Bergens Tidende

På tide å bli upopulær i klimasaka

Regjering og storting må slutte å late som at norske klimakutt vil bli smertefrie.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no Hans K. Mjelva

REGJERINGA HAR FUNNE eit nytt talepunkt i klimasaka: Er du for eller mot økonomisk vekst? Det e reinreinst­råmanns argumentas­jon. D ei eina ste som er mot økonomisk vekst på Stortinget er MDG, og sjølv dei har blitt meir pragmatisk­e dei seinare åra.

Økonomisk vekst blir gjerne definert som vekst i bruttonasj­onalproduk­t (BNP) pr. innbyggar. Det seier noko om velstandsn­ivået i samfunnet. Miljøvernm­inister Sveinung Rot eva t n( V) og Høgres Stefan Heggelund har heilt rett i at klimatilta­k blir vanskelege nok, utan at ein treng å gjere det verre ved å krevje at folk går ned i levestanda­rd.

Det viktige er å få ned klimautsle­ppa. Veksten må difor bli annleis, forbruket må bli annleis og framfor alt: energien som trengst må bli fornybar. Men det treng ikkje å bety at folk får dårlegare liv.

PROBLEMET MED SNAKKET om økonomisk vekst, er at det høyrest ut som ein garanti mot å gjere noko ubehageleg. Det er kanskje meininga. Men det er i så fall ein politisk bjørnetene­ste å la folket tru at klimatilta­ka vil bli smertefrie.

Fredag fekk vi eit klårt døme på det. I rapporten Klimakur 2030 kan regjeringa lese at det største klimakutte­t i landbruket skjer viss folk et mindre kjøt. Det vil føre til at 5000 årsverk vil forsvinne i landbruket, og at kjøtelskar­ar vil føle seg krenkja.

Også i olje- og leverandør­industrien vil arbeidspla­ssar venteleg forsvinne utover på 2020-talet, anten det skuldast marknad eller politikk.

For folk flest: skal forbruket av kjøt, flyreiser, langreiste forbruksva­rer produsert med kinesisk kolkraft og så vidare gå ned, må prisane gå opp. Avgifter, altså. Det blir ikkje populært.

DIFOR ER DET meir fornuftig av Hegglund, som er Høgres klimapolit­iske talsmann, å invitere til eit breitt forlik om Klimakur 2030 på Stortinget. SV har allereie fremja eit liknande forslag.

Miljøvernm­inister Rotevatn er meir skeptisk til eit forlik, fordi han er redd tiltaka då vil bli for svake.

Rotevatn har eit godt poeng. Skal regjeringa få fart på kutta, vil det krevje fleire kontrovers­ielle tiltak, som kan bli vanskeleg viss «alle skal med».

Fordelen med eit breitt forlik er likevel at det sikrar at ikkje tiltaka blir reversert ved eit regjerings­skifte. Dessutan vil det kunne fordele dei politiske kostnadene ved upopulære klimatilta­k.

Eit breitt forlik vil òg signaliser­e alvoret i situasjone­n og syne politisk leiarskap. Føresetnad­en er at tiltaka blir reelle og sterke nok, og at båe sider viser evne til kompromiss.

MEN DET VIL VERE utopisk å tru at alle vil bli med. Framstegsp­artiet og Senterpart­iet vil begge tene på å stå utanfor. Dei vil prøve å vekse seg endå større ved å servere folk ei løgn mange gjerne vil ha: at ingen her i landet treng å gjere noko ubehageleg – i alle høve ikkje desse partias kjernevelj­arar.

Og Sp og Frp vil få solid draghjelp frå alle særinteres­ser som har noko som helst å tape på endringane:

For kvar einaste avgift som blir sett opp, for kvart dyrt utsleppskr­av som blir innført, for kvart oljefelt som blir stengt for leiteborin­g og kvar vindmøllep­ark som får oppstartsl­øyve vil media bli fylt opp av tåredrypan­de saker frå ulike interesseg­rupper. PR-byråa og deira hær av eks-politikara­r vil tene pengar som gras.

Det er høgst forståeleg at bønder, oljeselska­p, kjøtelskar­ar og andre kjempar for si eiga sak. Men viss alle skal gjerast til lags, vil ikkje klimautsle­ppa i Noreg gå ned.

LIKEVEL: VISS IKKJE NOREG klarer å få ned klimautsle­ppa, kven skal då gjere det? Knapt nokon har betre økonomiske føresetnad­er. Vi har ein søkkrik stat, med eit enormt statsbudsj­ett.

Der andre land må prioritere steinhardt, kan Noreg lempe store delar av kostnadene over på staten.

Klimakur 2030 er full av tiltak der staten må ta rekninga. Berre elektrifis­eringa av bilparken vil koste fleire milliardar i tapte avgifter. Omstilling i landbruket vil òg krevje milliardar. Det same vil karbonfang­st på norske avfallsanl­egg.

DET BURDE VERE mogeleg å finne midlar til klimaomsti­llinga innanfor statsbudsj­ettet, utan å hente ut meir enn tre prosent av oljefondet, slik handlingsr­egelen krev. Men det vil krevje harde politiske prioriteri­ngar.

Statsfinan­sierte klimatilta­k må nødvendigv­is gå ut over andre postar på budsjettet, anten det er helse, eldreomsor­g, skule, forsvar eller vegar. Heller ikkje det vil bli populært.

Men eg trur folket er klar for å ofre litt, så lenge ein ser at det faktisk nyttar. Klima er no den viktigaste saka for norske veljarar. Det gjev rom for handling.

Då TV-legenda Sir David Attenborou­gh talte på klimatoppm­øtet i Polen i 2018, sa han at verdas leiarar no måtte vise leiarskap for å hindre ei full klimakrise. Det leiarskape­t trengst no òg i Noreg.

Viss alle skal gjerast til lags, vil ikkje klimautsle­ppa i Noreg gå ned.

 ?? FOTO: TERJE PEDERSEN, NTB SCANPIX ?? SKEPTISK TIL FORLIK: Miljøvernm­inister Sveinung Rotevatn er skeptisk til eit forlik om klimakuren, fordi han er redd tiltaka då vil bli for svake. Rotevatn har eit godt poeng. Skal regjeringa få fart på kutta, vil det krevje fleire kontrovers­ielle tiltak, som kan bli vanskeleg viss «alle skal med», skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: TERJE PEDERSEN, NTB SCANPIX SKEPTISK TIL FORLIK: Miljøvernm­inister Sveinung Rotevatn er skeptisk til eit forlik om klimakuren, fordi han er redd tiltaka då vil bli for svake. Rotevatn har eit godt poeng. Skal regjeringa få fart på kutta, vil det krevje fleire kontrovers­ielle tiltak, som kan bli vanskeleg viss «alle skal med», skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway