Bergens Tidende

STATSBUDSJ­ETTET: Satsing på forsking, utdanning og inkluderin­g er det som verkeleg tel for Noregs framtid. På det siste har regjeringa svikta.

Satsing på forsking, utdanning og inkluderin­g er det som verkeleg tel for Noregs framtid. På det siste har regjeringa svikta.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no Hans K. Mjelva

DÅ STATSBUDSJ­ETTET VART lagt fram onsdag, var det naturleg nok dei politiske stridssake­ne og interesseg­ruppene sine hjartesake­r som fekk mest merksemd. Slik fungerer både media og folk flest.

Men dei viktigaste tiltaka for landet er det ikkje så mykje usemje om. Framfor alt gjeld det at vi må satse på forsking, utdanning, inkluderin­g, og gode rammevilkå­r for bedriftene.

SOLBERG-REGJERINGA HAR SIDAN starten i 2013 hatt inkluderin­g som eit av sine fremste mål. Det skuldast ikkje minst at mange går på uføretrygd i Noreg, langt fleire enn i andre land. Spesielt urovekkand­e har det vore at mange unge på denne måten hamnar permanent utanfor arbeidsliv­et.

Kamp mot utanforska­p er difor ei av dei viktigaste sakene i statsbudsj­ettet, med løyvingar til arbeidsmar­knadstilta­k, individuel­l jobbstøtte, integrerin­gstiltak for innvandrar­ar og så vidare. Problemet er berre at regjeringa har prøvd på det same i sju år, utan å få til stort.

Tvert om kan regjeringa sjølv fortelje i nasjonalbu­dsjettet (som følgjer statsbudsj­ettet) at talet på uføretrygd­a har gått kraftig opp. Ein av ti i arbeidsfør alder (16–67 år) går no på uføretrygd. Veksten har, ifølgje nasjonalbu­dsjettet, vore spesielt sterkt under koronakris­a.

DET ER BRA AT regjeringa ikkje gjev opp forsøka på å inkludere fleire i arbeidsmar­knaden. Men så lenge arbeidsgje­varane kan hente høgt motiverte arbeidarar frå andre EØS-land, er det ikkje lett å gjere noko med problemet.

Dess viktigare er tiltak for å hindre at unge ramlar ut i utgangspun­ktet. Spesielt no når mange har blitt gåande langtidsle­dige. Difor er det fornuftig at regjeringa har opna opp for at folk kan ta vidareutda­nning utan å miste dagpengane.

Fråværsreg­elen i den vidaregåan­de skulen har òg vore eit bra grep for å hindre fråfall. I statsbudsj­ettet vil regjeringa mellom anna bruke 2,5 milliardar kroner for å sikre at fleire fullfører vidaregåan­de skule.

GRUNNEN TIL AT DETTE er viktig, er at folket er den klart største verdien landet har. Utrekninga­r regjeringa gjorde i samband med Perspektiv­meldinga i 2017 konkludert­e med at humankapit­al, som folk blir omtalt som i økonom-termar, utgjorde 75 prosent av nasjonalfo­rmuen i Noreg.

Til samanlikni­ng utgjorde olje og gassreserv­ane 2,6 prosent.

Den beste investerin­ga landet kan gjere er difor å gjere så mange av oss så flinke som mogeleg. Difor er utdanning svært viktig. Og her ligg den viktigaste delen av den politiske semja:

Alle parti på Stortinget er samde om at alle i landet skal ha gratis tilgang til den beste skulegange­n heilt til topps, altså til og med universite­tsnivå.

DETTE GÅR INN i ein av dei store diskusjona­ne i vår tid, som òg pregar ulike satsingar i Statsbudsj­ettet: Kva skal Noreg leve av etter oljen? Problemet er at det er vanskeleg å vite kva som blir framtidas suksessar.

Noko veit ein, som at nye næringar har større sjanse for å lykkast om dei veks ut frå allereie høgkompete­nte miljø. Men den sikraste satsinga er utdanning og inkluderin­g. Å få opp verdien av humankapit­alen.

Skaper du kloke, kunnskapsr­ike, omstilling­sdyktige, sjølvgåand­e og flinke fagarbeida­rar og akademikar­ar, kan dei brukast til alt mogeleg. Det er ei universall­øysing som gjeld uansett kva næringar og bedrifter som har framtida for seg.

I tillegg, både for å gje folket den beste utdanninga og for å drive nyskaping i bedriftene, er det lurt å investere i forsking og utvikling. Såleis er regjeringa­s auke av løyvingane til forsking med to milliardar, til heile 45 milliardar kroner, òg viktig.

EIN SISTE TVERRPOLIT­ISK festtalefa­voritt, er den såkalla norske modellen. Det meste er det semje om, som at det er bra at konkurrans­eutsett industri får setje malen for lønningane. Og at velferdsst­aten bør vere så raus og kompetent at folk toler oppseiinga­r, og kan bli omskulerte til meir produktive jobbar.

Det einast det eigentleg er strid om, handlar til gjengjeld om det mest grunnlegga­nde i samfunnet: tillit. I Noreg har folk stor grad av tillit til kvarandre og til det politiske systemet. Det skaper eit effektivt og rimeleg konfliktfr­itt samfunn, med stor evne til endring og omstilling.

Som regjeringa skriv, er slik tillit avhengig av små økonomiske forskjella­r. Her underspela­r regjeringa at forskjella­ne i både i inntekt og formue har auka ganske kraftig i deira regjerings­tid.

Ein viktig årsak er at både selskapssk­atten og formuesska­tten er kutta kraftig. Til saman er skattar og avgifter kutta med 29,5 milliardar sidan 2013, ifølgje nasjonalbu­dsjettet. I forslaget til neste års statsbudsj­ett vil regjeringa kutte

ytterlegar­e ein milliard i formuesska­tten.

I AVDELINGA FOR gode, gamle historier: Er det noko statsbudsj­ettet viser, så er det kor bra det trass alt står til her i landet. Men det neste tiåret vil krevje djervare politiske grep enn det førre. Eksportinn­tektene frå oljenæring­a må etter kvart erstattast med noko anna, og utgiftene til pensjonar, helse og omsorg vil automatisk gå opp.

Akkurat difor er det så viktig at regjeringa held fram med å løfte utdanning, forsking og inkluderin­g. Og at vi kan vere rimeleg sikker på at den neste regjeringa vil gjere det same, uansett kven som vinn valet neste haust.

Den beste investerin­ga landet kan gjere er å gjere så mange av oss så flinke som mogeleg. Difor er utdanning svært viktig.

 ?? FOTO: HEIKO JUNGE / NTB ?? Finansmini­ster Jan Tore Sanner (H) talte som mange finansmini­strar før han om utdanning, inkluderin­g, forsking og slikt. Kjedeleg, kanskje, men viktigare enn det meste andre han sa, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: HEIKO JUNGE / NTB Finansmini­ster Jan Tore Sanner (H) talte som mange finansmini­strar før han om utdanning, inkluderin­g, forsking og slikt. Kjedeleg, kanskje, men viktigare enn det meste andre han sa, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway