Bergens Tidende

Kristendom­men min vart sett på prøve

- MAGNHILD MELTVEIT KLEPPA Tidligere samferdsel­s- og kommunalog regionalmi­nister (Sp)

ENNO, SNART TOLV år etter at Stortinget vedtok felles ekteskapsl­ov for homofile, møter eg folk som plutseleg seier: «At du snudde, gjorde at også me i vår heim måtte snakka gjennom haldninga vår til homofili. Me og måtte snu.»

Felles ekteskapsl­ov var tema i regjerings­erklæringa i 2005. Senterpart­iet sine representa­ntar i storting og regjering var fristilte.

DÅ EG VART kommunal- og regionalmi­nister i oktober 2007, kravde straks fleire medier svar frå meg. Det hadde ikkje noko å seia for utfallet av saka kva eg meinte, det var eit breitt fleirtal i Stortinget for ny lov.

Mediene såg likevel den pikante situasjone­n eg var i: Bakgrunn frå indremisjo­n og kyrkje, sjølv mor til ein homofil son.

Eg trong tid til å avklara alle sider.

I VALKAMPEN HADDE eg samrådd meg med to lesbiske venninner. Begge meinte partnarska­pslova heldt for alle høve. No vart eg i tvil.

Eg skjøna fort at sonen vår vart uroleg. Eg, som alltid hadde halde fram likeverd, såg eg ikkje at det var nettopp likeverd dette handla om?

Ryfylke-kristendom­men min vart sett på prøve. Uttrykket «Guds klare ord» blir brukt på område der både kyrkje og bedehus seinare har skifta standpunkt. Eit barn fødd utanfor ekteskap, sambuarska­p i staden for giftarmål. Både samfunnet og kyrkja har endra lovverk og ordningar nettopp for å sikra likeverd.

FELLES EKTESKAPSL­OV GJALDT faktisk dei av dei homofile som ville leva i forpliktan­de forhold.

Eg tok meg god tid. Eg måtte det. Dette handla både om forholdet til mine næraste, til veljarane mine og også til Gud. Det vart februar 2008 før konklusjon­en var klar.

Då var eg til gjengjeld så trygg at eg aldri har angra i ettertid.

I departemen­tet såg dei det på meg den morgonen eg hadde konkludert. Ei bør var borte.

EG ER EVIG takksam til Håvard som stilte gode spørsmål og viste eit sjeldan tolmod.

Eg er også takksam til ein prest som hjelpte meg å rydda tankane. Responsen var overveldan­de. Folk stansa meg på gata, på tog og fly. Eit handtrykk, ein takk, ein god klem.

Eg fekk fleire hundre brev, e-postar og meldingar. Størstedel­en var positive, men det var og nokre som i klåre ordelag fortalde at dei var skuffa. Somme sende og med bibelord om korleis det kom til å gå med slike som meg.

EG FEKK DEL i mange såre historier, ei dotter som reiste og aldri kom heim att, ein bror som forsvann, ei søster som flytta.

Seinare har eg vore invitert til både ungdoms- og vidaregåan­de skular, og også til nokre kyrkjer.

Det kjennest godt å formidla den innsikta denne saka har gitt meg. Ei erfaring er at Gud er langt rausare enn bakkemanns­kapet hans.

Ei anna er at ordet homo diverre enno er det mest brukte skjellsord­et.

LOVA LA EIT grunnlag for likeverd i høve ekteskap. Haldningss­kapande arbeid er krevjande. Det er diverre langt att både i idretten og på andre samfunnsar­enaer til fordommane mot homofile er fjerna.

BERGENS TIDENDE LØRDAG 30. MAI 2020

Onsdag 03. juni kl. 17:00 - 18:00

 ?? FOTO: BERIT ROALD / SCANPIX ?? Magnhild Meltveit Kleppa og sonen Håvard Kleppa i 2008.
FOTO: BERIT ROALD / SCANPIX Magnhild Meltveit Kleppa og sonen Håvard Kleppa i 2008.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway