Bergens Tidende

For 40 år sidan spelte ho elitehandb­all på asfalten for Os. No er Brit Eirin (70) nominert til Årets eldsjel.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto TUVA ÅSERUD

– Å gi meg heilt, det trur eg ikkje at eg klarer.

Det seier handballtr­enar og eldsjelnom­inerte Brit Eirin Tungeland.

– Høgst fortent! Nyheita er så fersk at slett ikkje alle har rukke å gratulera. Det vankar klemmar og handtrykk og skulderkla­pp i

Os idrettshal­l på andre veka.

På idrettens festkveld, Idrettsgal­laen 4. januar neste år, kan det vere at ho må opp på scena. Brit Eirin Tungeland er ein av dei nominerte til «årets eldsjel».

– Jau, eg er sjølvsagt spent, vedgår Brit Eirin Tungeland.

– Men eg tek det nett som det kjem. For meg er det ei ære berre å vera nominert.

Ho har ikkje rekna på det, men truleg er ho minst like mykje her i hallen som ho er heime.

– Vi kjøpte oss hytte på Kvamskogen for ti år sidan. Eg har alltid hatt lyst på hytte. Men ho er ikkje vorte like mykje brukt som eg hadde tenkt meg. Eg tok visst ikkje høgde for at barnebarna skulle byrja med handball, ler 70-åringen.

Handballen er lidenskape­n og hjartebarn­et hennar. Like sidan ho kom heim att frå skule i Kristiansa­nd midt på 70-talet, har ho vore ei drivande kraft i bygdas handballmi­ljø. Som spelar, trenar, kurshaldar og styremedle­m. No er det barnebarna og kompisane deira som nyt godt av hennar kunnskap og uslitelege entusiasme.

I arv

Oppvaksen på Lepsøy, gift med ein osing, buande sentralt på Osøyro.

Den eldsjelnom­inerte veit ikkje kven det var som foreslo henne for komiteen som skal finsikta kandidatan­e. Ryktet

fortel at det kan ha vore fleire som, uavhengig av kvarandre, sende nominasjon.

– Kva synest du sjølv om å vera nominert? Er det fortent?

– Det kan det ikkje vera opp til meg å meina noko om. Det eg kan seia, er at eg ikkje har teke del i dette for å få prisar og anerkjenni­ng. Eg synest det er kjekt å bidra og har sjølv fått mykje att for å vera med.

Men for tre år sidan måtte ho ta ein pause. På ferietur til Gran Canaria datt ho og knuste hofta. Ho hamna på spansk sjukehus og fekk protese. Ikkje av siste, oppdaterte sort, men god nok til at ho fungerer til kvardags.

Ulike evner og behov

Brit Eirin Tungelands handballka­rriere mangla nokre år på å falla saman i tid med oppsvinget til norsk damehandba­ll. Ho vart aldri nokon nasjonal publikumsf­avoritt eller kjæledegge. Trickskudd og andre finessar høyrde ikkje til hennar repertoar. Ho gjorde nytte for seg på anna vis.

– Eg var bra i forsvar og flink til å få med meg folk. Eg var den eldste på laget, fortel pensjonist­en, som spelte saman med mellom andre Anne Lyssand, som også var på landslaget.

Framleis er ho flink til å få med seg folk. Og ho er gammal nok til å forstå at alle har ulike behov.

– Men ikkje berre ulike behov. Dei har ulike evner også. Difor prøver eg å variera treningane. Allsidighe­it er viktig. Vi turnar, spring og hoppar og syter for å få brukt ulike ferdigheit­er. Då kan dei som kanskje ikkje er så gode med ball, også opplever meistring.

– Det tek dei med seg, og plutseleg blømer dei på andre arenaer også. Dei veks s om menneske, seier Tungeland.

Med beksaumstø­vlar

Ho har vore trenar for alle aldersgrup­per. I nesten 20 år var ho dessutan trenar for eit lag med psykisk utviklings­hemma på Os.

