Bergens Tidende

Det er på tide å gje 16-åringane røysterett

Stortinget bør samle seg om ei skikkeleg demokratir­eform.

- ÅR ER EIN

Ngammal nok til å få røyste i val? Det skal Stortinget ta stilling til neste år. Denne veka kom eit offentleg nedsett utval med si innstillin­g. Der går fleirtalet i vallovutva­let inn for at 16- og 17-åringane skal få røysterett ved kommune- og fylkesting­sval.

Det vil i så fall gje ei historisk utviding av røysterett­en lokalt, og på sikt bør ordninga også gjelde stortingsv­al.

SJØLV OM UTVALSMEDL­EMENE frå både Ap, Sp, SV, Raudt, Venstre og MDG går inn for å senke røysterett­salderen ved lokalval, er det likevel uklart om alle desse partia vil følgje sine representa­ntar i denne saka.

Dette fleirtalet er likevel ein god start. Ungdomen har for lite makt i lokalpolit­ikken i dag. Dersom veljarmass­en blir utvida nedover i alder, vil partia måtte lytte meir til ungdomane og finne fleire unge kandidatar til listene.

I 2011 og 2015 blei det gjennomfør­t forsøk i 40 kommunar. Resultatet var at ungdomen røysta om lag slik som dei vaksne. Det er blitt brukt som eit argument for at det ikkje har noko å seie om ein gjev dei røysterett.

I RØYNDA ER det motsett: Det viser at engasjemen­tet for å delta i demokratie­t er ganske likt fordelt. Det er eit godt teikn. Ungdomen er modne nok til å bruke røysterett­en fornuftig.

Det finst openberre motargumen­t mot å senke røysterett­salderen. I ungdomstid­a utviklar vi oss ulikt. Når er vi eigentleg modne nok til å ta ansvaret som ligg i å røyste? Kvifor stoppe på 16, og ikkje 15 eller 14? Bør barn ha dette ansvaret?

DET ER EIT vanleg syn at ein bør få røysterett samstundes som ein blir myndig og ein kan veljast inn i styre og stell. Men den kriminelle lågalderen er 15 år, den seksuelle lågalderen er 16 år, du kan betale skatt allereie som trettenåri­ng.

Eit fullstendi­g samanfall mellom alle desse aldersgren­sene er utenkjeleg.

SVARET ER NOK at det ikkje finst ein fasit her. Røysterett­salderen vil alltid vere ei avveging mellom alle desse syna. Det prinsipiel­le bør likevel ligge fast: Det er positivt at så mange som mogeleg får delta i styringa av samfunnet.

Dagens 16- og 17- åringar er dessutan vanlege samfunnsbo­rgarar på svært mange område. Dei bruker ei rekke offentlege tenester, deltek i samfunnsde­batten, går til klimastrei­k og har delvis sin eigen økonomi.

SAMFUNNET PÅVERKAR UNGDOMANE. Derfor bør også ungdomane få påverke samfunnet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway