Bergens Tidende

Equinor har ambisjonar om å redusere klimafotav­trykket vårt

I Equinor Mongstad meiner vi at vi må halde fram med å lage produkt, men at me må snu på alle mogelege steinar for å redusere CO2-utsleppa.

- KLIMA HENNING NEVERDAL Kommunikas­jonsansvar­leg på Equinor Mongstad.

TORSDAG 12.DESEMBER SKREIV Anne Marit Post-Melbye frå miljøstift­elsen Zero i BT om oljeraffin­eria si rolle i ei lavkarbonf­ramtid. Det er positivt at ho utfordrar Equinor på Mongstad om korleis vi tilpassar oss.

Vi veit at vårt anlegg represente­rer Norges største punktutsle­pp av CO2, og det gjev oss nokre særlege utfordring­ar – og mogeleghei­ta – til å bidra.

Og la det vere heilt klart – vi i Equinor har ambisjonar og tar store steg for å redusere klimafotav­trykket vårt på tvers av heile selskapet, for å forme energifram­tida. Det ambisjonsn­ivået gjeld også på Mongstad.

FYRST AV ALT kartlegg vi energiforb­ruket og leitar etter nye løysningar som kan få det ned. Her har vi kome langt. Allereie i fyrste halvdel av 2020, vil kraftvarme­verket vere ferdig ombygd, som del av dette arbeidet. Dette bidreg til å redusere CO2-utsleppa frå Mongstad raffineri med om lag 250 000 tonn per år. Til samanlikni­ng: Dette åleine tilsvara omlag halvparten av effekten frå heile Noregs elbilpolit­ikk så langt.

I tillegg kjenner dei fleste historikke­n med satsing på CO2-fangst på Mongstad. Teknologis­enteret for CO2 (TCM) er framleis verdasstør­ste senter for utvikling og testing av teknologi for CO2-fangst. Equinor er operatør av TCM, med ein CO2fangst kapasitet på 100 000 tonn per år.

KUNNSKAPEN FRÅ TCM-ANLEGGET er ein viktig bidragsyta­r for utvikling av karbonfang­stteknolog­i for verdsmarkn­aden, som vil vere heilt avgjerande for at Noreg og verda skal nå sine klimamål i tråd med Paris-avtalen.

Northern Lights, som omfattar transport, mottak og permanent lagring av CO2, vil også kunne gje ein mogeleghei­t for Mongstad. Equinor har ei sentral rolle i dette prosjektet som er planlagt operasjone­lt i 4.kvartal 2023.

POST-MELBYE PEIKAR HEILT riktig på biodrivsto­ff som ein mogeleghei­t. I over ti år har vi på Mongstad importert biodrivsto­ff som vi tilsett i diesel eller bensin. Fordelane ved å blande inn biodrivsto­ff i diesel og bensin er at dette gjer ein netto reduksjon i klimagassa­r.

I 2019 har me starta med uttesting av co-prosesseri­ng av berekrafti­g biomasse som ein del av råstoffet vi tek inn i raffinerie­t. Denne testinga har vert suksessful­l. Dette vil ytterlegar­e bidra til grønare og mindre karboninte­nsive produkt ut frå raffinerie­t.

SAMSTUNDES SOM VI GJER endringar for framtida, må vi hugse på at det som blir produsert på Mongstad i dag er svært viktig energi, både for menneske i Noreg og andre delar av verda. Produkta er viktige for å halde samfunnshj­ula i gong, i transport, kommunikas­jon, produksjon og industri. Det ansvaret må vi også levere på.

Vi innser at etterspørs­elen vil endre seg over tid, men det vil vere behov for bensin og diesel i mange år framover. Så har vi ei viktig oppgåve både i forhold til å gjere framstilli­nga og bruken av desse produkta mindre CO2 intensiv.

DET ER DENNE TYPEN satsingar som gjer oss til eit bredt energisels­kap. Vi har forplikta oss til å støtte Paris-avtalen og FNs berekrafts­mål, samt redusere utsleppa frå vår eigen olje- og gassverkse­md. I tillegg gjer vi ambisiøse investerin­gar i fornybar energi og lavkarbonl­øysingar. Begge satsingane spelar Mongstad ei viktig rolle i.

 ?? FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB SCANPIX ?? MONGSTAD: Vi må hugse på at det som blir produsert på Mongstad i dag er svært viktig energi, både for menneske i Noreg og andre delar av verda, skriv Henning Neverdal, kommunikas­jonsansvar­leg på Equinor Mongstad.
FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB SCANPIX MONGSTAD: Vi må hugse på at det som blir produsert på Mongstad i dag er svært viktig energi, både for menneske i Noreg og andre delar av verda, skriv Henning Neverdal, kommunikas­jonsansvar­leg på Equinor Mongstad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway