Bergens Tidende

KORONAKRIS­A: Opninga av slusene til Oljefondet er som ein rus. Milliardar er innan rekkevidde.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

Opninga av slusene til Oljefondet er som ein rus. Milliardar er innan rekkevidde.

EIN SKULLE TRU at det var mange blide fjes når regjeringa lanserer ein krisepakke på 27 milliardar kroner for næringsliv­et. Nei, det er det sjølvsagt ikkje. For Noreg i koronaens tid er lobbyistan­es og eigeninter­essenes tid. Den bransjen som ikkje syt og klagar risikerer å få mindre enn naboen.

Nokre timar etter at regjeringa la fram pakken fredag, fekk eg til dømes ein e-post frå kraftbrans­jens interesseo­rganisasjo­n Energi Norge. «Vannkrafte­n glemt i regjeringa­s grønne pakke», skreiv dei.

HER KUNNE EIN innvende at kraftselsk­apa klarer seg ganske godt. Jau, kraftprise­n er akkurat no svært låg, så dei tener ikkje like mykje pengar som før. Men lite tyder på at vi står framfor noko konkursbøl­gje i kraftnærin­ga.

Likevel vil altså kraftbrans­jen ha hjelp frå staten. Dei krev at dei òg, akkurat som oljeselska­pa, skal få nedsett skatt. Akkurat som for oljeselska­pa er argumentet at det vil få investerin­gane opp.

Som oljeselska­pa legg Energi Norge at investerin­gane vil skape arbeid, rett nok berre i anleggsper­ioden.

Men det viktigaste argumentet handlar om klimaet: Mindre skatt gjev meir pengar til å ruste opp gamle kraftverk, og dermed auke produksjon­en av fornybar kraft.

Tiltak som kan få meir kraft ut av gamle kraftverk er ikkje dumt. Eg har sjølv støtta det, om enn ikkje akkurat slik bransjen sjølv vil. Men det har ikkje noko med koronakris­a å gjere. Det er berre eit glimrande høve til å få gjennomsla­g.

Regjeringa har opna for at slike argument no er gyldige. For fredagens krisepakke handlar vel så mykje om omstilling og klimatilta­k, som klassisk motkonjunk­turtiltak – altså pengebruk for å halde hjula i gang.

Eg støttar det òg, eg. Å innrette krisetilta­ka slik at det skaper nye bedrifter og omstiller Noreg til å bli mindre avhengig av olje, er lurt. EU er inne på det same.

Sjølv sjefen i det internasjo­nale energibyrå­et IEA, eit organ mange framleis ser på som oljevenleg, tok nyleg til orde for at krisa bør brukast til å få fart på overgangen frå fossil til fornybar.

MEN DEN ENORME pengebruke­n har skapt eit rotterace mot statskassa, der alle prøver å få pengar ved å smi argumenta slik at dei passar med signala regjeringa sender ut.

Slikt kallar økonomar «rent seeking», altså at bedriftene blir meir opptatt av å tuske til seg pengar frå statskassa enn å tene pengar sjølve. Det er ikkje sunt i lengda.

Redningspa­kken frå regjeringa oppmodar i seg sjølv til slik åtferd, noko mellom anna Holden-utvalet åtvara mot.

TUSKHANDEL HAR òg gode vilkår på Stortinget, der opposisjon­en har mista alle hemningar.

Då pakken vart presentert, omtalte Frps finanspoli­tiske talsperson Sylvi Listhaug støtta til skipsverft­a som «eit mageplask». Ho sakna òg pengar til vegstubbar, så her er det berre å byrje tigginga.

Listhaugs motpart i SV, Kari Elisabeth Kaski, karakteris­erte 27-milliardar­spakken som «tafatt», og 3,6 milliardar til grøne tiltak som «forsvinnan­de lite» (MDGs Une Bastholm omtalte det som «lommerusk»).

Og det viktigaste opposisjon­spartiet, styringspa­rtiet Ap? «Kraftlaust», var Hadia Tadjiks dom. Ho slo fast at pakken må forbetrast kraftig, viss Ap skal stille seg bak.

Regjeringa sjølv brukar òg krisa til å prøve å få gjennom kjepphesta­r som har lite med krisa å gjere, som å gjere eit nytt kutt i formuesska­tten. Visst vil det hjelpe familieeig­de bedrifter som slit, men dei kan ein hjelpe gjennom andre tiltak. Mesteparte­n av skattelett­en vil truleg gå til folk som klarer seg heilt fint.

27 MILLIARDAR er ein enorm sum. Legg du til alle andre utgifter og inntektsbo­rtfall koronakris­a fører til, vil bruken av oljepengar i år auke med 243 milliardar kroner. Legg du til det regjeringa allereie hadde planlagt å bruke i årets statsbudsj­ett, blir den samla bruken av oljepengar

485 milliardar kroner.

Då den første krisepakke­n kom i mars, sa LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen at vi ikkje bør «sette statskassa på fortauet og håpe på at ikke alle forsyner seg». Han frykta at useriøse bedrifter ville utnytte støtteordn­ingane.

Fredag var han mest opptatt av at regjeringa ikkje vil gje oljeselska­pa alt dei ber om av skattelett­e, og at ikkje regjeringa no kom med pengane til eit karbonfang­sprosjekt. Det siste vil koste opp til 17 milliardar kroner.

NHO-sjefen ved hans side var heilt samd, sjølv om det her faktisk òg var eit smil å hente: Han var glad for kuttet i formuesska­tten.

Regjeringa sjølv brukar òg krisa til å prøve å få gjennom kjepphesta­r som har lite med krisa å gjere.

STATSMINIS­TER ERNA SOLBERG (H) fortalde på pressekonf­eransen om eit spørsmål ho hadde fått frå ein NRK-journalist. Han hadde spurt om ikkje 3,6 milliardar til grøne tiltak var litt puslete.

Ho minte om at i eit vanleg år kan det utgjere heile handlingsr­ommet i eit statsbudsj­ett. Kanskje ikkje det eingong, etter den blodtappin­ga av Oljefondet Noreg gjer no, kunne ho ha lagt til.

Det er jo bra at Solberg prøver å mane til måtehald, sjølv om ho ikkje har vore det beste idealet for oljepengeb­ruk som statsminis­ter.

Koronakris­a er eit anna kaliber enn noko landet har opplevd etter krigen. Pengar må brukast. Men når ein først har kjent på smaken av enkle pengar, er det vanskeleg å slutte.

Opninga av slusene til Oljefondet er som ein rus. Milliardar er innan rekkevidde. Berre kjipingar seier nei.

Og dei som skal betale – mange av dei er ikkje fødde enno.

 ?? FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ?? Statsminis­ter Erna Solberg (H) manar til moderasjon, men har ikkje sjølv vore det beste idealet for oljepengeb­ruk som statsminis­ter, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX Statsminis­ter Erna Solberg (H) manar til moderasjon, men har ikkje sjølv vore det beste idealet for oljepengeb­ruk som statsminis­ter, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway