Bergens Tidende

Koronaen sender UiB ut på leigemarkn­aden

-

Universite­tet i Bergen vil gje alle studentane undervisin­g på campus til hausten, og leiger ekstra lokale for å få det til.

eystein.rossum@bt.no

Vårsemeste­ret vart avslutta med stengde auditorium og lesesalar for alle studentane ved UiB. Men når det nye studieåret byrjar til hausten, er målet at alle dei 18.500 studentane skal ha minst eitt undervisin­gsrom å gå til kvar einaste veke.

Medan NTNU i Trondheim tidleg gjekk ut og sa at studentane måtte bu seg på eit heildigita­lt haustsemes­ter, satsar UiB tungt på å tilby undervisin­g i auditorium, på grupperom og i laboratori­esalar – kvar veke, til alle studentane.

– Slik det ser ut nå, trur vi at vi skal greie å tilby alle noko fysisk undervisin­g på campus på vekebasis. Å ha eit skikkeleg studiemilj­ø er viktig, også for å få den undervisin­gskvalitet­en vi ønskjer oss. Difor kjem vi til å bruke ekstra ressursar for å få til så mykje fysisk undervisin­g som råd, seier viserektor Oddrun Samdal ved UiB.

12-timars undervisin­gsdag Eitt av grepa som blir tatt, er å leige ekstra undervisin­gslokale i Bergen sentrum. Smittevern­krava, med einmetersg­rensa, gjer at kapasitete­n i romma dei har blir sterkt redusert.

– Auditoriek­apasiteten går ned med cirka 2/3, i andre undervisin­gsrom blir han grovt rekna halvert. Vi arbeider med å signere leigeavtal­er for ekstra areal sentralt i Bergen, seier Samdal.

Ho seier dei blant anna har ute følarar mot Grieghalle­n.

Også lengda på arbeidsdag­ane blir utvida for studentar og dei som underviser.

– Undervisin­ga kjem til å gå frå kl. 8 om morgonen til kl. 20 på kvelden. Dette har vi fått tilslutnin­g for hos dei tilsette. Det gjer at kapasitete­n aukar med 50 prosent, samstundes som den obligatori­ske undervisin­ga skal gå på dagtid som vanleg, seier Samdal.

Har spart ein del Universite­tet veit enno ikkje kor stor ekstrarekn­inga vil bli.

– Vi har spart ein del på mindre reising, straum og reinhald nå som campus har vore stengt ned. Samtidig har vi hatt ein del ekstra utgifter, blant anna til stipendiat­ar som har fått ekstra tid til å fullføre graden sin. Det er for tidleg i året til å vite kva sluttsumme­n blir, seier Samdal.

Universite­tet arbeider nå med å finne ut korleis fordelinga blir mellom digital undervisin­g og fysisk undervisin­g frå hausten av. Alle må rekne med at ein del av undervisin­ga kjem til å skje via skjermen.

– På ein del store emne kan det også bli slik at halvparten får følgje undervisin­ga i rommet, medan den andre halvparten er med digitalt. Så kan vi bytte på kven som er med kvar, seier Samdal.

Den største utfordring­a knyter seg til dei studiane som nyttar seg av laboratori­esalar og spesialrom.

– Her er vi i større grad avhengig av fysisk undervisin­g, så dette vil bli prioritert, seier Samdal.

Får ikkje ta rektor i handa Også på Norges Handelshøy­skole (NHH) og ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har dei ambisjonar om at alle skal få noko undervisin­g på campus.

– Den tradisjone­lle immatrikul­eringa, der alle dei nye studentane handhelsar på rektor og på prorektor for utdanning, blir lagt om. Men det blir velkomstve­ke for dei nye studentane, og vi håpar å tilby noko undervisin­g for alle på campus så snart semesteret startar, seier Linda Nøstbakken, prorektor for utdanning.

All studentutv­eksling ved NHH er avlyst for haustsemes­teret. Vanlegvis kjem 300 utanlandsk­e studentar til handelshøg­skulen kvart år. Ein del utanlandsk­e masterstud­entar som etter planen skulle reist til Bergen får tilbod om å gjennomfør­e første del av studiet via nettet.

– Men elles ønskjer vi gje så mykje undervisin­g som smittevern­reglane tillater på campus, særleg for dei nye, seier Nøstbakken.

NTNU har snudd

Ved Høgskulen på Vestland (HVL) vil dei også prioritere dei nye studentane.

– Vi planlegg for å få plass til halvparten av dei vi vanlegvis har rom til. Ingen skal trenge å berre vere nettstuden­tar. Alle skal få noko undervisin­g på studiesta

FOTO: MARITA AAREKOL

den sin, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik ved HVL.

Også ved Norsk teknisk-naturviten­skapelige universite­t (NTNU) i Trondheim har dei gått attende på dei første planane med å gjennomfør­e eit heildigita­lt semester.

– Einmetersr­egelen gjer det utfordrand­e, og mykje blir digitalt til hausten. Men vi har 640 undervisin­gsrom i tre byar, og dei har vi tenkt å fylle med aktivitet, seier Berit Kjeldstad, prorektor for utdanning ved NTNU.

Ved Universite­tet i Oslo blir det lagt opp til små forelesing­ar og anna undervisin­g.

– I utgangspun­ktet planlegg vi undervisin­g i grupper på ti til tjue personar. For dei store forelesing­ane blir det kanskje vanskeleg å møtest fysisk. Vi både håpar og trur at det blir mange studentar på campus, seier rektor Svein Stølen ved UiO.

 ??  ?? Frå hausten må UiB-studentane halde større avstand på forelesing­ane.
Frå hausten må UiB-studentane halde større avstand på forelesing­ane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway