AP: Det har vore eit dri­tår for Ar­bei­dar­par­ti­et i Ber­gen. Kri­ti­ka­rar i eige par­ti kan vere verd å lyt­te til for Ro­ger Val­ham­mer.

Det har vore eit dri­tår for Ar­bei­dar­par­ti­et i Ber­gen. Kri­ti­ka­rar i eige par­ti kan vere verd å lyt­te til for Ro­ger Val­ham­mer.

Bergens Tidende - - FORSIDE - gerd.tjeld­[email protected] Gerd Mar­gre­te Tjeld­flåt

NÅR AR­BEI­DAR­PAR­TI­ET I BER­GEN sam­last til års­møte den­ne hel­ga, har dei fått med seg ein gåve­pak­ke. Par­ti­et får sitt bes­te re­sul­tat si­dan de­sem­ber 2018 på BTs fers­ke må­ling. Re­sul­ta­tet er fram­leis be­skjed­ne 23,7 pro­sent, og sei­er mest om kor dår­le­ge alle må­lin­ga­ne har vore i tida før.

Li­ke­vel, etter eit år med nes­ten ber­re ned­tu­rar, er det­te fak­tisk godt nytt.

OPPSVINGEN PÅ MÅLINGA ga­ran­te­rer po­si­tiv stem­ning på års­mø­tet, der ein el­les skal sa­man­fat­te eit år par­ti­et kan­skje har mest lyst til å gløy­me.

Året star­ta med ein open kamp mel­lom Ro­ger Val­ham­mer og Mar­te Mjøs Per­sen om kven som skul­le bli par­ti­ets nes­te front­fi­gur.

Det heldt fram med ein val­kamp der nes­ten alt hand­la om å for­sva­re bom­ring og By­ba­nen over Bryg­gen. Sjøl­ve va­let enda i eit ka­ta­stro­fe­re­sul­tat som sak­nar side­styk­ke i Ber­gen.

Den ein­as­te opp­tu­ren det sis­te året, er at Ar­bei­dar­par­ti­et fram­leis sty­rer Ber­gen. Men det er med naud og nep­pe. By­råds­lei­ar Val­ham­mer lei­ar eit fire­parti­by­råd, som fram­leis mang­lar ni stem­mer i by­sty­ret for å få fleir­tal for sa­ke­ne sine.

Det gjor­de det mel­lom anna mo­ge­leg for op­po­si­sjo­nen å frem­je mis­til­lits­for­slag slik dei gjor­de i ja­nu­ar, då skule­by­råd Linn Kris­tin En­gø måt­te gå av.

MEN DET BLIR IKKJE eit opp­gjer med noko av det­te på års­mø­tet. Så len­ge Ap fram­leis sit ved mak­ta i Ber­gen, er det ikkje rom for å set­je hardt mot hardt og end­re kurs. Den sis­te målinga byg­ger ber­re opp un­der det­te.

Det er li­ke­vel teikn på at det ul­mar av mis­nøye en­kel­te sta­der i Ap i Ber­gen. Det bør dei som sit ved sty­rin­ga ta på al­vor.

ÅRS­MØ­TET SKAL DISKUTERE nye parti­reg­lar som skal sik­re makt­sprei­ing.

Eit ut­val har fore­slått at ei heil rek­ke med­lem­mer ikkje skal kun­ne vel­jast til sty­ret, val­ko­mi­te­en el­ler no­mi­na­sjons­ko­mi­te­en i Ap i Ber­gen. Det­te in­klu­de­rer alle heil­tids­po­li­ti­ka­rar, som ord­fø­rar, by­rå­dar og po­li­tis­ke råd­gjeva­rar.

For­sla­get ram­mar også med­lem­mer med nær til­kny­ting til heil­tids­po­li­ti­ka­ra­ne, det vil seie ek­te­fel­lar, kjæras­tar, for­eld­re/svi­ger­for­eld­re, barn og søs­ken.

For­sla­get er eks­tremt strengt. Det­te er ikkje van­leg prak­sis i and­re par­ti, og hel­ler ikkje i Ap sen­tralt. Par­ti­et sen­tralt har også rådd med­lem­me­ne i Ber­gen ifrå å ved­ta eit for­slag som det­te.

MEN AT EIT SLIKT FOR­SLAG duk­kar opp, er svært in­ter­es­sant uan­sett om det blir ved­te­ke el­ler ikkje.

Det vit­nar om at no­kon mei­ner ei grup­pe i par­ti­et byr­jar å få alt­for my­kje makt. Og det vit­nar om man­gel på til­lit til at eig­ne po­li­ti­ka­rar på råd­hu­set tek gode av­gjers­ler.

Før­re veke pre­sen­ter­te BA ei må­ling om Val­ham­mers til­lit blant ber­gen­sa­rar. Den er låg. Sjølv blant sine eig­ne vel­ja­rar, har Val­ham­mer ber­re til­lit hos så vidt halv­par­ten.

DET ER LI­KE­VEL NOKO anna å mang­le til­lit hos med­lem­mer i sitt eige par­ti.

I vis­se grup­per hers­kar det skep­sis mot by­rå­det og ap­pa­ra­tet rundt. Dei er unge, og svært man­ge til­høy­rer Val­ham­mers ei­gen, nære krins. Det­te gjaldt kan­skje sær­leg for tid­le­ga­re skule­by­råd En­gø, som han set­te hei­le by­rå­det i spel for å red­de.

Det var det flei­re i Ar­bei­dar­par­ti­et som ikkje lik­te. Dei ser det som at han var vil­lig til å ofre sty­rin­ga av byen for å red­de sin ei­gen støtte­spe­lar.

At ikkje alle i par­ti­et er nøg­de med Val­ham­mer hei­le tida, treng ikkje vere ska­de­leg. Men når det går dår­leg, vil flei­re byr­je å mur­re.

Å ber­re glat­te over byr­jan­de mis­nøye, kan gje­re vondt ver­re. Ein lei­ar må også høy­re på kri­ti­ka­ra­ne sine, og for å få des­se fram i ly­set, må dei få ta­lar­sto­lar der dei blir høyrt.

DEN SIS­TE MÅLINGA gir Val­ham­mer håp om at han ikkje ber­re blir fje­set på Aps ned­tur, men også kan få vere par­ti­ets gal­lions­fi­gur me­d­an det rei­ser seg igjen.

Men då må han også få en­tu­si­as­men til­ba­ke i alle de­lar av sitt eige par­ti – eit par­ti som også mis­ter med­lem­mar. Det er in­gen en­kel jobb, sam­stun­des som han må sty­re i mindre­tal og inn­gå kom­pro­miss med fem and­re par­ti i over tre år til.

Det sis­te Val­ham­mer har gjort, er å få inn End­re Tvin­ne­reim som ny skule­by­råd. Det blei teke godt imot i par­ti­et. Ikkje ber­re for­di Tvin­ne­reim blir trekt fram som ein flink po­li­ti­kar, men også for­di han er litt eld­re enn res­ten av by­rå­det og ikkje kom frå den same ind­re krin­sen som man­ge av dei and­re på råd­hu­set.

DET VAR EIT KLOKT trekk. Val­ham­mer treng drag­hjelp frå alle de­ler av par­ti­et sitt, om Ap skal kun­ne hal­de fram med opp­tu­ren.

Dei er unge, og svært man­ge til­høy­rer Val­ham­mers ei­gen, nære krins.

ARKIVFOTO: BÅRD BØE

MURRING: Ikkje alle i Ap er like nøg­de med by­råds­lei­ar Ro­ger Val­ham­mer, og job­ben han har gjort det sis­te året.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.