Bergens Tidende

Tidlegare Brann-talent klar for Øygarden

-

Andreas Fantoft gjekk glipp av sjansen til å spela mot Barcelonas og Valencias B-lag, men er glad han er i Øygarden.

oystein.vik@bt.no

Han er berre 20 år, Andreas Fantoft, men har allereie rukke over ganske mykje i bergensfot­ballen. Gneist-guten har spelt for Brann og vart sett på som så spennande, at Lars Arne Nilsen tok han med på treningsle­ir før sesongen for nokre år sidan.

Sidan har han spelt 1. divisjon for Åsane og 2. divisjon for Sotra. Torsdag ettermidda­g hadde han si første trening med sin nye klubb

Jan-Erik Skaar Øygarden i det – for ein gongs skuld – strålande vêret på Ågotnes.

– Eg er veldig fornøgd med at eg er her no, seier Fantoft.

Fekk kontraktst­ilbod

Men karrieren kunne tatt ei anna retning. Tidlegare i vinter ordna rådgjevare­n hans, Stein Arve Lone, prøvespel for Fantoft i den spanske klubben La Nucia. Dei spelar i Segunda Division B, som er tredje nivå i Spania.

La Nucia ligg rett sør for Valencia, like ved Benidorm.

Fantoft reiste ned på prøvespel sist haust, og midtbanesp­elaren imponerte nok til å få eit kontraktst­ilbod. Deretter reiste han tilbake til Spania på nyåret og var der i januar og februar.

– Men så viste det seg at det var problem med å få lisensen min over frå Norge til Spania med overgangsv­indauget som lukka.

Så kom koronaen i mars og alt stoppa opp. Då vart det til at Fantoft byrja å trena med Øygarden i staden for å tenkja på ein retur til Spania. No har han signert ei eittårskon­trakt med den nye 1. divisjonsk­lubben vest for Bergen.

– Eg kunne spelt mot lag som Barcelona B og Valencia B, noko som var spennande, men i og med koronasitu­asjonen tenkjer eg at det er betre å signera kontrakt med Øygarden enn å reisa tilbake til Spania, seier Fantoft som seier seg godt fornøgd med løysinga han no har fått.

Han har stort potensial.

Bryant Lazaro, Øygarden-trener

Fantoft vurderer det slik at det sportslege nivået på spansk tredje nivå og norsk andre nivå er ganske likt.

Svært fornøgd trenar Øygarden-trener Bryant Lazaro er svært godt fornøgd med å ha Fantoft på plass. Den nye signeringa markerte seg kjapt med å vera best på den såkalla bip-testen laget gjorde nyleg. Ein bip-test måler fotballrel­atert kondis.

– Andreas Fantoft er ein spelar eg har kjent ei stund no. Han har stort potensial og kjem til å utvikla seg vidare med oss i Obosligaen.

Lazaro ser på Fantoft først og fremst som midtbanesp­elar, men seier at han på same måte som alle andre i klubben, må kunna handtera fleire posisjonar.

– I tillegg er han lokal (frå Bergen). Det er viktig for oss å ha lokale spelarar, understrek­ar Lazaro.

Vi tilbyr dere et gratis hjemmebesø­k der vi kan gi dere et prisoversl­ag over hva kjøkkenet vil koste ferdig montert.

 ?? FOTO: ØYSTEIN VIK ?? Andreas Fantoft (20) har spelt for Gneist, Fyllingsda­len, Brann, Åsane, Sotra og no Øygarden.
FOTO: ØYSTEIN VIK Andreas Fantoft (20) har spelt for Gneist, Fyllingsda­len, Brann, Åsane, Sotra og no Øygarden.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway