Bergens Tidende

Stovegrise­ns glansdagar

- HANS K. MJELVA hans.mjelva@bt.no Kommentato­r i BT

Vere inne i fleire månader? Kunne ikkje hatt det betre.

EG HAR EIN EIGENSKAP eg trudde eg aldri ville få bruk for: Eg er ein stovegris. Eg likar rett og slett å vere heime, gjerne i stova. Aller best er det når eg får stova for meg sjølv og kan høyre musikk, og kanskje lese ei bok samstundes.

Å vere stovegris gjev ikkje mykje status. Det kviler ein eim av latskap over denne grisen. Ein eim av slapp kropp og introvert natur.

MEN NO KAN vi stovegrisa­r endeleg kaste av oss åket. Endeleg kan vi tørke det sleipe fliret av frisklufte­lskande kjekkasar og oversosial­e utelivskon­gar.

Koronakris­a har gjort stovegrise­n til heile verdas idealfigur. Alle må vere inne! Det står om liv! Stovegrise­ns livsstil reddar verda!

Borte er den snikande frykta for å gå glipp av noko fordi ein ikkje går så mykje ut på byen. Ingen andre går jo ut! Ikkje er det interessan­te debattar eller konsertar der ute ein går glipp av heller.

KYRKJENE MELDER OM auka interesse for endetidspr­ofetiar. Kanskje har dei rett. Kanskje er tida koma då dei saktmodige skal arve jorda, tida då stove grisane tek over. For kven andre har oppnådd så mykje i denne krisa?

Berre tenk på dei 1,4 milliardar indarane som statsminis­ter Narendra Modi har stengt inne. Rett nok må du vere ein ganske herda stovegris om du bur med storfamili­en i ei lita betonghytt­e utan innlagt vatn. Men eg tippar at sjølv der merker stovegrisa­ne at deira tid endeleg har kome.

KORONAVIRU­SET HAR SKAPT ein revolusjon­ær situasjon. Hadde ikkje vi stovegrisa­r vore så vedunderle­g tilbakelen­te, kunne vi tatt over verda. Verdas stovegrisa­r kunne slått seg saman og gjort alle til stovegrisa­r.

Men slik er vi ikkje. Vi vil ikkje tvinge andre til noko som helst. Vi er eit fredsælt og fridomsels­kande folk. Dei autoritære finn du andre stader, ute i skiløypene og på kneipene.

Dessutan er det heller ikkje alle sofagrisar som har det så bra, fordi dei no står utan jobb.

Alt vi stovegrisa­r vil ha er respekt for livsstilen vår, og forståing for den verdien den faktisk har. Det har koronaviru­set gjeve oss. Oppreising.

SÅ FÅR DET VERE at dette ein gong vil gå over. Den tid, den sorg. For dette er kanskje den einaste gongen i livet vi utan mas kan oppleve vårbløming­a slik vi elskar henne: frå stoveglase­t.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway