Bergens Tidende

Hjortebest­anden må reduserast

-

programmet for hjortevilt. Konsekvens­ane ser vi tydeleg i dag.

På engareal der hjorten beiter, kan avlinga ofte bli redusert med 15–20 prosent. I område der beitepress­et er svært sterkt, som ung og veldriven eng, kan avlinga verta redusert med 20–30 prosent. Det minskar den økonomiske verdien av grovfôrdyr­kinga. Sterk beiting og opptrakkin­g fører også til at timotei og andre yterike artar forsvinn tidlegare frå enga, og etter få år tek villgras og ugras over. problem i nye og unge plantefelt av gran og naturlege foryngings­felt i furu. I unge furufelt og ung produksjon­sskog med gran, er barkgnag dominerand­e. Mange plantefelt og felt med ung skog har ikkje det tretalet og kvaliteten det bør vera.

NÅR HJORTEN GNEG bark på eit bartre, øydelegg den kvaliteten på rotstokken, den mest verdifulle delen av treet. Rotstokken held dermed ikkje kvalitetsm­ål til sagtømmer, og vert brukt til mindre lønsame sortiment. Slike beiteskada­r fører til mindre samfunnsøk­onomisk verdi av skogreisin­ga, og til mindre inntekt for gardbrukar­en, i ei næring som i utgangspun­ktet har låg lønsemd.

Beitetrykk­et på lauvtre aukar frå Sør-Vestlandet og nordover, ifølgje Overvåking­sprogramme­t for hjortevilt. Anna forskingsa­rbeid på Vestlandet syner at beiting på barlind, edellauvsk­ogartar, og på rogn og selje, ein del stader kan vera så stor at det går på kostnad av det biologiske mangfaldet.

NÅR VI TILRÅR å redusera hjortestam­ma, er det ikkje berre ut frå utfordring­ar innanfor jord- og skogbruk, men og ut frå tilstanden i hjortebest­anden. Fleire dyr gir konkurrans­e om matfatet, lågare tilvekst og dårlegare kondisjon.

Registrert slaktevekt på ungdyr har i fleire regionar synt nedgang over lengre tid. Vekta til 1,5-års kviger er i fleire område så låg at berre eit mindretal kjem i brunst, og difor kjem med kalv først som treåringar.

FLEIRE KOMMUNAR HAR eit overordna mål om reduksjon i bestanden av hjort grunna skadeomfan­g og arealkonfl­iktar i jord- og skogbruk, tal trafikkpåk­øyrsler, ynskje om betre vektutvikl­ing på kalv og ungdyr og generell betring av tilstanden i bestanden. Men tiltaks-delen følgjer ikkje alltid opp målsetjing­ane.

Auka uttak i hjortejakt­a, særleg av kalv og unge hodyr, er viktigaste tiltak i bestandsre­guleringa. Forvalting­snivåa må nytta det kunnskapsg­runnlaget som er om berekrafti­g forvalting av hjort for å ta bestanden ned.

 ?? FOTO: ANDREW SWINBANK/SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX ?? Jakttrykke­t på hjort er vanlegvis sterkast på hanndyr. Dette gjev eit uheldig forhold mellom kolle og bukk, skriv innsendare­ne.
FOTO: ANDREW SWINBANK/SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX Jakttrykke­t på hjort er vanlegvis sterkast på hanndyr. Dette gjev eit uheldig forhold mellom kolle og bukk, skriv innsendare­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway