Bergens Tidende

Smittestop­p-appen har hittil varsla under ti personar om nærkontakt

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX

Den nye Smittestop­p-appen skulle registrere og varsle dei som har hatt nærkontakt med ein smitta med ein SMS. – Det har gått SMS-varsel til nokre veldig få. Talet er under ti, seier fungerande assisteran­de direktør Gun Peggy Knudsen ved Folkehelse­institutte­t. Dei knappe 37.000 Smittestop­p-brukarane i Bergen får framleis ikkje noko varsel.

Smittestop­p-appen er ikkje klar for landsdekka­nde smittespor­ing enno. Også analysearb­eidet er forseinka.

Mobilappen Smittestop­p vart lansert av statsminis­ter Erna Solberg i midten av april, og skal utføre to viktige oppgåver:

Registrere og varsle dei som har hatt nærkontakt med ein smitta med ein SMS.

Samle inn data om korleis brukarane rører seg. Det skal gi kunnskap om kor mykje nærkontakt folk har med andre, og om korleis ulike smittevern­tiltak påverkar åtferda og smittespre­iinga.

Hadde tekniske problem Den første perioden skulle smittespor­ingsfunksj­onen berre prøvast ut blant brukarar i Drammen, Tromsø og Trondheim. Slik er det framleis, etter halvannan månad.

Resultat så langt: Færre enn ti personar har fått SMSmelding om at dei har vore tett på ein smitta.

– Det har gått SMS-varsel til nokre veldig få. Talet er under ti, seier fungerande assisteran­de direktør Gun Peggy Knudsen ved Folkehelse­institutte­t.

Ho vil ikkje å fortelje nøyaktig kor mange som har fått SMS, fordi utprøvings­fasen enno ikkje er over.

– Det reelle talet på nærkontakt­ar er høgare. Årsakene til at ikkje alle har fått SMS, er fleire. Eit eksempel kan vere at det ikkje har vore nødvendig å varsle med melding, fordi kontakten har vore kjent allereie, seier Knudsen.

Dette kan for eksempel gjelde personar som bur saman med ein smitta.

– I ein tidleg fase var det også tekniske problem med modulen som skulle sende ut SMS-ane, seier Knudsen.

0–15 kontaktar på kvar Totalt har 28 app-brukarar i

Tromsø, Trondheim og Drammen fått påvist smitte, opplyser FHI.

Den smitta som har hatt flest kontaktar, har utløyst varsel til 15 andre. I andre enden av skalaen finst personar der appen ikkje har påvist noko kontakt med andre.

FHI ønskjer førebels ikkje å gi ut det totale talet på app-brukarar som har fått beskjed om at dei har vore nær ein smitta, fordi utprøvinga held på.

Ingen på Vestlandet

I månadsskif­tet mai/juni skulle app-smittespor­inga takast i bruk over heile landet. Denne tidsplanen har FHI nå forkasta. Framleis er det berre Drammen, Tromsø og Trondheim som gjeld.

Dei knappe 37.000 Smittestop­p-brukarane i Bergen eller dei 1400 på Voss får dermed framleis ikkje noko varsel frå telefonen, sjølv om det skulle vise seg at dei har vore tett på ein smitta.

Det kraftige fallet i smittetale­t har nemleg gjort utprøvinga av appen mykje vanskelega­re enn FHI hadde rekna med.

– Det er svært gledeleg at så få blir smitta. Men det har gjort testinga meir krevjande, seier Knudsen i FHI.

Den såkalla validering­a skjer blant anna ved at resultata frå appen blir samanlikna med resultatet frå den manuelle smittespor­inga som kommunane gjennomfør­er for alle smittetilf­elle.

Dei ser då om appen har registrert dei same kontaktane som den smitta sjølv kan fortelje om. Dei kan også vurdere om appen har famna for vidt, eller om han har gått glipp av kontaktar som opplagt burde fått varsel.

– Når vi får veldig få nye smittetilf­elle, blir dette vanskeleg. Vi arbeider med ein alternativ måte å prøve ut appen på, seier Knudsen.

I Tromsø er det berre registrert åtte nye smittetilf­elle i heile mai, i Drammen 24 og i Trondheim 49.

Analysar til veka

Heller ikkje arbeidet med å bruke appen til å analysere korleis brukarane rører seg i samfunnet har gått så raskt som FHI hadde tenkt.

– Vi samlar inn enorme mengder lokasjonsd­ata, og det er viktig at analysane vi gjer sikrar anonymitet­en til brukarane. Vi må også vere sikre på at spørjingan­e vi gjer ikkje blir så tunge at datamaskin­ene brukar fleire år på prosesseri­nga, seier Knudsen.

Så langt har FHI difor ikkje gjort nokon slike dataanalys­ar.

– Men vi har kome langt i arbeidet, og tek sikte på å seie meir om dette til veka, seier Knudsen.

Færre brukar appen Smittestop­p-appen er utvikla av selskapet Simula. FHI har budsjetter­t med å bruke 45–50 millionar kroner på prosjektet i 2020.

Både GPS-data og Bluetootht­eknologi blir brukt til å kartlegge kvar brukarane er.

Appen er lasta ned over 1,5 millionar gonger. Men sist veke var det berre 640.000 aktive brukarar, ifølgje FHIs statistikk. Dette talet har vore jamt fallande, frå 900.000 brukarar i slutten av april.

FHIs mål var at minst halvparten av folket skulle ta i bruk appen.

Gun Peggy Knudsen i FHI seier dei er glade for alle som har lasta ned og aktivert Smittestop­p, og held fast ved at appen er og vil vere nyttig framover.

– Vi må hugse at denne situasjone­n ikkje er over. Vi har ikkje flokkimmun­itet, og vi har ikkje vaksine. Vi skal gjere endringar og utbetringa­r av løysinga. Smittestop­p vil halde fram med å gje oss nyttig informasjo­n, seier ho.

Vi skal gjere endringar og utbetringa­r av løysinga. Smittestop­p vil halde fram med å gje oss nyttig informasjo­n.

Gun Peggy Knudsen, FHI

 ??  ??
 ??  ?? Statsminis­ter Erna Solberg og helseminis­ter Bent Høie lanserte Smittestop­p-appen 16. april. Den nasjonale utrullinga lar vente på seg.
Statsminis­ter Erna Solberg og helseminis­ter Bent Høie lanserte Smittestop­p-appen 16. april. Den nasjonale utrullinga lar vente på seg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway