Trump ri­si­ke­rer alt for å vin­ne va­let

Bergens Tidende - - UTLAND -

mor­ten.myks­voll@bt.no.

Kom­men­ta­tor Mor­ten Myks­voll føl­gjer pre­si­dent­va­let i USA. Les flei­re av hans kom­men­ta­rar på

IN­GEN­TING TY­DER PÅ at Do­nald Trump får eit opp­sving på må­lin­ga­ne etter at han vart inn­lagt på sjuke­hus grun­na ko­rona­vi­ru­set. I ei Reu­ters-må­ling sva­ra 67 pro­sent at Trump tru­leg ikkje vil­le blitt smit­ta, om han tok vi­ru­set meir al­vor­leg.

AND­RE MÅLINGAR VI­SER at vel­ja­ra­ne har låg til­lit til at folk får vite san­nin­ga om Trumps sjuk­dom.

Me veit der­imot lite om smit­ten fø­rer til at flei­re el­ler fær­re vil stem­me på Trump.

Til det har det gått for kort tid si­dan smit­ten vart kjent fre­dag.

DET BE­TYR ÒG at han er tid­leg i sjuk­doms­for­lø­pet. Mil­de til­fel­le av ko­ro­nasym­ptom kan vare i 1–2 ve­ker.

Meir mo­de­ra­te for­løp går frå mil­de sym­ptom til lunge­sjuk­dom, hø­ga­re fe­ber og meir al­vor­leg hos­te i lø­pet av 4–7 da­gar.

Trump har alle­reie opp­levd tung pust, fe­ber, hos­te og plut­se­le­ge dropp i ok­sy­gen­met­tin­ga.

Trump har li­ke­vel blitt skri­ven ut frå Wal­ter Re­ed­sjuke­hu­set, og er no til­ba­ke i Det kvi­te hus – som fram­leis opp­le­ver smitte­sprei­ing.

DET FØRS­TE TRUMP gjor­de var å fjer­ne mas­ka for å po­se­re for fo­to­gra­fa­ne.

Blir val­re­sul­ta­tet slik må­lin­ga­ne står no, vil­le Bi­den vun­ne sjølv om ber­re dei del­sta­ta­ne han le­der med meir enn fem pro­sent­po­eng blei talt. Bi­den kla­rer seg alt­så utan alle dei usik­re del­sta­ta­ne.

Trumps dår­le­ge målingar kan tyde på at re­tu­ren til Det kvi­te hus hand­lar meir om val­kamp­tak­tikk enn medi­sins­ke vur­de­rin­gar. Bi­den har nem­leg gått fram på dei fles­te del­stats­må­lin­ga­ne etter de­bat­ten i før­re veke.

På mo­del­len til Fi­vethir­tyeight, er det små end­rin­gar si­dan sist. Med ber­re fire ve­ker til va­let, er det uro­vek­kan­de for Trump.

For kvar dag som går utan at Trump vi­ser teikn til å ta inn­på, au­kar Bi­dens vin­nar­sjan­sar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.