– Det var ei ny verd som opna seg for meg der. Å sjå kor viktig det er for dei å koma seg på trening, den idrettsgle­da dei opplever, men også den evna dei har til å ta til seg kunnskap, det gav meg veldig mykje. Det tek tid og tolmod å læra dei nye ting, men heilt fantastisk var det å sjå korleis dei òg utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode.

Mykje har skjedd på dei rundt 40 åra Brit Eirin har vore aktiv i idrettsrør­sla på Os.

No har handballen tre fulle baner å fordela aktivitete­n sin på, berre på Kuventræ. Rammevilkå­ra er gode. Brit må humra når ho fortel om asfaltbana på Osøyro som i hennar tidlege karriere, var den einaste dei hadde. Dei sydde sine eigne vestar til å ha sand i, slik at dei kunne auka treningsef­fekten. På føtene stilte dei gjerne med beksaumstø­vlar. Også det for å styrkja muskulatur­en. Nesten alt dei var med på, betalte dei av eiga lomme.

Viste veg

På det viset klarte Os-damene det kunstykket å kvalifiser­a seg for elitedivis­jonen. I til saman fire sesongar (79/80 og 80/81 og 83/84 og 84/85) målte dei krefter med Glassverke­t og Skogn og Skjeberg, før dei stille forsvann frå det nasjonale handballka­rtet.

Os var det første elitelaget frå Hordaland, og det går an å argumenter­a for at det var gulskjorte­ne frå Kuventræ som viste veg for dei som har kome etter. Tertnes, Bjørnar, Fyllingen og Fana.

For Brit Eirin Tungeland er det litt sårt å måtta konstatera at Os er blitt hengjande etter. Men ho føler at straumen er i ferd med å snu, og håpar at andre kan lata seg inspirera av det gode arbeidet som blir lagt ned. Nye frivillige har idretten alltid bruk for.

Spennande veker

Ho seier at trenartilv­æret er litt enklare no etter at ho har vore så heldig å få hjelp av to assistentt­renarar. På den måten er det lagt til rette for at ho med godt samvit kan trappa ned og kanskje kan bruka meir tid på turar og hagearbeid.

– Men å gi meg heilt, det trur eg ikkje at eg klarer.

No ventar spennande veker når dei 17 krinskandi­datane skal krympast til fem finalistar.

Kven dei fem blir, er det Årets eldsjel-jury (Kjetil André Aamodt, Aida Dahlen, Are Strandli, Marit Bjørgen, Olaf Tufte, Ragnhild Gulbrandse­n, Berit Kjøll og Astrid Uhrenholdt Jacobsen) som bestemmer.

Frå 14. desember og fram til nyttårsaft­an skal folket stemma på den kandidaten dei meiner fortener å få sjølve heiderstit­telen. Juryens vurdering og folkets stemmer tel like mykje.

På Idrettsgal­laen på Hamar 4. januar blir vinnaren offentlegg­jort.

 ??  ?? GIR SEG IKKJE ENNO: – Eg held ut så lenge eg ikkje føler at eg tek jobben frå nokon, seier Brit Eirin Tungeland.
GIR SEG IKKJE ENNO: – Eg held ut så lenge eg ikkje føler at eg tek jobben frå nokon, seier Brit Eirin Tungeland.
 ??  ??
 ??  ?? HAR UNDERVIST: Brit Eirin Tungeland er utdanna førskulelæ­rar, med vidareutda­nning i kroppsøvin­g og spesialped­agogikk. Dei siste 17 åra i arbeidsliv­et arbeidde ho ved Kuventræ skule. Ho har vore pensjonist sidan 2014.
HAR UNDERVIST: Brit Eirin Tungeland er utdanna førskulelæ­rar, med vidareutda­nning i kroppsøvin­g og spesialped­agogikk. Dei siste 17 åra i arbeidsliv­et arbeidde ho ved Kuventræ skule. Ho har vore pensjonist sidan 2014.
 ??  ?? TRIVNAD: Ein glad handballgj­eng saman på trening.
TRIVNAD: Ein glad handballgj­eng saman på trening.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway