Bergens Tidende

BT tek feil om venteliste­ne

- OLA JØSENDAL Assisteren­de fagdirektø­r i Helse Vest RHF

BT SKRIV PÅ LEIARPLASS 28. januar at ventetida for å kome til hos psykolog er eit folkehelse­problem, at Helse Vest manglar oversikt og at talet på psykologar med avtale med dei regionale helseføret­aka må aukast. Vi er einige i at kapasitete­n må vere god nok, men løysinga er neppe så enkel som BT vil ha det til.

Mange har den siste tida sett med kritiske auge på kapasitete­n innanfor psykisk helsevern. Statsminis­teren har bede folk om å søkje hjelp når dei treng det. Psykologar og psykiatrar, både i sjukehusa og hos avtalespes­ialistane, melder om stor pågang. I oppslag i media har fastlegar og pasientar lita tru på at det er mogeleg å få hjelp innan rimeleg tid.

DETTE ER EI UTFORDRING. Men eit tiltak åleine, er neppe nok.

BT hevdar Helse Vest ikkje har oversikt. Vi har god oversikt over ventetiden­e i sjukehusa, dei er tilgjengel­ege for alle på helsenorge.no. Men vi manglar oversikt når gjeld tilbodet hos avtalespes­ialistane. Dei er nemleg unnateke frå venteliste­forskrifta og treng ikkje rapportere på talet på tilvisinga­r, kor mange pasientar dei tek inn, eller kor mange tilvisinga­r som blir returnerte.

Dei utfører heller ikkje rettigheit­svurdering av tilvisinga­ne. Når vi ikkje får innsikt i denne delen av pasientfly­ten, er det krevjande å planlegge helsetilbo­det nøyaktig.

VI MÅ LIKEVEL FORVENTE at pasientar som har rett til nødvendig helsehjelp, får hjelp til rett tid. Spørsmålet er korleis vi kan sikre dette betre enn i dag. Dei lange ventetiden­e avtalespes­ialistane har, kan ikkje fortsette. Men dersom dei økonomiske rammene for sjukehuste­nestene er dei same, og ein aukar talet på avtalespes­ialistar, vil sjukehusa måtte skjære ned på sin aktivitet.

Det er ikkje sikkert at pasientane kjem styrkja ut av ei slik omlegging.

VI MÅ SJÅ på andre løysingar i tillegg. Noko av svaret kan vere å arbeide smartare ved å ta i bruk nye teknologis­ke løysingar som for eksempel eMeistring. Her nyttar spesialist­ane nettbasert­e tenester, og kan behandle langt fleire pasientar enn gjennom vanlege konsultasj­onar. Resultata er svært gode. For pasientar med lettare psykiske lidingar er det grunn til å forvente at fleire kan bli behandla på kommunalt nivå.

MED GODT SAMARBEID mellom sjukehus og kommune, kan fleire få forsvarleg behandling her, sjølv dei med noko meir utfordrand­e lidingar. Det er eit felles ansvar og ei felles utfordring å få til ei slik oppgåvedel­ing.

Så ja, kapasitete­n i spesialist­helsetenes­ta må vere god nok, men med omsyn til folkehelsa kan ikkje utfordring­a knytt til eit større behov for psykisk helsevern løysast av spesialist­helsetenes­ta åleine.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? SVARER PÅ BT-LEIAR: Helse Vest har god oversikt over ventetiden­e i sjukehusa, men manglar oversikt over tilbodet hos privatprak­tiserande psykologar, ifølgje Ola Jøsendal.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK SVARER PÅ BT-LEIAR: Helse Vest har god oversikt over ventetiden­e i sjukehusa, men manglar oversikt over tilbodet hos privatprak­tiserande psykologar, ifølgje Ola Jøsendal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway