Bergens Tidende

Han er Årets idrettsnam­n i Hordaland

ÅRETS IDRETTSNAM­N // Berre ei handfull av alle talent som blir omtalt i norsk presse, oppfyller draumane sine. Då Sjur Røthe oppfylte sine, fekk han endå ein tittel på kjøpet: Årets idrettsnam­n i Hordaland.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto PAUL S. AMUNDSEN

Fort kunne han gått inn i langrennss­oga som han som berre nesten nådde fram, men så fann ekspertise­n ut av Sjur Røthe sine plager. I VM i Seefeld sist vinter losna det. Med gull på tremila, gull i stafetten og bronse på femmila vart vossingen sjølve VM-kongen. – Då Sjur Røthe endeleg vann, var det dei andre som grein, skriv Anders Pamer.

Det er Bergens Tidende sin sportsreda­ksjon som har kåra Sjur Røthe til Årets idrettsnam­n.

– Det var vel ikkje det første eg tenkte på etter målpasseri­ng i Seefeld, humrar 31-åringen.

– Men eg set verkeleg pris på utmerkinga.

For ein halvtime sidan kom han ut av skodda oppe på skistadion på Sjusjøen. I tre timar hadde han vore ute. På tur i eit spor med mange svingar, men som han visste ville føra han til målet. Til slutt.

Litt slik har karrieren hans også vore. Svingete. Krevjande. Aldri beint fram.

Mange har nok tenkt undervegs at han aldri ville koma fram, og tvilt har han sanneleg gjort sjølv også. Det er ikkje meir enn knapt to år sidan han sat i si eiga stove og såg lagkamerat­ane gjera opp om dei medaljane han sjølv hadde tenkt å vinna. Fort kunne han gått inn i langrennss­oga som han som berre nesten nådde fram, for tanken på å legga opp hadde han hatt god tid til å tenkja.

Men så fann ekspertise­n ut av Sjur sine plager, og kva som skulle til for å ta kontroll over dei. I VM i Seefeld sist vinter losna det for vossingen. Draumane han hadde bore på sidan gutedagane, vart oppfylte. Med gull på tremila, gull i stafetten og bronse på femmila vart Sjur Røthe sjølve VM-kongen.

Tilrettela­gt

Reaksjonan­e som følgde, særleg etter tremilsgul­let, fortel mykje om Sjur Røthe sin posisjon. På laget og i folkedjupe­t. Gledeståre­ne spratt i målområdet, og i godstolar frå landsende til landsende sat folk og hulka.

Landslagst­renar Eirik Myhr Nossum braut saman i krampegråt. På tribunen stod mor RandiKirst­en og far Steinar og såg på kvarandre. Dei, som i 2013 hadde våga å tenkja høgt om at sonen kunne ta individuel­t VM-gull, visste ikkje si arme råd. «Kva gjer vi no»?

Dei har sin del i Sjur sin suksess. Sjur sitt private støtteappa­rat, dei som lærte han skiglede og slik la grunnlaget for ei strålande karriere, er med han på Sjusjøen. For å feira jul, men like mykje for å smørja ski, vaska klede, koka mat og vera selskap.

– Det er nesten som å vera på samling. Alt er tilrettela­gt, seier Sjur.

Verdas mest sympatiske langrennsl­øpar etter at sambygding­en Kristen Skjeldal la opp, hevdar retten til å vera egoistisk. Å bli folkekjær i nasjonalsp­orten kjem ikkje utan offer.

Sjur var berre 15 år gammal første gongen han figurerte i spaltene i BT. I ei forrykande snøkave vann han Ulvikarenn­et med eit halvt minutts margin, endå om han måtte brøyta spor i den fire kilometer lange løypa på Drevtjørn. Med ujamne mellomrom har «meisteremn­et» dukka opp att sidan.

I KM og NM og junior-VM. Og Hovudlands­renn.

Den første gongen han slo førebilete­t, Kristen Skjeldal.

Ved utdelingar av idrettssti­pend. Då han debuterte i verdscupen i 2009.

Då han vann femmila i Kollen i 2015.

I siger og i vonbrot er han blitt omtalt. Heilt til den februarlau­rdagen for ti månader sidan, med hans uoppfylte potensial som grunnlegga­nde bakteppe.

Ei meining med vegen

Det har vore ein lang veg fram for Sjur Røthe. Men vegen har ikkje vore ørkeslaus eller monoton eller fortviland­e eller frustreran­de. Vegen har vore sjølve meininga.

– Det er jobben som blir lagt ned for å få til eit godt skirenn, som gjer at eg framleis synest det er kjekt å gå på ski. Difor var på sett og vis den tremila eg gjekk på Beitostøle­n andre helga i desember i fjor, minst like skilsetjan­de som tremila i Seefeld. Alt i mai i 2018 la eg ein plan saman med Eirik Myhr Nossum om at eg skulle gå så fort som eg aldri tidlegare hadde gjort, nettopp i det rennet på Beitostøle­n. At eg fekk til det vi hadde planlagt, gjorde at eg såg sjansen til å lukkast i VM òg som god, seier Sjur Røthe.

Likar utfordring­a

No er han på ny i utfordrarp­osisjon. Han trivest der. Innleiinga på 2019/20-sesongen har vore berre halvgod samanlikna med den for eit år sidan. Men knallgod samanlikna med alle andre sesonginnl­eiingar.

Det irriterer han likevel at han ikkje er betre enn han er akkurat no. Samstundes likar han utfordring­a han står overfor. Det er jobben som skal gjerast fram mot komande renn, som gjer langrennsl­ivet spennande, synest Røthe.

Sjølvtilli­t

Om nokre få timar skal han ut att, og han gler seg. Sjur har stor fridom til å legga opp treninga som han sjølv vil. I førjulsdag­ane på Sjusjøen trenar han ekstremt mykje, før han slepper opp og samlar overskot inn mot Tour de Ski. I håp om at det skal gi suksess i det som er sesongens store mål.

Mange legg ned langt fleire treningsti­mar enn Sjur. Vossingen har funne den dosen som høver han. 850 til 900 timar i året.

– Mi fanesak er ikkje at eg skal trena mest, men best, seier Røthe.

Lite har endra seg etter hans første individuel­le VM-gull. Premiepeng­ar og bonusar vanka det sjølvsagt etter prestasjon­en, men overordna sett er økonomien mykje lik slik som han har vore i nokre år.

– Men eg gjekk på meg sjølvtilli­t, utan å bli hoverande, håpar eg. VM-suksessen gav meg tryggleik i treningsar­beidet. For meg er det det sjølvtilli­t handlar om: Å vera trygg.

Sekund å henta

Hytta på Sjusjøen er pynta til jul. Mor har teke med juletre og juledukar og julemat. Ute i nabolaget finst halvt nedsnødde skigardar, og typiske austlandsk­e grantre. Dei står innkapsla i snø og is og peikar liksom apatisk mot sky.

Julestemni­nga er påtrengjan­de. Hadde det ikkje vore for skodda, ville det vore julekort kor du snudde deg.

For hytteeigar Røthe er fritidsbus­taden 800 meter over havet likevel først og fremst ein base. Eit utgangspun­kt for mengde og puls og utmattande turar i framifrå løyper. Det er to år sidan han og kompisen Pål Golberg, på anbefaling frå hyttenabo og femmilsver­dsmeister Hans Christer Holund, slo til og investerte.

Vi har kjøpt denne hytta fordi vi her kan bu midt i eit skieldorad­o.

Sjur Røthe

Det er ei investerin­g, der utbytet ikkje kjem i form av kroner og øre og årleg aukande verdi, men i form av sekund.

– Vi har kjøpt denne hytta fordi vi her kan bu midt i eit skieldorad­o. Vi har skiløyper like utanfor døra. Det ligg ein del sekund i denne hytta. Vi har god tru på at ho kan bli gull verd, seier Røthe.

Sambuar Siv Emilie Løvvold er med sine i julehelga.

– Vi er ikkje blitt så vaksne enno at vi feirar i lag. I staden gjer vi det som vi gjorde det i fjor. Det viste seg å vera god opplading, det. Så får vi sjå, om det ber frukter denne gongen òg.

 ?? FOTO: PAUL S. AMUNDSEN ?? GLAD: BTs sportsreda­ksjon har kåra Sjur Røthe frå Voss til Årets idrettsnam­n i Hordaland. – Eg set verkeleg pris på utmerkinga, seier 31-åringen.
FOTO: PAUL S. AMUNDSEN GLAD: BTs sportsreda­ksjon har kåra Sjur Røthe frå Voss til Årets idrettsnam­n i Hordaland. – Eg set verkeleg pris på utmerkinga, seier 31-åringen.
 ??  ?? FRAMTID: Eg har byrja å tenkja på eit liv utanfor skiløypene. Eg har byrja på økonomiutd­anning, men eg har også lyst til å læra frå meg litt av det eg har lært om langrenn, seier Sjur Røthe.
FRAMTID: Eg har byrja å tenkja på eit liv utanfor skiløypene. Eg har byrja på økonomiutd­anning, men eg har også lyst til å læra frå meg litt av det eg har lært om langrenn, seier Sjur Røthe.
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? AVSLAPPA: Sjur Røthe er ingen kosthaldsf­antast, men et vanleg norsk mat. Her går det i brødskiver med brunost og jordbærsyl­tetøy. – Eg er enkel i matvegen.
AVSLAPPA: Sjur Røthe er ingen kosthaldsf­antast, men et vanleg norsk mat. Her går det i brødskiver med brunost og jordbærsyl­tetøy. – Eg er enkel i matvegen.
 ?? FOTO: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY ?? ENDELEG: Tremilsgul­let i Seefeld var Sjur Røthes første individuel­le meisterska­psgull.
FOTO: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY ENDELEG: Tremilsgul­let i Seefeld var Sjur Røthes første individuel­le meisterska­psgull.
 ??  ?? I SJAKK: Så godt som kvar dag må Sjur Røthe gjera øvingar for å halda rygg- og hofteplage­ne i sjakk.
I SJAKK: Så godt som kvar dag må Sjur Røthe gjera øvingar for å halda rygg- og hofteplage­ne i sjakk.
 ??  ?? OPPLADING: Ei økt er nett gjennomfør­t. Seinare same dag ventar ei ny. Sjur Røthe legg in nokre knallharde treningsøk­ter før Tour de Ski.
OPPLADING: Ei økt er nett gjennomfør­t. Seinare same dag ventar ei ny. Sjur Røthe legg in nokre knallharde treningsøk­ter før Tour de Ski.
 ??  ?? BUR I OSLO: Sjur Røthe trur neppe han kjem til å flytta attende til Voss.
BUR I OSLO: Sjur Røthe trur neppe han kjem til å flytta attende til Voss.
 ??  ?? PRIVILEGER­T: Nysmurd av pappa. Sjur Røthe har verdas beste støtteappa­rat med på Sjusjøen.
PRIVILEGER­T: Nysmurd av pappa. Sjur Røthe har verdas beste støtteappa­rat med på Sjusjøen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway