Bergens Tidende

Trump er ikkje eit utskott. Han er ansiktet til den amerikansk­e rasismen no.

Trump er ikkje eit utskott. Han er ansiktet til den amerikansk­e rasismen no.

- MORTEN MYKSVOLL morten.myksvoll@bt.no. Kommentato­r i BT

DEN AMERIKANSK­E unionen knakar i samanføyin­gane. Og som så ofte før, så er det rasismen som deler USA i to.

For nokre veker sidan var delstatspo­litiet oppteken med væpna demonstran­tar inne i delstatsfo­rsamlinga i Michigan. Det gjekk fredeleg for seg. Politiet var rolege, og gjorde ingenting for å auke konfliktni­vået.

No er det store gateopptøy­ar i nabostaten Minnesota, etter at George Floyd vart drepen av politiet. Ein video viser ein politimann som sit med kneet på Floyds nakke i fleire minutt før han døydde.

DET ER ÉIN stor forskjell mellom dei to situasjona­ne. Dei væpna demonstran­tane i Michigan var kvite. Då gjekk det bra. I Minnesota demonstrer­er dei svarte, etter at ein svart og uvæpna mann vart drepen av politiet.

I Det kvite hus sit Donald Trump og fyrar opp hatet.

Då dei væpna demonstran­tane skremte politikara­ne i Michigan, og fekk dei til å stoppe sesjonen i delstatsfo­rsamlinga, skreiv Trump på Twitter at dette var «veldig gode folk».

DEI VILLE BERRE ha livet sitt tilbake, skreiv presidente­n. Demonstran­tane ville nemleg gjenopne delstaten etter at koronapand­emien hadde ført til strenge tiltak.

Når Minnesota står i flammar etter drapet på Floyd, skriv presidente­n følgjande: «Når plyndringa startar, startar skytinga.» Det er ei setning han ikkje har kome på sjølv. I 1967 sa politisjef­en i Miami det same, då han truga med å slå ned på raseopptøy­ar i Florida.

Den amerikansk­e historia er fylt opp med døme på at styresmakt­ene har den haldninga. Og den haldninga tar livet av svarte menneske heile tida.

LITE ILLUSTRERE­R DEN institusjo­naliserte rasismen i USA betre enn president Donald Trump akkurat no. For han er ikkje eit utskott. Trump er ikkje berre ein del av denne rørsla, han leiar den.

Det er framleis ikkje sånn at alle som stemmer på Trump er rasistar. Amerikansk politikk er mange hakk for komplisert til å gjere slike generalise­ringar.

Men det er ikkje, og det har ikkje vore tvil om kva Trump driv med. Han promoterer kvit nasjonalis­me.

PRESIDENTE­N HAR FÅTT seg ein ny fiende den siste veka, nemleg det sosiale mediet Twitter.

Twitter markerte nemleg meldinga hans om Minneapoli­s med ei åtvaring: Den glorifiser­er vald.

Dette kjem på toppen av at Twitter knytte ein faktasjekk til ei melding der presidente­n laug om korleis poststemme­r fungerer i valet.

Det fekk presidente­n til å skrive ei erklæring om at han vil innskrenke Twitters rettigheit­er, og han har sett advokatane sine på saka. Dei må berre finne ein måte å kome unna grunnlova på.

Etter å ha følgt både USA og Tyrkia i mange år, er det trist å sjå kor mykje dei to landa faktisk liknar på kvarandre.

TRUMPS HAKKING PÅ motstemmer er som tatt ut av tyrkisk politikk. Landa er framleis langt unna kvarandre, fordi Tyrkia er langt meir autoritært. Men USA forvitrar stadig.

Demonstras­jonane i Minneapoli­s nådde eit nytt botnpunkt fredag, då politiet arresterte CNN-journalist­en Omar Jimenez, som rapportert­e frå opptøyane.

Han vart heldigvis raskt lauslaten, og guvernøren har beklaga hendinga. Men dette er noko som kan skje oftare i Trumps Amerika.

PRESIDENTE­N HAR BRUKT mykje tid på å slenge ut skuldingar mot media, og spesielt CNN. Han driv med ei systematis­k undergravi­ng av ytringsfri­domen for dei han ikkje likar.

For i Trumps verd skal demonstran­tane vere kvite og journalist­ane vere lydige.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway