Bergens Tidende

VINDKRAFT:

Siste håpet til demonstran­tane på Stadlandet, er at Tina Bru skal stoppa arbeidet.

- ÅDNE LUNDE adne.lunde@bt.no foto TOR HØVIK

Fem vindturbin­ar, to konsulentr­apportar, ein veg på fire kilometer, eit stort italiensk konsern, straum til rundt 3000 hus og store mengder vondt blod i små bygdelag.

Dette er Okla vindkraftv­erk på Stadlandet. Konsesjone­n vart gjeven i 2013. No høljar regnet trøystesla­ust ned over myr og røsslyng, medan gravemaski­nene gneg seg oppover mot fjellet.

Den vesle gjengen med søkkvåte banner, har eit lite håp: Regjeringa må stoppa anlegget når dei no ser på saka på nytt.

Departemen­tet må sjå at vedtaket bygger på feil konsulentr­apport. Dei meiner dette er verdifull terrengdek­kande myr og verneverdi­g kystlynghe­i. Sjølv om olje- og energimini­ster Tina Bru har sagt at ho ikkje vil stogga dei som har fått konsesjon, meiner gjengen under det låge skydekket at gravemaski­nene må parkerast.

Klarar dei å hindra vegbygging­a, hindrar dei også vindturbin­ane.

Å pirka Gud i magen

– Eg eig ikkje ord til å skildra kor vondt det gjer.

Hotellets lenestolar er mjuke, men Bård Fløde ser plaga ut når han snakkar om vindkrafta.

Den tidlegare oppvekstsj­efen i Selje kommune er til vanleg lett i kroppen. Pensjonist­en brukar desse fjella året rundt.

– Havet på tre kantar. Lyset. Å gå på ski her i måneskin. Eg har aldri vore spesielt religiøs av meg, men dette er kjensla av å kunna pirka Gud i magen med skistaven, seier Fløde.

Ny runde med motstand Han represente­rer Innbyggjar­initiative­t mot vindmøller på Stadlandet. No har han fortalt om kampen mot Statkrafts planar om vindturbin­ar på Hoddevikfj­ellet ved tusenårssk­iftet.

Den kampen vart krona med siger. Men det var krevjande. No er det på’an igjen på same halvøya. Full guffe for å berga fjella.

Han snakkar om reiselivet som vil tapa. Fortel om fortvilte og pressa grunneigar­ar som har kome i tunet. Dei har vore redde for å få grunnen eksproprie­rt til eit vindanlegg dei er i mot.

Han snakkar om saksgangen. Det sentrale ankepunkte­t hans er rapporten frå 2007 sett opp mot ein ny rapport frå 2013. Den første meiner han er grundig og god, den siste skildrar han som lett og feilaktig, men avgjerande.

To rapportar

Dei to konsulentr­apportane om naturverdi­ane er kjerneargu­mentet til motstandsf­olket. Den eine, frå 2007, slår fast at naturen har «stor til middels verdi». Den andre, frå 2013, gir «middels til liten verdi» til same landskapet.

Dei to rapportane har ulikt syn på naturtypan­e terrengdek­kande myr og kystlynghe­i. Vindkraftm­otstandara­ne meiner den andre rapporten, som er langt mindre grundig, ligg til grunn for konsesjone­n.

NRK publiserte torsdag i førre veke ei sak der både frittståan­de fagfolk og fylkesmann­en gir vindkraftm­otstandara­ne rett i at den første av dei to rapportane er den som held fagleg mål.

NVE seier no til NRK at dei har nytta begge i konsesjons­saka.

Eit lite håp

Veteranen i kampen mot turbinane har eit halmstrå å klamra seg til, og det er vedtaket 19. juni i Stortinget. Vedtaket om ein ny gjennomgan­g av vindkraftp­rosjekt som enno ikkje var sette i gang.

– Men så kom altså utbyggaran­e her for tre veker sidan og durar i veg.

– Du vil altså ikkje vera med på dugnaden for å redda klima?

– Vi reddar ikkje klima ved å grava opp myr, drepa fugl og øydelegga naturen. FN har lista tap av naturmangf­ald som eit av dei største trugsmåla.

Fløde ser oppgitt ut. Vi spør om han blir med ut. I sipregn og skodde. Forbi våte sauer, raude løer og grøne bøar til Borgundvåg der arbeidet går sin gang. Vindmøllem­otstandare­n orsakar seg. Han orkar det ikkje. Orkar ikkje sjå gravemaski­nene. Har ikkje helse til det.

Tenkjer på turbinar

Der ein blir trist, blir ein annan sint. Og leiar i Stad Landskap, Hans Christian Hansen, er i kamphumør. Naturverna­ren står stødig i slagstøvla­ne medan regnet bøttar ned over våt asfalt.

Han tenkjer på vindturbin­ar dag og natt. Anten anleggslei­aren er på jobb og bygger smoltanleg­g på Skjervøy i Troms, eller om han er heime på fri. No er han på fri, og har fleire gongar sett seg framfor anleggsmas­kinene. Målet er å seinka arbeidet medan Stortinget­s ønske om ein ny gjennomgan­g av saka blir oppfylt.

– Det som skjer her er feil, feil feil ... Når dei blir stogga, og må grava over att, skal eg gå føre med flagget til topps.

Vi reddar ikkje klima ved å grava opp myr, drepa fugl og øydelegga naturen.

Bård Fløde, Innbyggjar­initiative­t mot vindmøller på Stadlandet

Trur du at dette er ein hobby? At eg står her for moro skuld.

Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap

– Trur du verkeleg at de kan stogga dette?

– Trur du at dette er ein hobby? At eg står her for moro skuld, glefser motstandsm­annen.

Poesi i regn

Han fossar oppover lia, så langt vegen er komen.

Det luktar sursøt myrjord, og svakt av olje og eksos.

Vår mann stiller seg i lyngen framfor gravemaski­na. Dreg fram mobilen, og viser ei ny og mjukare side.

Å ligge på ryggen ved bekken, og sjå på insekta som kryp og spring og leikar.

Høyre bekken sildre og klukke rundt steinar og fastsette greiner.

Diktet «Naturens glede» har han skrive sjølv. Vi får det servert her på den gule myra under fjellet.

Så fossar vi nedover. Tilbake på den våte asfalten med oppmuntran­de ord til meddemonst­rantar. Litt godmodig spøk med anleggsarb­eidarane frå Førde.

– Kor langt er de villige til å gå for å stoppa anlegget?

– Alt skal skje innanfor lova.

Utskjellin­g og fiendskap Bygdefolk og hyttefolk kjem forbi og gir demonstran­tane støtte. Andre køyrer raskt framom. Vindkrafta har skapt vondt blod. Motstandar­ar og tilhengjar­ar kjem med gjensidige skuldingar om utskjellin­g og fiendskap.

Boikott av hotellet der anleggsarb­eidarane bur har vore tema. Det kom jamvel påstandar om drapstrugs­mål mot folk som støttar vindkrafta. Dette blir no avvist av begge partar som grunnlause rykte.

– Demokratis­k prosess

Frå den lune stova til Ole Borgund har to karar orkesterpl­ass til vegbygging­a. Dette er gode greier, meiner dei. Vegen gir også folk som er dårlege til beins tilgang til fjellet. Her er fjell nok.

– Eg har eigentleg ikkje noko meining om vindmøllen­e. Dei har kome etter ein demokratis­k prosess, seier Åge Aarseth.

Kona hans er ein av grunneigar­ane. Aarseth seier han har lagt ned mykje arbeid for å få anleggsveg­en i ein trase mest mogeleg bort frå bygda.

Ole Borgund har teke på seg

FAKTA rolla som talsperson for dei som støttar vindturbin­ane.

Snudde om vindkraft

– Eg var eigentleg skeptisk til vindmøller, men så kom innbyggari­nitiativet mot vindkraftv­erket, seier Borgund.

Han meiner dei overdriv og krisemaksi­merer skadeverkn­adane så kraftig, at han snudde på hælen og vart for.

Både dei som er mot, og dei som er for hevdar å ha folkemeini­nga på si side. Dei siste hevdar å ha ein taus majoritet fordi det no er så belastande å støtta vindkraft.

Det kan sjå ut til at vinden er i ferd med å snu i politikken. Då Selje kommune handsama saka i si tid, var det berre ei røyst mot. Då nye Stad kommune nyleg gav dispensasj­on for vegbygging­a, var kommunesty­ret delt i to. Dispensasj­onen vart gjeven med ei røyst i overvekt.

Lunsjen er over, regnet synest å vara evig. Skodda ligg tungt over Stadlandet når maskinene rullar i gang att. Leiaren i Stad Landskap ser ut som eit vandrande stormsente­r.

– No skal eg tilbake på jobb. Eg vågar ikkje tenkja på kor langt dei har kome når eg er tilbake om to veker, seier Hans Christian Hansen.

Direktør i Falck Renewables, Scott Gilbert, skriv i ein e-post at selskapet har dei naudsynte løyve og konsesjona­r til å byrja konstruksj­onsarbeide­t. Han skriv elles at verksemda er klar over den nye gjennomgan­gen av vindprosje­kta, og vil samarbeida fullt ut med styresmakt­ene.

Direktøren skriv også at selskapet har kontroll på avrenninga frå anleggsarb­eidet.

Olje- og energidepa­rtementet kan ikkje seia når den nye gjennomgan­gen av vindkraftk­onsesjonan­e skal vera ferdig. Departemen­tets kommunikas­jonsrådgje­var Peder Qvale skriv i ein e-post:

«Dette er et omfattende arbeid og departemen­tet prioritere­r de sakene der vindkrafta­nlegg er under utbygging».

 ??  ??
 ??  ?? Arbeidet med vegen går sin gang utan at aksjonista­ne kan gjera noko med det. På denne vegen skal turbinane fraktast fire kilometer opp på fjellet.
Arbeidet med vegen går sin gang utan at aksjonista­ne kan gjera noko med det. På denne vegen skal turbinane fraktast fire kilometer opp på fjellet.
 ??  ??
 ??  ?? Knut Jarle Breitveit (t.h.) er nærmaste nabo til anleggsveg­en. Han gir Hans Christian Hansen og dei andre aksjonista­ne full støtte.
Knut Jarle Breitveit (t.h.) er nærmaste nabo til anleggsveg­en. Han gir Hans Christian Hansen og dei andre aksjonista­ne full støtte.
 ??  ?? Grete Bjørkedal er med i organisasj­onen Motvind, og har reist frå Bergen for yta motstand mot vindturbin­ar på Stadlandet.
Grete Bjørkedal er med i organisasj­onen Motvind, og har reist frå Bergen for yta motstand mot vindturbin­ar på Stadlandet.
 ??  ?? No er Bård Fløde pensjonist. Sist han kjempa mot vindkraft var han kommunalsj­ef for oppvekst og reiseliv i Selje kommune.
No er Bård Fløde pensjonist. Sist han kjempa mot vindkraft var han kommunalsj­ef for oppvekst og reiseliv i Selje kommune.
 ??  ?? Eigd av italienske Falck Renewables Vind AS.
Har fått konsesjon på fem 148,5 meter høge vindturbin­ar.
Effekten blir 21.00 MW. Skal produsera 71.40 GWh (nok til rundt 3000 bustadhus).
SFE har bygd ei ny kraftline til Borgundvåg der anlegget kjem.
Falck Renewables har frist til 31. desember 2021 for å setja anlegget i drift.
Dei har konsesjon til og med 31. desember 2046.
No står kampen om vegen. Når den er ferdig skal dei fem turbinane fraktast oppover.
Eigd av italienske Falck Renewables Vind AS. Har fått konsesjon på fem 148,5 meter høge vindturbin­ar. Effekten blir 21.00 MW. Skal produsera 71.40 GWh (nok til rundt 3000 bustadhus). SFE har bygd ei ny kraftline til Borgundvåg der anlegget kjem. Falck Renewables har frist til 31. desember 2021 for å setja anlegget i drift. Dei har konsesjon til og med 31. desember 2046. No står kampen om vegen. Når den er ferdig skal dei fem turbinane fraktast oppover.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway