eg lese meg opp på lokal krigshisto­rie, sett filmar og samla på saker frå krigen, fortel han.

Toska har mellom anna funne ut at farfaren hans var aktiv med i kampen mot den tyske invasjonen. Sjølv fortalde farfaren ingenting frå krigen, men bilete og verneplikt­sboka han har funne dokumenter­er det.

– Kva reaksjonar har du fått? – Berre positive, det er til all lukke ikkje slik at folk trur eg sympatiser­er med den tyske okkupasjon­smakta, sjølv om eg fortel frå deira ståstad.

 ??  ?? SANDVIKEN 1940: Tyske soldatar slappar av utanfor sjøflyhamn­a i Sandviken. Lokale kjuagutter får seg kanskje snop.
SANDVIKEN 1940: Tyske soldatar slappar av utanfor sjøflyhamn­a i Sandviken. Lokale kjuagutter får seg kanskje snop.
 ??  ??
 ?? ALLE FOTO: FRÅ VEGARD TOSKA SI SAMLING ?? KRIGSFANGA­R: Norske krigsfanga­r frå Hellen festning. Biletet er tatt i Eidsvåg. I bakgrunnen dei tidlegare englandsbå­tane «Leda» og «Jupiter» som vart brukt som fangeskip.
ALLE FOTO: FRÅ VEGARD TOSKA SI SAMLING KRIGSFANGA­R: Norske krigsfanga­r frå Hellen festning. Biletet er tatt i Eidsvåg. I bakgrunnen dei tidlegare englandsbå­tane «Leda» og «Jupiter» som vart brukt som fangeskip.
 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? BOKA: Vegard Nordås Toska har jobba intenst i fleire år med å laga denne boka frå Kapabel forlag.
FOTO: ØRJAN DEISZ BOKA: Vegard Nordås Toska har jobba intenst i fleire år med å laga denne boka frå Kapabel forlag.
 ??  ??
 ??  ?? STATSRAADE­N I SVART: «Statsraad Lehmkuhl» er svartsalt og døypt om til «Westwärts». Skipet vart i lang tid brukt som losjiskip for KSV Westküste.
STATSRAADE­N I SVART: «Statsraad Lehmkuhl» er svartsalt og døypt om til «Westwärts». Skipet vart i lang tid brukt som losjiskip for KSV Westküste.
 ??  ?? MOT VAKSDAL: Tyske soldatar på marsj mot Vaksdal 20. april 1940.
MOT VAKSDAL: Tyske soldatar på marsj mot Vaksdal 20. april 1940.
 ??  ?? TIL HEST: Tyske soldatar rir gjennom eit bombeskadd Voss.
TIL HEST: Tyske soldatar rir gjennom eit bombeskadd Voss.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway