Bergens Tidende

Dette kan Trumps koronasmit­te bety for presidentv­alet

-

morten.myksvoll@bt.no.

Kommentato­r Morten Myksvoll følgjer presidentv­alet i USA. Les fleire av hans kommentara­r på

DONALD TRUMP HAR testa positivt for koronaviru­set. Det betyr at han kan ha vore smittebera­nde då han møtte Joe Biden til debatt på tysdag.

Båe to er i risikogrup­pa grunna alder.

NO SKAL TRUMP i karantene i ti dagar, ifølgje seg sjølv. Den skal han gjennomfør­e i Det kvite hus, medan han er på jobb. Reglane tilseier at smitta personar skal i isolasjon.

Det kan få konsekvens­ar for den neste presidentd­ebatten, som skal gå like etter Trumps isolasjon skal vere over, 15. oktober.

Med 32 dagar igjen til valet, er det uklart korleis denne nyheita vil påverke veljarane.

VELJARANE ER OVERVELDAN­DE negative til Trumps handtering av koronaviru­set. Men han har redusert gapet noko dei siste månadane.

Smitten kan sjølvsagt utløyse noko sympati for Trump. Om han forblir asymptomat­isk, vil han truleg halde fram med å bagatellis­ere viruset.

TRUMP HAR GJENNOM heile koronapand­emien tona ned faren, og han har gong på gong arrangert møter som bryt med råda for sosial distanseri­ng.

Alt som får media til å skrive om dei meir enn 200.000 amerikanar­ane som har døydd av koronaviru­set til no, kan skade Trump.

DET ER UMOGELEG å vite om Trump har smitta andre.

Trump nektar nemleg media tilgang til besøkslogg­ane i Det kvite hus.

Det kvite hus har derimot stadfesta at Trump sist møtte Amy Coney Barrett på laurdag.

Fram til ho vert testa, kan nyheita om Trumps smitte skape uvisse kring hennar nominasjon til Høgsterett.

BARRETT HAR MØTT fleire framståand­e senatorar den siste veka – og mange av dei er òg gamle nok til å vere i risikogrup­pa.

Ho skal truleg møte endå fleire senatorar før høyringa 12. oktober.

Blir høyringa utsett, er det ikkje gitt at republikan­arane rekk å stadfeste henne før valdagen 3. november.

DEI KAN FRAMLEIS gjere det før Senatets sesjon er over 3. januar, men det vil sjåast på som illegitimt av mange dersom demokratan­e endar opp med fleirtal i det neste Senatet.

 ?? FOTO: SUSAN WALSH, AP / NTB ?? Trumps nominerte til Høgsterett, Amy Coney Barrett (t.v.), møtte Senatets leiar Mitch McConnell tysdag.
FOTO: SUSAN WALSH, AP / NTB Trumps nominerte til Høgsterett, Amy Coney Barrett (t.v.), møtte Senatets leiar Mitch McConnell tysdag.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway