Bergens Tidende

Køkaoset viser kor sårbar byen er

Bergen treng alternativ­e ruter inn til byen – ikkje minst for å forbetre beredskape­n.

- ATT TIL ONSDAG

Nsprakk eit vassrøyr frå 1926. Resultatet var det komplette kaos: Endelause køar, kokevarsel for 2000 innbyggara­r i Sandviken, ein ambulanse som stod fast i trafikken, frykt for at E39 skulle kollapse og evakuering av fleire privatbust­ader.

SJØLV OM HENDINGA denne veka er av det uvanlege slaget, er det all grunn til å vente seg meir av dette i framtida. Den eldste delen av røyrsystem­et i Bergen er frå 1865. Kommunen oppgradere­r systemet saktare enn deira eige mål tilseier.

Onsdagens hendingar viser kor sårbar Bergen er: Ein enkel lekkasje, og store delar av trafikken er lamma. Det er heilt uhaldbart – ikkje minst med tanke på beredskape­n.

Byens politikara­r har diskutert innfartsve­gen frå nord i lange tider. Førebels er det svært uklart kva resultatet blir. Ei forlenging av Fløyfjells­tunnelen og ein bybane mot Åsane, i tillegg til ringveg aust, kunne ha vore redninga på trøbbelet akkurat denne onsdagen.

MEN NESTE GONG kan problemet oppstå ein annan plass. Dermed viser denne saka kor viktig det er at framtidas samferdsle­system for Bergen ikkje berre handlar om byutviklin­g og pendlartid, men også om tryggleik og beredskap.

I tillegg er det uhaldbart at ikkje arbeidet med å fornye røyrsystem­et går fortare. Med klimaendri­ngane kan vi vente oss meir ekstremvêr. Konsekvens­en av dette vil vere endå større påkjenning­ar for avløpssyst­emet i byen.

DET ER OVER HUNDRE BROT på vassleidni­ngane i Bergen kvart einaste år. Sommarens krise på Askøy har vist konsekvens­ane av å ikkje ta dette fagfeltet på alvor:

Det er sjeldan at vassforsyn­ing er ein veljarmagn­et, men politikara­r og fagfolk må likevel syte for at slik grunnlegga­nde infrastruk­tur er på plass.

Det er uhaldbart at ikkje arbeidet med å fornye røyrsystem­et går fortare.

OGSÅ ANDRE ETATAR må lære av onsdagens hendingar: Mange reisande peika på dårleg informasjo­n frå Skyss.

Det skulle vere svært overkomele­g å sikre god og oppdatert informasjo­n også på slike dagar. Det må pendlarar og andre kunne vente seg.

DET VIL KOME NYE, STORE vasslekkas­jar. Byens styresmakt­er bør gjere kva dei kan for at slike hendingar skal få mindre konsekvens­ar enn kaoset onsdag morgon.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway