Bergens Tidende

Koronadate­n

-

Men eg blei vel riven med, trudde at Han skulle redde meg viss eg blei sjuk.

Dessutan tenkte eg at det var så kjedeleg å leve heilt åleine no midt i koronatida. Eg meinte at eg fortente litt kjærleik.

KORONADATE-FYREN HADDE EIT idyllisk sommarhus i Italia. Han sende meg bilete av det før me trefte kvarandre. Som den romantikar­en eg er, fantaserte eg om at der kunne me bli gamle saman. Etter koronatida. Viss me fann tonen, vel å merke.

Eg trefte han på ei sånn datingside for oss litt eldre. Dei unge bruker vel Tinder. Me fekk god kontakt. Etter ein månad med intens flørting på nettet, møtte me kvarandre i verkeleghe­ita. I ei uverkeleg tid. På to meters avstand. Ute i høljeregne­t. dag heime hjå meg. Tenk at eg torde det!

Han hadde med champagne, og me fann tonen. Litt klining, og eg tenkte at no overskrid eg alle koronagren­ser.

HELGA ETTER BLEI eg beden heim til han. Langt ute i havgapet på Sotra. På landet. Men eg tenkte igjen at no, midt i koronatida, fortener eg ein liten ferie og litt kjærleik – sjølv om eg var redd for å bli smitta. Men me hadde jo allereie kyssa. Eller klint litt.

Eg følte meg framleis frisk, så eg slo til. Ut på tur på landet.

HAN BUDDE LANGT frå folk. Nærmast aude. Det var sol og varmt i vêret. Me blei betre kjende. Ja, det kan du trygt seie.

Det viste seg at han eg trudde var redningsma­nnen min, hadde høgreradik­ale meiningar. Alt var jødane si skuld. Koronaen òg.

Massemedia var eigd av jødiske familiar – både her i Noreg og i USA. Holocaust hadde slett ikkje så mange offer som historiebø­kene framstilte det som. Trump var den einaste som snakka sant. Og «verden ville bedras».

Eg prøvde verkeleg å forstå og finne ut meir om bakgrunnen hans. Kva var det som gjorde at han tenkte slik? Eg anstrengde meg til det ytste. Det var ikkje lett, sidan eg er medlem i det minste partiet lengst ute til venstre. gamal, falma italiensk avis på kjøkkenbor­det. Eg snakkar litt italiensk, så eg skjøna at det handla om ei ung jente som var forsvunnen for ei tid tilbake.

«Kvifor har du det liggande?» spurde eg.

« Blei du redd no?» svarte han. Eigentleg var eg ikkje så redd akkurat då – sjølv om eg tenkte på dei svarte skinnhansk­ane hans i bilen. Eg kom meg velberga heim. Og eg blei ikkje smitta.

OG EG SOM

 ?? ILLUSTRASJ­ON: GUSTAV KVAAL ?? Det burde ha ringt ei bjølle då mannen tok på seg svarte skinnhansk­ar og let som han var psyko, skriv innsendare­n.
ILLUSTRASJ­ON: GUSTAV KVAAL Det burde ha ringt ei bjølle då mannen tok på seg svarte skinnhansk­ar og let som han var psyko, skriv innsendare­n.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? Mannen som Elisabeth Irgens (biletet) møtte på internett, var ein heilt annen enn ho trudde.
FOTO: PRIVAT Mannen som Elisabeth Irgens (biletet) møtte på internett, var ein heilt annen enn ho trudde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway