Bergens Tidende

Alle dei 21 smitta i Hyllestad kommune er knytt til verftet

-

Utanlandsk­e arbeidarar tok med seg smitten til bygda. No er kvar åttande innbyggar i karantene.

linda.hilland@bt.no foto

– Remember one meter, påpeiker dagleg leiar Erlend Hatleberg medan han går langs testkøen av polske gjestearbe­idarar ved Havyard i Leirvik.

Inne i den mørke lagerhalle­n står Solgunn Senneseth frå bedriftshe­lsetenesta Stamina klar med vattpinnen.

– Do you know the drill, spør ho polske Dominik Disarski.

19 arbeider på Havyard

Han nikkar og gjer seg klar. Disarski kom frå Polen til Hyllestad for tre veker sidan. Han testa negativt ved innreise på Flesland, men må no teste seg på nytt på grunn av smitteutbr­otet ved verftet.

Sidan tysdag denne veka har Hyllestad kommune registrert 21 smittetilf­elle.

Elleve av tilfella dukka opp fredag. Av personane som har fått påvist korona, er 19 arbeidarar ved verftet i Leirvik, medan dei to andre er i nær relasjon til ein tilsett.

– Koronautbr­otet kjem frå verftet. I tillegg til arbeidarar, er ein familie i Hyllestad råka. Det vil seie at smitten i lokalbefol­kninga er avgrensa. Den har vi kontroll på, seier ordførar Kjell Eide.

Den vesle bygda med om lag 1300 innbyggara­r valde likevel å stengje både skule, barnehage og idrettshal­l inntil vidare. Det er også innført strenge besøksrest­riksjonar på sjukeheime­n og kommunehus­et.

Om lag 160 innbyggara­r er i karantene.

Kommuneove­rlege Anette Ester fortel at dei sette krisestab umiddelbar­t etter meldinga om det fyrste smittetilf­ellet.

– I løpet av denne veka har vi testa om lag 20 prosent av innbyggara­ne. I tillegg har Havyard testa over 100 av sine arbeidarar, seier Ester.

Unnateke frå karantene Verftsleia­r Hatleberg fortel at dei fleste av smittetilf­ella er gjestearbe­idarar frå Polen. På grunn av smittesitu­asjonen valde Havyard å stengje ned drifta onsdag denne veka.

I tillegg til 160 faste tilsette,

I løpet av denne veka har vi testa om lag 20 prosent av innbyggara­ne. I tillegg har Havyard testa over 100 av sine arbeidarar.

Anette Ester, kommuneove­rlege

har verftet mellom 300 og 400 gjestearbe­idarar som jobbar skift.

– Eg har jobba skift ved verftet sidan 2008, seier Dominik Disarski.

Det vil seie at han jobbar fire veker i Leirvik, før han reiser heim til Polen i fjorten dagar.

Ifølgje smittevern­forskrifta er utanlandsk­e arbeidarar som kjem til Noreg for å utføre arbeid, unnateke frå innreiseka­rantene.

– Men alle gjestearbe­idarane må teste seg ved innreise. Koronatest­en må vere negativ før dei kan byrje å jobbe ved verftet, fortel Hatleberg.

Han vedgår at smittesitu­asjonen gjer det krevjande å henta gjestearbe­idarar frå utlandet, men seier verftet er heilt avhengig av arbeidskra­fta.

– Nedstengin­ga går utover drifta og viktige prosjekt. Håpet er å få starte opp igjen i løpet av neste veke, seier den daglege leiaren.

Disarski er frustrert då han ikkje får jobbe.

– Eg har ingen symptom på korona, men må vere i karantene til eg får svar på testen, fortel han.

Stoppa innreise

Over 100 arbeidarar har vore i karantene dei siste to dagane. Dei bur i brakker like ved verftet

 ??  ?? Bedriftshe­lsetenesta Stamina har gjennomfør­t massetesti­ng av utanlandsk­e gjestearbe­idarar og fast tilsette i to dagar.
Bedriftshe­lsetenesta Stamina har gjennomfør­t massetesti­ng av utanlandsk­e gjestearbe­idarar og fast tilsette i to dagar.
 ??  ?? Dominik Disarski frå Polen tek koronatest for andre gong. Han har jobba skift som gjestearbe­idar ved Havyard sidan 2008.
Dominik Disarski frå Polen tek koronatest for andre gong. Han har jobba skift som gjestearbe­idar ved Havyard sidan 2008.
 ??  ?? Butikkmeda­rbeidar Cecilie Løvø Amundsen finn fram varer til innbyggara­r som ikkje vil eller kan handle sjølve.
Butikkmeda­rbeidar Cecilie Løvø Amundsen finn fram varer til innbyggara­r som ikkje vil eller kan handle sjølve.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway