Bergens Tidende

Hentar angrepsspe­lar frå Åsane

-

Kristoffer Stava (21) vert henta til Øygarden for å bidra i nedrykksst­riden.

oystein.vik@bt.no Øygarden FK hentar Åsane-spelaren Kristoffer Stava på lån ut sesongen. 21-åringen har spelt 15 kampar, men ikkje scora for Åsane så langt i år. No skal angrepsspe­laren bidra i nedrykkska­mpen Mons Ivar Mjelde og Øygarden står i.

– Målet er å vera i Øygarden og utvikla meg, og bidra til at dei bergar plassen i divisjonen, seier Stava.

Han ser no fram til tolv veldig spennande kampar der det står om å overleva i Obosligaen.

– Då sjansen til å spela for Øygarden dukka opp, synest eg det verka veldig spennande, seier åkrabuen.

Øygarden ligg nest sist i Obosligaen, men det er veldig kort veg oppover på tabellen. Det som trengst er sjølvsagt å vinna nokre kampar.

Åsane, derimot, er med i toppkampen. Stava fekk etter kvart mindre speletid i Åsane, og håpar no han skal få mykje tillit hos Mons Ivar Mjelde.

– Eg trur Øygarden har eit lag som er meir enn godt nok til å unngå nedrykk, seier Stava.

Øygarden har mista fleire viktige spelarar den siste månaden. Forsvarssp­elaren Andreas van der Spa er seld til Sogndal.

Spissane som sto for dei fleste måla i klubben, Jan Martin Hoel Andersen og Peter Godly Michael, har forsvunne til høvesvis Kongsvinge­r og Sogndal.

Van der Spa er erstatta av Kevin Jablinski, som er kome inn frå Sandnes Ulf.

Med Stava på plass, er arbeidet med å styrkja laget offensivt kome eit steg vidare. Men Øygarden håpar framleis på å få inn ein spiss før overgangsv­indauget lukkar måndag.

Om ikkje det går, har Øygarden Aune Heggebø i stallen. Den innleigde spissen frå Brann har scora seks mål.

I tillegg er Bjarte Haugsdal ein nøkkelspel­ar i klubben. Kapteinen kan nyttast som spiss om det trengst.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? Kristoffer Stava vert sett på ein talentfull angrepsspe­lar. No går han til Øygarden.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK Kristoffer Stava vert sett på ein talentfull angrepsspe­lar. No går han til Øygarden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway