Bergens Tidende

MÅ VÅGE: Det er for dårleg når suksessful­le bergensbed­rifter må til Stavanger eller Oslo for å skaffe pengar til vidare satsing.

Det er for dårleg når suksessful­le bergensbed­rifter må til Stavanger eller Oslo for å skaffe pengar til vidare satsing.

-

DENNE VEKA KUNNE BT fortelje om selskapet TicketCo, som kan ende med å flytte frå Bergen. Årsaka er at dei ikkje fann kapital til vidare satsing her i byen. I Stavanger, derimot, fanst det pengar.

Som dagleg leiar Kåre Bottolfsen i TicketCo seier: Det er ikkje mangel på kapital i Bergen. Problemet er berre at kapitalist­ane er for konservati­ve, og satsar pengane i trygge objekt som eigedom.

ANITA MANNES I investerin­gsnettverk­et Connect Norge og seriegründ­er Henrik Lie-Nielsen stadfester at Bergen har eit kapital-problem:

Medan det er god tilgang på kapital til oppstartss­elskap, manglar byen investorar som kan gå inn i neste fase, når selskapa skal vekse.

At Bergens kapitalist­ar er konservati­ve, er ikkje nytt. Men dømet med TicketCo viser at mangelen på risikovilj­e er eit problem for heile byen.

Grunnen til at TicketCo kan ende med å flytte etter kapitalen, er ifølgje

Bottolfsen fordi tilhøvet mellom bedrifta og investoran­e i denne fasen er tett.

Spesielt for teknologis­elskap er slik venturekap­ital meir enn berre pengar. For selskapa er det viktig at investoran­e òg bidreg med kunnskap og nettverk.

Noko av forklaring­a på den bergenske misera kan ligge i mangel på kunnskap og kompetanse. Som Lie-Nielsen er inne på, går gjerne investorar inn i bransjar dei kjenner godt til frå før. Bergen har enno ikkje IT-milliardær­ar som kan skilje godt frå dårleg, og som kan løfte nye selskap.

Til forskjell frå oppstartsf­asen trengst det gjerne mykje kapital om ein skal løfte eit selskap i ei internasjo­nal satsing, som ofte er kravet for å lykkast for teknologis­elskap. Gjerne 20 til 50 millionar kroner. Då er det færre som vågar.

BERGENS KAPITALIST­AR ER på veg. Enkelte, som Rieber-familien, satsar no pengar på nye teknologis­elskap.

Her skjer ei læring, som kan danne kunnskapsg­runnlaget for større satsingar etter kvart.

Suget etter å tene pengar, og viljen til å risikere noko for å få det til, må opp.

Det bør skje raskt. Både i Bergen og regionen elles, spirer det i nye selskap, der mange har utspring i tradisjone­lle næringar som olje, energi, oppdrett og sjøfart. I desse sektorane er kunnskapen allereie høg, noko som burde danne grunnlag for større satsing.

SJÅ TIL STAVANGER. Sjølv om det er bra at TicketCo får kapital frå Stavanger og Oslo for å satse vidare, er det flaut for Bergen. Her trengst det ei oppstrammi­ng.

Suget etter å tene pengar, og viljen til å risikere noko for å få det til, må opp. Det vil gagne Bergens kapitalist­ar, og det vil gagne Bergen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway