Bergens Tidende

Då Sjur Røthe endeleg vann, var det dei andre som grein

Tårene rann på dei rundt han. Sjur Røthe berre smilte.

- ANDERS PAMER anders.pamer@bt.no Journalist i BT

IVINTERSKU­GGEN ER det kaldt. Der har Sjur Røthe vore i mange år. Ilt i ryggen. Ikkje heilt i slag. Medan kompisane har herja heilt i toppen, har Sjur vore bak der ein plass. Ein kunne sjå han då Northug vart intervjua. I bakgrunnen. Ein kunne få glimt av han på TVsendinga, høyre kommentato­rar med moll i stemmene:

« ... og her kjem Sjur Røthe mot mål. Fekk det ikkje heilt til i dag, heller, Sjur».

Men nokre gonger kunne ein sjå ein annan Sjur. Kattemjuk på skia. Som ein sportsdans­ar oppover brekkene. Lågt tyngdepunk­t, usynleg kraftoverf­øring. Med skia som ein del av kroppen hans.

Det var berre ikkje så ofte. Mest fordi det gjorde ilt. I ryggen og i hofta.

Du veit, revmatikar­ar likar seg best i Syden. Der er det nett som ledda tiner. Sola og varmen gjev dei ei pause frå smertene.

Men det er ikkje på strender Sjur Røthe skal levera. Han skal gå fortast i verda på snø, han.

DÅ ER DET ikkje så lett med Bekhterevs sjukdom. Då vert det ikkje alltid like kattemjukt.

Men Røthe fann endeleg ut kva det var som gjorde at ryggen streika og at han nokre morgonar måtte rulla seg ut or senga. Han fekk medisinar og ganske kjapt byrja kroppen å verka att.

Ein kan jo spørja kva han kunne ha vore, kva han kunne ha vunne om kroppen hadde vore frisk heile vegen. Svaret får me aldri, og noko seier meg at Sjur Røthe gir sånn høveleg blaffen i det heile.

For han vann.

Han vann tremila i VM. Det viste seg at han var heilt enormt god som smertefri.

Då viste det seg òg at alle dei andre hadde sett kor mykje han hadde slite. Dei hadde ilt av han, dei hadde medynk med han og dei unnte han sigeren som om det var dei sjølve som vann.

DIFOR RANN TÅRENE på mange kinn denne dagen i Seefeld, då Sjur Røthe endeleg ikkje kjende noko til den verkande ryggen.

Me hadde fått nokre frampeik. Ein uvanleg god sesong i verdscupen. Han vann både på Lillehamme­r og Beitostøle­n. Men pytt. Dette hadde me sett frå andre løparar før. Han var vel berre tidleg i form. Amatøren.

Det er slike ting me verkelege amatørar kan seia og tenkja, når me ikkje veit noko som helst. For det var ikkje mange som visste at Røthe hadde fått hjelp av medisinar. At han endeleg kjende seg sterk og mjuk att.

ALLE DEI TIMANE han har stått der. I bakgrunnen. Medan Northug har tirra svenskane, medan Sundby har utklassa konkurrent­ane, medan Klæbo har sprunge frå alle saman oppover motbakkane. Då har Røthe vore lagkamerat­en.

Rett nok sjølvskriv­en på landslaget. For god til å verta oversett slik. Men oftast nokre sekund for sein til rampelys og laurbærkra­ns.

Aldri har han sutra eller jamra seg. Sjølv om han har hatt den beste unnskuldin­ga av dei alle.

Mannen har jo ikkje vore frisk.

DÅ MÅ DET ha vore ein revansj å endeleg vinna VM, først åleine og seinare i lag med tre andre på stafetten. Det seier seg sjølv. Men vart det brøl eller svenskehet­s? Freista han å eiga heile rampelyset? Gjera det meste ut av sin status som verdas beste skiløpar? Kanskje knekka saman og letta på sløret om kor vondt det gjorde, kor lang tid det hadde tatt, kor nær han var ved å gi opp heile skiten.

Aldri. Han berre takka dei andre. Trenarar, lagkamerat­ar, alle dei som hadde hjelpt han til å vinna. Raus og smålåten på same tid.

MEN ALLE VEIT. Alle klarar å sjå kva dette må ha kosta. Og heile langrennsn­asjonen, heile landet unnte han desse dagane i Austerrike, dei kattemjuke milene utan smerter.

Då Sjur Røthe var best i heile verda.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway