Alle dø­rer er stengt til akutt­mot­ta­ket

Tel­tet utan­for akutt­mot­ta­ket er 17 me­ter langt og 5 me­ter breitt. Det knall­gule tel­tet er det mest syn­le­ge be­vi­set på at si­tua­sjo­nen på Hauke­land ikkje er som før.

Bergens Tidende - - FORSIDE - MÅLFRID BORD­VIK mal­frid.bord­[email protected] foto BÅRD BØE

4

– Vi har luk­ka og låst alle dø­re­ne til akutt­mot­ta­ket. Alle pa­si­en­tar som kjem med sjuke­bil, dro­sje el­ler kjem gå­an­de må gjen­nom det­te tel­tet, sei­er sek­sjons­over­lege Ma­ri­an­ne Rei­mers på mot­taks­kli­nik­ken.

Ber­re am­bu­lan­sar med blå­lys, som rin­gjer og av­ta­lar på føre­hand, får kome di­rek­te inn i akutt­mot­ta­ket.

– Kla­rer oss så len­ge vi har folk – Vi prø­ver å for­hind­re at våre til­set­te skal bli sju­ke og kome i ka­ran­te­ne. Den førs­te ko­rona­pa­si­en­ten som kom inn gjen­nom akutt­mot­ta­ket set­te ein stor del av per­so­na­let vårt i ka­ran­te­ne. Det var smerte­fullt, min­nast Rei­mers.

Inn­til dei fekk for­ster­kin­gar frå and­re av­de­lin­gar var det tynt med folk på jobb. Der­med vart det vel­dig tra­velt for dei få le­ga­ne og sjuke­pleia­ra­ne som var att på jobb.

– Det er det vi prø­ver å hind­re at skal skje igjen. Så len­ge vi har folk, skal vi kla­re oss, sei­er sek­sjons­over­le­gen.

Tys­dag er 38 til­set­te smit­ta av ko­ro­na og 430 er i ka­ran­te­ne.

Kjet­tin­gar sper­rer

Midt i tel­tet er det laga til inn­gang. Her blir pa­si­en­ta­ne møtt av ein sjuke­plei­ar el­ler lege, og må sva­re på spørs­mål om rei­ser, kon­takt med sju­ke per­son­ar el­ler om dei på an­nan måte kan ha vore ut­sett for ko­ro­nasmit­te.

Sam­ta­len går føre seg på to me­ters av­stand. Mel­lom dei er det sett opp sper­ring med kjet­ting og stopp­skilt. Vifte­om­nar sprei­er var­me i tel­tet, men har også ein til­leggs­funk­sjon; den bles mo­ge­leg smit­te vekk frå sjuke­pleia­ren.

Når helse­per­so­nel­let mis­ten­kjer ko­ro­nasmit­te må pa­si­en­ten fort­set­te gjen­nom tun­ne­len og ta til høg­re inn i pan­de­mi­mot­ta­ket. Der­et­ter blir dei tes­ta for ko­ro­na.

And­re pa­si­en­tar går til venst­re og kjem inn i den van­le­ge de­len av akutt­mot­ta­ket. På­rø­ran­de blir som re­gel av­vist i dø­ra.

– Vel­dig spen­te

11 pa­si­en­tar er inn­lag­de med

co­vid-19 vi­ru­set på Hauke­land. Tys­dag kom mel­din­ga om det førs­te døds­fal­let.

Sjuke­hu­set har sagt at dei skal kla­re å ta imot inn­til 400 co­vid19-pa­si­en­tar. Rei­mers skild­rar ei kjens­le av «stil­le før stor­men». På akutt­mot­ta­ket øver dei mel­lom an­na på å kle av og på seg smitte­vern­ut­sty­ret og å gjen­nom­føre kor­rekt prøve­ta­king.

– Vi har hatt tid til å føre­bu oss, lage nye ru­ti­nar og snak­ke om det som skal skje. Alt er ann­leis med sto­re meng­der smitte­vern­ut­styr på. Og vi øver på å job­be ras­ka­re og å vere fær­re på kvar opp­gå­ve.

No mer­kar dei at ta­let på ta­let på pa­si­en­tar som treng sjuke­hus­be­hand­ling er på veg opp.

– Vi er vel­dig spen­te på kva som skjer dei nes­te da­ga­ne. Vi føre­bur oss på å ta imot man­ge flei­re.

– Føre­bur oss på det ver­ste

Frå Ita­lia kjem det rap­por­tar om ful­le sjuke­hus og krigs­lik­nan­de til­stan­dar, der le­ga­ne må gje­re har­de prio­ri­te­rin­gar om kven som skal få be­hand­ling.

– Fryk­tar de ita­li­ens­ke til­stan­dar?

– Vi føre­bur oss på det ver­ste, både men­talt og fy­sisk. Men vi hå­per vi slepp unna slik dei har hatt det i Ita­lia. Eg trur den gode dug­nads­ånda som går føre seg no, der folk har heime­kon­tor og heime­sku­le, er til nyt­te, sei­er over­le­gen.

Dag­leg ut­veks­lar Rei­mers er­fa­rin­gar, dis­ku­te­rer sce­na­rio og nye ru­ti­nar med kol­le­ga­er på akutt­mot­taka på dei and­re sjuke­husa i Noreg. Ide­en om tel­tet er hen­ta frå Dram­men.

– Bru­ken av tel­tet fun­ge­rer fint no, men vi kan raskt end­re bru­ken av det viss si­tua­sjo­nen end­rar seg, mel­lom an­na gje­re plass til vente­rom.

Den førs­te ko­rona­pa­si­en­ten som kom inn gjen­nom akutt­mot­ta­ket set­te ein stor del av per­so­na­let vårt i ka­ran­te­ne. Det var smerte­fullt.

Ma­ri­an­ne Rei­mers, sek­sjons­over­lege

Over­le­ga­ne Ma­ri­an­ne Rei­mers og Kris­tin Greve-Isdahl Mohn føre­bur seg på å ta imot man­ge flei­re ko­rona­pa­si­en­tar. Her er dei i tel­tet som lei­er inn til akutt­mot­ta­ket.

Ber­re pa­si­en­tar med «raud» kode får kome di­rek­te inn i akutt­mot­ta­ket etter av­kla­ring med am­bu­lan­sen. Alle and­re må gjen­nom tel­tet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.