Bergens Tidende

Eg visste intuitivt at dette var noko eg måtte halde hemmeleg

Å kome ut som homofil kan vere like vanskeleg i dag som for ein generasjon sidan.

- JARL WÅGE Skribent og forteljar

IVÅR HAR NRK sendt TV-serien «Ut av skapet» i reprise. Der fekk vi følgje ein gjeng ungdommar som alle hadde det til felles at dei er homofile, at dei ikkje hadde fortalt det til sine nærmaste, og at dei skulle gjere det i beste sendetid. Vi fekk sjå kvalane deira, angsten for å såre dei som dei er glade i, og redsla for at dei ikkje ville bli aksepterte.

EG HADDE LYST å gje dei ein bamseklem og seie til kvar enkelt:

«Det kjem til å gå bra. Du har ikkje gjort noko gale. Du skal berre vise dei litt meir av kven du er. Taklar dei ikkje det, er det ikkje deg det er noko feil med.»

DENNE ALDRANDE SOPAREN blei ei tåreperse framfor tv-skjermen, fordi eg såg at «kome ut»-prosessen kan vere like vanskeleg i dag som for ein generasjon sidan, og fordi eg veit at det aldri blir lettare om vi ikkje klarer å akseptere oss sjølve som kva og kven vi er.

Likevel har vi kome ein lang veg. Folk sine haldningar har utvikla seg i positiv retning. Ikkje minst på grunn av mykje meir kunnskap.

Homofile har, gjennom tiår med kamp, kjempa fram og fått lovfesta rettar for seg sjølve som har vore sjølvsagde for heterofile.

DET VAR LANGT ifrå slik då eg på 1950- og 60-talet vaks opp i den vesle bygda Vågsvåg utanfor Måløy. Då var det null fokus på seksualkun­nskap.

På skulen lærte vi ikkje eingong om blomar og bier og deira akk, så frilyndte samkvem. Då seier det seg sjølv at homofili i alle fall var ein styggedom, og eit overgrep mot sjølvaste Gud sitt skaparverk som ingen ville snakke om.

I 1966, MEDAN eg gjekk i andre klasse på vidaregåan­de, fortalde ein kamerat meg at ein eller annan kjendis var homofil. «Kva er det?» spurde eg i min naivitet. Han forklarte det til meg, og slik gjekk det opp for meg at eg òg var homofil. Dermed var det mykje som fall på plass når det gjaldt kjensleliv­et mitt.

Samtidig visste eg intuitivt at dette var noko eg måtte halde hemmeleg for omverda.

I 1984 DELTOK eg i mitt fyrste homotog (som det heitte den gongen) i Oslo. Eg hadde kome ut av skåpet, fått mannleg kjærast, og vi følte oss modige, stolte, sterke og frie midt i vrimmelen av likesinna.

No er vi på slutten av regnbogemå­naden igjen, og årets Bergen Pride kulminerer med ei direktesen­ding frå Ole Bull Scene laurdag. Feiringa i år har skilt seg frå tidlegare år fordi ho i stor utstreknin­g har vore koronadigi­tal.

DET SOM IKKJE har vore annleis, er negative reaksjonar som kvart einaste år dukkar opp i media som ein reaksjon på markeringa­ne. Ofte frå folk som aldri har sett ein Pride-parade.

Enkelte er furtne for at ikkje heterofile òg får feire seg sjølve med eigne dagar og paradar (som om nokon nektar dei det).

SJØLVE PARADEN OMTALAR dei gjerne som frikshow, rein porno og umoral på utstilling. Og det verste av alt er visst at mange tar med seg barn. Kor moralsk forderva kan ikkje dei bli?

Det rare er at eg aldri har høyrt dei seie noko liknande om til dømes karnevalet i Rio, som både er mykje meir avkledt og sensuelt enn eit traust homotog.

MEN SURPOMPAR KLARAR aldri å øydelegge gleda over og stemninga rundt feiringa av det skeive mangfaldet og alle sigrane som er vunne. Det gjer så godt og er så inderleg fortent ei stakka stund, å få sleppe ned skuldrene og nyte det vi har oppnådd.

SAMTIDIG MÅ VI aldri lene oss tilbake og tru at kampen er over. Det er han så langt ifrå. Difor kan Pride også vere eit ypparleg signal til religiøse fundamenta­listar, islamistar som vil ha dødsstraff for homoseksua­litet og kristne som dømmer oss til evig pine viss vi ikkje lar oss helbrede, at vi aldri meir lar oss kue og undertrykk­e.

Vi kan vise fingeren til nynazistar som har som uttalt mål å knuse «homo lobbyen» (kven no det måtte vere), og fortelje dei at vi ikkje lar oss skremme av ekstremist­iske homohatara­r.

JUNI HAR REGNBOGEFA­RGAR, lys og varme overalt. Lat oss heve våre banner og vise heile verda at vi er modige, stolte, sterke og frie, og at vi ikkje lenger har tenkt å gøyme oss i tronge skap.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? I 1984 deltok Jarl Wåge (72) i sitt fyrste homotog i Oslo. Då hadde nordfjordi­ngen kome ut av skåpet.
FOTO: PRIVAT I 1984 deltok Jarl Wåge (72) i sitt fyrste homotog i Oslo. Då hadde nordfjordi­ngen kome ut av skåpet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway