Bergens Tidende

Trump spelte vekk sitt eige trumfkort

- MORTEN MYKSVOLL morten.myksvoll@bt.no.

DONALD TRUMP HAR stort sett hatt to overtak på Joe Biden på målingane: Veljarane meiner at Trump har ei betre forståing av vanlege folks liv, og dei trur meir på Trump enn Biden når det kjem til å handtere økonomien.

I mai meinte 54 prosent av veljarane at Trump var best for økonomien, mot 42 for Biden.

No er det forsprange­t vekke.

DET KJEM SAMTIDIG som Biden har fleire nasjonale målingar med ei tosifra leiing.

Då er det overraskan­de at Trump gjer det endå verre for seg sjølv.

Tysdag annonserte Trump at han bad sine folk i Kongressen om å avslutte forhandlin­gane om ei koronakris­epakke.

Det er eit eksepsjone­lt dårleg politisk handverk.

TRUMP HAR NOK RETT i at demokratan­e har fylt på med i overkant mange tiltak.

Demokratan­e vil at krisepakka skal vere på 2,4 trillionar dollar. Republikan­aranes tilbod er på 1,3 trillionar.

Trumps nei er ein tabbe på fleire måtar:

AMERIKANSK­E VELJARAR meiner – med overveldan­de fleirtal – at det er behov for nye krisepakke­r.

Sentralban­ksjefen meiner at det er vanskeleg å overdrive pengebruke­n i denne krisa.

Trump ville truleg tent på ei ny krisepakke, sjølv om demokratan­e fekk stort gjennomsla­g.

Det kan tyde på at Trump faktisk ikkje er så flink til å drive med politikk – i det minste i motgang.

Trump snur ryggen til hver eneste arbeider hvis jobb ikke er kommet tilbake. Han snur ryggen til familier som strever med å betale leien, få mat på bordet, ta vare på barna.

Joe Biden om at Donald Trump stanset forhandlin­gene om ny krisepakke

 ?? FOTO: ERIN SCOTT / REUTERS / NTB ?? Donald Trump tilbake i Det kvite hus måndag.
FOTO: ERIN SCOTT / REUTERS / NTB Donald Trump tilbake i Det kvite hus måndag.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway