Bergens Tidende

Flokkimmun­itet

- ASBJØRN KRISTOFFER­SEN Pensjonist i BT SER DU EIN SVENSKE,

så søk dekning! Slik er det blitt. Kypros og Hellas nektar svenske turistar tilgang, medan raude teppe blir rulla ut for nordmenn og andre akseptable folkeslag. I Norden blir svenskar sette i karantene når grensene opnar. Stakkars Nordens storebror.

EG HAR ALLTID elska søta bror, den einaste etnisitete­n det er fritt fram å diskrimine­ra. Alle treng ein etnisk hoggestabb­e for å driva ap med og rakka ned på og få ut gørret. Men kypriotar og andre nyslegne svenskofob­ar må finna sin eigen storebror. Svenskane er våre. Ingen andre må forsøkja seg på svenskehet­s.

SVERIGE SKULLE VERA eit føredøme for andre jordiske land og rike. Ei humanitær stormakt med verdas første feministis­ke regjering, Ikea og Abba og svenska synden og europareko­rd i innvandrin­g og ordning och reda. Så kom skyting og sprenging. Så kom korona. Så kom den internasjo­nale nedrakking­a og svenskofob­ien. Stakkars søta bror.

DU SKAL IKKJE driva ap med folk som ligg nede for teljing, står det i førsteutgå­va av Skikk og bruk for strilar. Sverige ville berre vera eit føregangsl­and, som vanleg, i koronisk tid, det einaste landet i verda som vedda bestemødre­ne sine på flokkimmun­itet. Det kunne kanskje gått bra.

Immune svenskar kunne kanskje kyssa og klappa og drive forretning­ar med kven som helst i heile verda. Medan eg og alle andre ikkje-svenskar måtte dyppa oss i sprit og halde 1.5 meter fråstand i butikken. Det ville vore fint for overlevand­e svenskar. Det ville for så vidt vore fint for alle overlevand­e flokkimmun­e. Men eg ville hatt problem med endå ein svensk verdsrekor­d. Det lyt eg vedgå. Så høgt elskar eg ikkje svenskar.

SVENSKOFIL­IEN min kan bleikna og visna, kverva bort om det no er slutt med at nordmenn diltar etter det svenskar marsjerer føre. Og om kypriotar og andre framandkul­turelle folkeslag held fram med å diskrimine­ra svenskar, blir det ingen vits i å ha ein søta bror. Då vil eg ikkje ha andre enn austlendin­gar å forlysta meg med. Stakkars meg.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway