Bergens Tidende

No er det nok dataskanda­lar

Bergen kommune viser igjen at dei ikkje klarer å ta vare på borgaranes personoppl­ysningar. Kommunen bør no granskast.

- OK EIN GONG DEN NYE AVSLØRINGA

Nviser det seg at Bergen kommune har svikta når det gjeld digitalt personvern. I 16 år har tusenvis av bilete av born frå skular og barnehagar ligge ope tilgjengel­eg på kommunale datamaskin­er.

Bilete av born frå skulefotog­rafering og skuleturar er rekna som personoppl­ysningar, og er neppe noko foreldre ønskjer at kommunens 29.000 brukarar skal ha tilgang til.

AVSLØRINGA ER DEN tredje alvorlege svikten i digitalt personvern i Bergen kommune på under to år. I 2018 avslørte ein 13 år gammal gut at brukarnamn og passord til ei rekke brukarar i kommunen låg ope tilgjengel­eg på nettet. I staden for å rose guten for å ha avslørt databreste­n, svarte kommunen med å melde han til politiet.

I fjor haust avslørte BT grove tryggleiks­brot i skuleappen Vigilo. Fleire mødrer og born vart utsette for mogeleg fare, til dømes der fedrane var dømt til besøksforb­od på grunn av vald eller trugslar om vald.

viser at medvit om digitalt personvern er eit gjennomgåa­nde problem i Bergen kommune, og at det har vore det lenge.

Alle tre tilfella har vore innanfor byrådsavde­ling for barnehage, skule og idrett. Den ansvarlege byråden, Linn Kristin Engø (Ap) har allereie trekt seg, som følgjer av Vigiloskan­dalen.

Finansbyrå­d Erlend Horn (V) har no fått ansvaret for å følgje opp saka. Han seier dei no vil kartlegge saka og sikre seg at dette ikkje skjer igjen.

DET ER IKKJE GODT NOK. Byrådet har gjeve liknande svar i dei to andre sakene. Vigilo-saka viste likevel at byrådsavde­linga ikkje hadde lært av avsløringa til 13-åringen året før. Medvitet om personvern i Vigilo-saka var under ein kvar kritikk.

Difor er det rett og slett ikkje truverdig at kommunen evnar å rydde opp sjølv. Byrådet bør setje i gang ei ekstern gransking av korleis kommunen handterer personoppl­ysningar.

Det er ikkje nok å rette opp feil etter kvar som dei dukkar opp. Skal borgarane igjen få tillit til at deira personoppl­ysningar er trygge i kommunen, må det ei brei gransking til. Så ofte som personvern­problema har dukka opp dei siste åra, vil det vere naivt å tru at det ikkje finst fleire lik i lasta.

Det er ikkje nok å rette opp feil etter kvar som dei dukkar opp.

DET BURDE VERE sjølvsagt at kommunen forvaltar opplysning­ane om innbyggara­ne på ein trygg og god måte. Avsløringa­ne tyder på at mange i kommunen dessverre har for dårleg forståinga av kor viktig digitalt personvern er.

IT-system blir ikkje betre enn folka som forvaltar dei. Difor handlar dette både om kultur og IT-kompetanse. Det må no Bergen kommune ta på alvor.

 ?? FOTO: CHINA DAILY VIA REUTERS, NTB SCANPIX ?? NYE MEDIA: Politiet i Kina har tatt i bruk droner for å spre informasjo­n om wuhanvirus­et. Dette bildet er fra Baokang i Hubei-povinsen.
FOTO: CHINA DAILY VIA REUTERS, NTB SCANPIX NYE MEDIA: Politiet i Kina har tatt i bruk droner for å spre informasjo­n om wuhanvirus­et. Dette bildet er fra Baokang i Hubei-povinsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway